Hopp til innhold

Fleire Venstre-grupper vil kaste Grande – partileiaren gir ikkje opp

Sveinung Rotevatn må bli partileiar, og Abid Raja skal ikkje sitje i partileiinga. Det er bodskapen til Unge Venstre når ungdomspartiet leverer sitt bidrag til valnemnda i partiet denne veka. Også styret i Venstrekvinnelaget og Liberale studentar støttar forslaget.

Sveinung Rotevatn

ØNSKA SOM LEIAR: ungdomspartiet Unge Venstre ønskjer Sveinung Rotevatn som partileiar i Venstre.

Foto: Bård Siem / NRK

– Vi ønskjer Sveinung Rotevatn som partileiar, og Guri Melby som første nestleiar, seier Kjersti Konstanse Løfors, nestleiar i Unge Venstre.

Det er eit samla landsstyre i Unge Venstre som har vorte samde om kva dei skal spele inn til valnemnda, og ungdomspartiet har allereie sendt inn sitt forslag til endringar i partileiinga.

Venstre gjorde eit dårleg lokalval med ein oppslutnad på 3,9 prosent, og sidan den gong har det vore spekulert mykje i om det skal gjerast endringar i leiinga av partiet eller ikkje.

Også styret i Venstrekvinnelaget og Liberale studentar støtter forslaget til Unge Venstre.

Trine Skei Grande seier til NRK i kveld at ho er den rette til å leie partiet også framover, og at ho er klar til å gå på ein ny periode som leiar.

– Står du fast på at du vil fortsette som partileiar til våren?

– Slike debattar høyrer heime i valkomiteen. Eg har sagt det eg ynskjer å seie. Resten seier eg til valkomiteen.

– Det er mange rundar på dette?

– Ja, i Venstre er vi gode på ta debattar i det offentlege.

Vil ikkje ha Raja

– Vi meiner at vi treng ei ny retning for partiet, og Sveinung Rotevatn og Guri Melby har vore veldig tydelege på både klimaspørsmål og på saker knytt til ein human innvandringspolitikk, seier Løfors.

Førre veke sa lokallagsleiarane i dei fem beste Venstre-kommunane ved valet at dei ville ha Abid Raja som ein av dei tre i den øvste partileiinga. Det er ikkje Unge Venstre samde i.

– Abid Raja er ein god politikar, men vi meiner at det er Sveinung Rotevatn og Guri Melby som bør inn i partileiinga, seier Løfors.

Hvordan har oppslutningen til Venstre endret seg?

Grafen viser Vs oppslutning på landsbasis fra de siste kommunevalgene og for 2019.

10 %5 %0 %1999200320072011201520194.4%3.8%5.9%6.3%5.5%3.88861%3,9 %

Ho legg til at Unge Venstre trur at Sveinung Rotevatn vil vere ein kandidat som kan samle heile partiet, samstundes som partiet kan få ei ny retning.

Også Venstrekvinnelaget og Liberale studentar meiner Sveinung Rotevatn bør overta for Trine Skei Grande som partileiar. Dei støttar også forslaget om Guri Melby som 1. nestleiar.

Sveinung Rotevatn sjølv vil ikkje kommentere utspelet frå Unge Venstre og Venstrekvinnene, men seier at han vil gi valkomiteen om sitt syn innan førstkomande søndag.

– Trenger partiet ei ny retning?

– Eg meiner vi etter eit dårleg val sjølvsagt er nøydd til å sjå på politikken vår. Er den attraktiv nok? Om svaret er nei, så må vi sjølvsagt fornye oss.

Konstanse Løfors

ØNSKJER SVEINUNG: Konstanse Løfors er nestleiar i Unge Venstre. Heile organisasjonen stiller seg bak innspelet, men leiar Sondre Hansmark sit i valnemnda, og ønskjer difor ikkje å kommentere saka. h

Foto: Oda Scheel / Oda Scheel

Raja: – Vi har allereie ein leiar

Abid Raja er i dag stortingsrepresentant, men sit ikkje i partiet sitt sentralstyre. Fleire i partiet har altså teke til ordet for at han er riktig mann til å leie partiet i framtida.

Slik reagerer Raja på at det blir peika på Sveinung Rotevatn som ein god kandidat til å bli partileiar:

– Vi i Venstre har ein leiar, og det er Trine Skei Grande. Dersom ho ønskjer å halde fram som leiar, så støttar eg henne i det. Elles tilrår eg folk å seie det dei meiner til valnemnda, og ikkje ta det i media, seier Raja.

Melby: – Hyggjeleg å bli foreslått som nestleiar

Guri Melby tykkjer at det er hyggjeleg at Unge Venstre vil ha ho som nestleiar i partiet.

– Det tykkjer eg er veldig hyggjeleg, og eg tek som eit kompliment, seier Melby.

– Trur du at Sveinung Rotevatn kunne ha blitt ein god partileiar i Venstre?

– Sveinung er ein veldig dyktig fyr, som eg håpar får verv for Venstre også etter landsmøtet vårt.

Elles understrekar ho at ho ikkje ynskjer å kome med fleire kommentarar før ho har gitt sitt svar til valnemnda.

Landsmøte i april

Fristen for å levere inn forslag til valnemnda i Venstre er søndag denne veka, og partiet skal ha landsmøte 19–20 april 2020.

Sveinung Rotevatn, som kjem frå Eid i Sogn og Fjordane, har ikkje svart på NRK sin førespurnad tysdag.

Leiar i Sogn og Fjordane Venstre Jan Henrik Nygård stiller seg bak forslaget til Unge Venstre.

– Vi skal ha eit møte i Sogn og Fjordane Venstre i morgon, og då vil vi sende inn vårt forslag til valnemnda. Men eg tykkjer det er flott at Unge Venstre føreslår Sveinung, han er veldig flink, og hadde passa bra til å vere partileiar.

Rådgjevar for Venstre i byrådet i Bergen Peder Lofnes Hauge er også godt nøgd med at det er akkurat Sveinung Rotevatn som blir trekt fram som den neste partileiaren.

– Sveinung bør bli den neste leiaren i Venstre når det er tid for det, for han er ein av dei fremste politikarane frå Vestlandet. Han har stor støtte i Bergen Venstre, og er ein som kan sameine by og bygd, seier Hauge.

– Uheldig utspel

Stortingsrepresentant Carl-Erik Grimstad meiner det er uheldig at dette utspelet frå Unge Venstre kjem få dagar før fristen med å levere inn forslag til valkomiteen går ut.

– Vi har ein valkomite som kanskje har gjort det grundigaste arbeidet i partiets historie. Dei har henta inn innspel frå heile landet. Då er det uheldig at leiaren i Unge Venstre stiller med bunde mandat i komiteen, og ikkje kan stille med eit ope sinn.

Grimstad meiner ungdomspartiet burde vente med å seie meininga si til komiteen hadde gjort arbeidet sitt, og innstillinga skulle drøftast på landsmøtet. Han fryktar utspelet skal få konsekvensar for arbeidet i komiteen.

– No veit alle at Unge Venstre har spelt ut dette kortet. Og då blir ein bunden til å ta omsyn til dette heile tida.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger