Hopp til innhold

Slik skal Erna få med KrF og Venstre

Statsminister Erna Solberg (H) treng både KrF og Venstre for eit borgarleg fleirtal. No avslører ho strategien for å få begge med på vidare samarbeid.

Erna Solberg

Statsminister Erna Solberg (H) har invitert sine borgarlege samarbeidspartnarar til nye samtaler torsdag.

Foto: Jørn Tveter / NRK

Erna Solberg (H) trur det er gode sjansar for at ho blir sitjande som statsminister i fire år til.

Ho svarar kontant på spørsmålet. Det er fredag 15. september, og NRK møter ho i statsministerbustaden. Det er også her ho skal møte Siv Jensen (Frp), Knut Arild Hareide (KrF) og Trine Skei Grande (V) torsdag denne veka. Fram til då har Solberg tenkt å la støttepartia vere i fred.

Ho trur nemleg ho har større sjanse til å lukkast om ho klarar å vere tolmodig.

LES OGSÅ: Sakene som gir Solberg hodebry

– Kan ikkje pushe dei

For fire år sidan takka KrF og Venstre nei til å gå i regjering med Høgre og Frp. No er spørsmålet på bordet igjen. Støttepartia karra seg så vidt over sperregrensa, og er difor så små at Erna Solberg treng begge for å få fleirtal i Stortinget.

Knut Arild Hareide, Trine Skei Grande, Siv Jensen, og Erna Solberg

KrF, Venstre, Frp og Høgre har framleis fleirtal i Stortinget, men det er eit knappare fleirtal enn for fire år sidan.

Foto: Ruud, Vidar

Men særskilt forholdet til Frp gjer at både Venstre og KrF har streta imot.

– Er det ein ting eg har lært, så er det at du kan ikkje pushe dei prosessane. Eg kunne sett meg ned i dag og forhandla om eit regjeringsgrunnlag, dersom det berre var opp til Høgre og Frp. Men det er andre parti som har sine prosessar som skal gjennomførast, og det må ein ha respekt for, seier Solberg.

– Så du meiner regjeringsforhandlingane blir lettare for deg om du gjev dei litt tid først?

– Eg tenkjer det ikkje er mogleg å presse andre til å ta standpunkt for tidleg. Men eg må jo vite kor vi skal og kva som er viktigast for oss og den type ting, og det betyr ikkje at det ikkje vert jobba med. Det gjer det.

– Men no let du støttepartia dine, KrF og Venstre, jobbe med sitt?

– Ja, dei må få ta sine avgjerder om kor dei skal gå og korleis deira interne prosess skal vere, det må dei få tid til. Dersom ikkje trur eg berre du får eit dårleg resultat, seier Solberg.

LES OGSÅ: Flere varsler utmeldelser om Venstre går i regjering med Frp

LES OGSÅ: KrF-topp: – Vi må bli et opposisjonsparti

Veit ikkje kva samarbeid det blir

I 2013 signerte KrF og Venstre ein samarbeidsavtale med regjeringa. Men Knut Arild Hareide (KrF) har sagt at han ikkje gjer det igjen.

– Veit du kva regjeringssamarbeid det blir?

– Nei, eg kan ikkje seie korleis samarbeidet blir, kor tett det blir, om det blir ei samforståing utan ein avtale, om det blir noko meir, om det blir regjeringssamarbeid. Det må du faktisk føle deg fram på gjennom diskusjonen som går.

– Er du redd for at KrF skal felle deg?

– Sjølv om vi har hatt ein avtale så har vi vore i situasjonar kor vi har vore usikre på om vi kom til å kome i mål. To budsjettprosessar har enda i tøffe rundar før vi har kome fram til dei gode løysingane. Så det er ein gamal lærdom at du som statsråd skal jobbe som om du er der i det uendelege, men vite at du kan gå av dagen etterpå, seier Solberg.

Hareide utenfor statsministerboligen

Knut Arild Hareide (KrF) utanfor statsministerbustaden under den krevjande forhandlinga om statsbudsjett hausten 2016.

Foto: Christian Kråkenes / NRK

LES OGSÅ: Haugland om KrFs valg: – Det lakk i begge ender

LES OGSÅ: Hareide freder Solberg selv om hun velger Frp

Vedgår at fleirtalet er skjørare

Allereie før Erna Solberg vann valet i 2013 snakka ho om eit borgarleg samarbeid i eit åtte års perspektiv, ikkje eit fire års perspektiv. Men særskilt forholdet mellom KrF/Venstre og Frp har blitt kjøligare siste åra.

LES OGSÅ: – Umulig for Venstre å degradere Listhaug

– Valsiger, men lågare oppslutning, er det ein siger med bismak?

– Det borgarlege samarbeidet er jo skjørare, førre gong var det jo veldig sterkt. Men det er ingen bismak i dette, for ingen av oss trudde at vi kom til å gjere det like godt denne gongen som vi gjorde sist gong. Men vi har eit solid nok fleirtal til å kunne styre, og like godt fleirtal som dei raudgrøne har hatt gjennom åtte år.

– Kvifor har du ikkje klart å samle dei fire meir, så de står like sterkt som førre gong?

– Eg meiner at når vi, etter det alle meiningsmålingane sa siste året, har klart å få til eit borgarleg fleirtal så er det godt nok for meg.

– Var avstanden mellom de fire større enn du hadde trudd?

– Nei, i det vi skal gjere saman har ikkje avstanden vore så stor, men det var avstand i retorikk.

– Så det er ei utfordring for deg er at det ikkje alltid er samsvar mellom støynivå og faktisk usemje?

– Ja. Og det er kanskje lærdomen; vi må vere flinkare til å snakke om det vi får gjort, og litt mindre om det vi er ueinige om, seier Solberg.

LES OGSÅ: Får langt færre oljekroner å rutte med

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger