Hopp til innhold

Sjukehuset Østfold la ut sensitiv info om fleire pasientar – fleire titals tilsette er og råka

Sjukehuset Østfold la ut teiepliktig informasjon om fleire pasientar i kombinasjon med namn og personnummer på sine heimesider. Fleire titals tilsette er òg råka av lekkasjen.

NRK har sladda personsensitive opplysningar, namn og personnummer.

SLIK LÅG DET UTE: NRK har sladda personsensitiv informasjon som namn og personnummer. Vi har og sladda konkrete datoar.

Foto: Hans Ivar Moss Kolseth / NRK

Sjukehuset Østfold la ut namnet og personnummeret til fleire titals tilsette og teiepliktig informasjon om fleire pasientar på sine nettsider i 2019. Der har dei vore offentleg tilgjengeleg i over eit år.

Over ti pasientar er råka av lekkasjen. Fleire personar i familie med pasientar er og råka. Namn og personnummer til to familiar er nemnt i saker der barnevernet har vore involvert.

Namn, personnummer og behandlingsstad låg og ute om to pasientar som har vore til behandling ved psykiatriske avdelingar.

Opplysningane vart publisert i eit og same dokument, i sjukehuset sin offentlege postjournal, som låg ute på sjukehuset si nettside frå tidleg i 2019 og fram til i dag.

Sjukehuset har no fjerna dokumentet frå postlistene sine, men NRK har kopiar av det.

Det var NRK som varsla sjukehuset om saka.

– Vi blei gjort merksam på dette i dag, og vi tek dette på største alvor. Vi jobbar no hardt for å gå gjennom saka for å sjå kva som har skjedd, skriv administrerande direktør hos sjukehuset Østfold, Hege Gjessing, i ein e-post til NRK.

– Det vi så langt har funne ut, er at sjukehuset ved eit mistak publiserte ein intern postjournal som inneheld personsensitiv informasjon for halvtanna år sidan. Vi beklagar på det sterkaste at dette har skjedd.

NRK har sladda personsensitive opplysningar, namn og personnummer.

Slik låg opplysningane ute. NRK har sladda personsensitiv informasjon namn og personnummer.

Foto: Hans Ivar Moss Kolseth / NRK

– Alvorleg sak

Direktør i Datatilsynet, Bjørn Erik Thon, fortel at dette er informasjon som aldri skulle ha vore offentleg.

– Dette er teiepliktige opplysningar. Det er opplysningar om psykiatri og om barnevernssaker. Det er ein fæl situasjon å hamne i at andre kan lese slikt om ein. Det er klart det er ei alvorleg sak, seier Thon til NRK.

Direktør i Datatilsynet, Bjørn Erik Thon.

VIL FØLGE OPP SAKA: Direktør i Datatilsynet, Bjørn Erik Thon.

Foto: Mariam Butt / NTB scanpix

Han fortel at Datatilsynet kjem til å følge opp saka.

– Vi vil be om ei forklaring om kva som har skjedd. Så får vi sjå kva dei kjem opp med av svar, før vi behandlar saka vidare og avgjer kva konklusjonen blir, understrekar Thon.

Tredje sjukehuset

Sjukehuset Østfold er det tredje sjukehuset som dei siste månadane har fått avdekt større lekkasjar i sin offentleg postjournal.

– Eg håper ikkje at dette er eit mønster hos norske sjukehus. At det er såpass mykje «slack» i rutinane at ting som dette skjer, fortel Thon.

For om lag ein månad sidan avslørte NRK at Oslo universitetssjukehus hadde brote teieplikta ved fleire høve. Sjukehuset har seinare innrømma at dei har brote lova og feilinformert helseminister Bent Høie om delar av saka. Fylkesmannen i Oslo og Viken har opna tilsynssak mot sjukehuset.

Sykehuset Østfold Kalnes utenfor Sarpsborg.

SJUKEHUSET ØSTFOLD: Sjukehuset Østfold er det tredje der det no har blitt avdekka lekkasjar av pasientopplysningar i offentlege postjournal.

Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

Tidlegare i år avslørte Nordlys at også UNN hadde lagt ut teiepliktig informasjon om pasientar på sine nettsider.

– Det er alvorleg. Og det er jo viktig for oss å ta tak i disse sakene og behandle dei. Det er mogeleg at vi skal sjå dei i samanheng, for det kan sjå ut som at det er same problemet som ligg bak, men det vil saksbehandlinga vår avdekke, seier Thon.

AKTUELT NÅ