Kjelder til NRK: Rotevatn og Raja manglar full støtte i sine eigne fylkeslag

Leiarkampen i Venstre strammar seg til. Men medan mange i partiet no har peika på både Sveinung Rotevatn og Abid Raja som partiets nye leiar, manglar dei begge full støtte i sine eigne fylkeslag.

Sveinung Rotevatn i debatten

IKKJE PEIKA UT SOM NUMMER EIN: Sveinung Rotevatn er ein av fleire som blir spelt inn som kandidat til leiinga i Venstre frå fylkeslaget i Sogn og Fjordane.

Foto: NRK

I april skal Venstre ha landsmøte, og etter eit dårleg lokalval er spørsmålet om noko skal skje med leiinga av partiet.

No opplyser Trine Skei Grande til NRK at ho har gitt beskjed til valnemnda i partiet at ho ønskjer å halde fram som leiar, og heile det sitjande sentralstyret i Venstre, inkludert nestleiarane Terje Breivik og Ola Elvestuen, stiller seg og til disposisjon.

Likevel er det mange i partiet som peikar på andre enn Grande som partileiar. Både Sveinung Rotevatn og Abid Raja blir trekt fram av fleire som kandidatar til leiarvervet.

Også stortingsrepresentant Guri Melby og Stad-ordførar Alfred Bjørlo blir peikt på som folk som høyrer heime i leiinga av partiet.

Fornying, fornying, fornying

Ved midnatt søndag har alle lokallag, fylkeslag og medlemmar i Venstre frist på seg til å sende inn forslag til kven som bør vere ein del av partileiinga.

– Vi har fått 1000 innspel frå medlemmar i Venstre, seier leiar i valkomiteen Per A. Torbjørnsen.

Det er ei raud tråd i innspela: – Fornying, fornying, fornying, seier Torbjørnsen.

Han trur at diskusjonen ikkje berre vil vere om Trine Skei Grande, men også om dei to nesteledarane Ola Elvestuen og Terje Breivik.

Sogn og Fjordane samlar seg ikkje om Rotevatn

NRK har dei siste dagane vore i kontakt med ei rekkje kjelder i dei ulike fylkeslaga i Venstre.

NRK får opplyst av fleire kjelder i Sveinung Rotevatn sitt fylkeslag Sogn og Fjordane Venstre, at dei har samla seg om ein «flat» tilråding til valnemnda i partiet.

Dei spelar inn Sveinung Rotevatn som eitt av namna som bør inn i leiartrioen til partiet, men dei peikar ikkje på han som deira kandidat til å ta over som leiar. Han står der tvert om side om side med fleire andre namn.

Slik er det derimot ikkje i Unge Venstre, Venstrekvinnelaget, Liberale Studenter og Bergen Venstre. Der kjem ein med ei klar tilråding om at Sveinung Rotevatn bør bli den neste partileiaren.

VG melde tidlegare denne helga at både Hordaland Venstre og Troms og Finnmark Venstre trekkjer fram Abid Raja som ein som bør inn i leiinga av partiet, medan dei ikkje nemner Trine Skei Grande i det heile.

Viken samlar seg ikkje om Raja

I Viken Venstre teiknar det seg noko av det same biletet som for Rotevatn i Sogn og Fjordane, nemleg at Raja ikkje er eit klart fyrsteval i sitt eige fylkeslag.

Han er ein av kandidatane som blir spelt inn, men NRK kjenner til at også Viken leverer eit «flatt» forslag, utan å peike på ein person som bør bli partileiar.

Korkje Rotevatn og Raja ønskjer å kommentere innspela som kjem frå fylkeslaga deira, men vil gje sitt svar til valnemnda i Venstre.

Leiar i valnemnda Per Thorbjørnsen seier til NRK søndag ettermiddag at signalet frå venstrefolket så langt er tydeleg.

– Tendensen i innspela så langt er fornying, seier han.

Han nemner ikkje kva eller kven som bør bli fornya.

SISTE NYTT

Siste meldinger