Hopp til innhold

Får langt færre oljekroner å rutte med

Det vert eit langt mindre økonomisk handlingsrom framover. Statsminister Erna Solberg (H) vil likevel prioritere skattelette om ho vert attvald.

Erna Solberg
Foto: Vilde Helljesen / NRK

Regjeringa Solberg har gjeve milliardar i skattelette siste fire åra. Og har varsla endå meir i neste periode. Men det kan bli tøffe prioriteringar.

– Toppen er nådd for oljepengebruken, seier økonomiprofessor Øystein Thøgersen ved NHH.

– Ikkje lenger luksussituasjon

Regjeringa Solberg har auka oljepengebruken med over 20 milliardar kroner årleg. No anslår Finansdepartementet at ein framover berre kan auke oljepengebruken med 2-3 mrd kroner årleg.

Legg ein til auka inntekter til staten frå skatter og avgifter, og trekkjer frå auka utgifter til Folketrygda, set ein att med det regjeringa har å rutte med. Til sine gode formål.

– Då snakkar vi om om lag 9 milliardar kroner. Som altså skal gå til ekstrasatsingar på forsvar, vegbygging, kollektiv og mykje anna. Det er under ein tredel av det ein har kunne brukt siste fire åra, seier Steinar Holden, professor i økonomi ved Universitetet i Oslo.

Kva betyr dette for politikarane?

Steinar Holden

Steinar Holden ventar magrare år for norsk økonomi.

Foto: Moment Studio / UiO

– Det betyr at dersom dei skal bruke pengar på nye satsingar, må dei kutte i eksisterande ting på ein heilt anna måte enn det som er gjort til no, seier Holden.

Rektor ved Handelshøgskulen i Bergen, Øystein Thøgersen, seier politikarane kan måtte ta val dei ikkje er så vande med.

– Ein er ikkje lenger i den luksussituasjonen, at ein kan seie ja takk begge deler, seier Thøgersen.

Solberg om skattelette: – Har ikkje talet enno

Regjeringa har fått mykje krititikk for den kraftige auken i oljepengebruken. Handlingsrommet er mellom anna nytta til å gje skattelette.

– Vi legg bak oss ei tid der det har vore naudsynt å bruke meir pengar for å halde folk i aktivitet. No må vi klare å omstille oss, skape nye jobbar, utan å bruke så mykje pengar, seier Erna Solberg (H).

– Kvifor likevel skattelette?

– Vi er forplikta til skattelette i tiltak vi allereie har skissert, til dømes på oppstart av bedrifter, og vi har ein skattereform å gjennomføre.

LES OGSÅ: Støre til Solberg: – Skattelettene du klenger deg til, virker ikke

Men du har lova skattelette til folk også?

– Vi er opptekne av ei fordeling som gjer at også folk flest får skatteletter, men det er moderat skattelette. Men den største prioriteringa framover er å skape jobber, seier Solberg.

LES OGSÅ: Hareide vil ikke være med på Solberg og Jensens skattekutt

Jonas Gahr Støre er ærleg på at han vil auke skattane med 15 mrd kroner. Kvifor kan ikkje du vere ærleg på kor mykje du vil senke dei?

– Fordi eg ikkje har eit tal. Dette er avhengig av kva det er rom for i norsk økonomi. Eg tek jo på alvor at handlingsrommet blir mindre, at vi må prioritere tøffere framover. Eg har ikkje mål om skattelette på eit visst beløp.

Men du har jo akkurat avslutta ein budsjettkonferanse, så du veit vel om det blir skattelette?

–Ja, skattelette blir det, det har eg jo akkurat sagt. Men kor mykje og kva, det får vente til statsbudsjettet kjem, seier Solberg.

AKTUELT NÅ