OUS innrømmer lovbrot etter å ha lagt ut teiepliktig informasjon på nett

Oslo universitetssjukehus la ut info om psykiatri, abort, barnevern og kreft saman med namn og personnummer til pasientar. Helserettekspert meiner pasientane kan krevje erstatning.

1lJ7zcyYcS8

ULLEVÅL: Oslo universitetssjukehus er Noregs største sjukehus og lokalsjukehus for store delar av Oslo. Dei driv mellom anna OUS Ullevål, som du ser på biletet.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB scanpix

– Denne saka er så alvorleg at pasientar kan politimelde den som brot på helsepersonellovA § 67 og svikt i sjukehuset si tilrettelegging for å kunne overhalde teieplikta. Det er også aktuelt med krav om erstatning for brot på personvernreglane, seier Anne Kjersti Befring.

Ho er førsteamanuensis ved Institutt for offentleg rett ved UiO. Befring vert rekna som ein av Noreg sine fremste ekspertar på helserett.

Befring kommenterer NRK-avsløringa om at Oslo universitetssjukehus over fleire år la ut pasientnamn og personnummer saman med svært sensitive helseopplysningar.

– Utan tvil brot på teieplikta

Anne Kjersti Befring

HELSERETT: Anne Kjersti Befring, førsteamanuensis ved Institutt for offentleg rett, meiner OUS kan kome til å måtte betale erstatning til pasientar som har fått sensitive opplysningar publisert på sjukehuset si nettside.

Foto: Hans Ivar Moss Kolseth / NRK

Sjukehuset publiserte mellom anna namna på over 60 personar knytte til korrespondansar der barnevernet er involvert. Fleire av desse var nemnde i bekymringsmeldingar frå sjukehuset. Over 20 personar var og namngjevne som pasientar ved psykiatriske avdelingar. Ei kvinne som søkte om abort i 2018 vart og identifisert.

Dei fleste av personane som er råka har vore pasientar ved sjukehuset. Men familiemedlemmar til pasientar, og tilsette er òg råka av lekkasjen.

Alle postjournalane vart fjerna frå nettsidene etter at Oslo universitetssjukehus i mai vart klar over at namn og personnummer låg ute. Men NRK har kopi av journalane som fram til då hadde lege tilgjengeleg for alle på nettsidene. Vi har gått gjennom hundrevis av sider frå sjukehuset sine postlister for å finne ut kva som faktisk har vore lagt ut.

– Dette er utan tvil brot på teieplikta, seier Befring når NRK viser ho fleire eksempel på kva som har lege ute på sjukehuset sine nettsider.

Innrømmer lovbrot

NRK har lagt fram Befring sine påstandar om potensielle lovbrot for OUS.

– Oslo universitetssjukehus erkjenner at helsepersonellova er broten ved at teiepliktige helseopplysningar har kome på avvegar, seier administrerande direktør i OUS, Bjørn Atle Bjørnbeth.

Han innrømmer og at sjukehuset har brote offentleglova:

– Opplysningar om den enkelte, namn og personnummer, er gjort offentlege. Dette medfører brot på offentleglova, seier han.

– Vi ser svært alvorleg på det som har skjedd, understrekar Bjørnbeth.

Bjørn Atle Bjørnebeth

INNRØMMER LOVBROT: Administrerande direktør ved Oslo universitetssjukehus, Bjørn Atle Bjørnbeth.

Foto: Anders Bayer / Oslo universitetssykehus

Fylkesmannen har opna tilsynssak

– Vi ser svært alvorleg på opplysningane som kjem fram i NRK sin omtale av saka. Det er derfor vi har bede om ei utgreiing, seier fylkeslege Marianne Skjerven-Martinsen.

Ho jobbar for Fylkesmannen i Oslo og Viken, som no har opna tilsynssak mot sjukehuset.

I eit brev til sjukehuset ber Fylkesmannen Oslo universitetssjukehus om å forklare korleis feilen kunne skje, korleis pasientane er blitt informerte og tatt vare på etter hendinga og korleis sjukehuset vil sikre at dette ikkje skjer igjen.

Dei kan og kome til å vurdere saka på bakgrunn av både sjukehuset og dei tilsette si rolle, kjem det fram i brevet som vart sendt til sjukehuset 11. juni.

Fylkeslege i Oslo og Viken, Marianne Skjerven-Martinsen ser inn i kamera.

– SVÆRT ALVORLEG: Fylkeslege i Oslo og Viken, Marianne Skjerven-Martinsen, seier at Fylkesmannen ser svært alvorleg på saka.

Foto: ALEM ZEBIC / NRK

Tilsette kan bli straffa

Ifølgje helserettekspert Anne Kjersti Befring kan journallekkasjane føre til straff både for sjukehuset som institusjon og dei som jobbar der:

– Brot på teieplikta kan føre til straff både for sjukehuset og for helsepersonell når dei ikkje har gjort jobben sin for å beskytte sensitive opplysningar, seier ho.

Alice Kjellevold

EKSPERT: Alice Kjellevold, professor emerita ved Universitetet i Stavanger og ekspert på helserett.

Foto: Elisabeth Tønnessen / UiS

– Mange brot på teieplikta

– Her har sjukehuset brote teieplikta. No må dei rydde opp etter seg, seier Alice Kjellevold.

Ho er professor emerita ved Universitetet i Stavanger og ekspert på helserett.

Kjellevold fortel at sjukehuset truleg har brote teieplikta i mange av dei over 200 tilfella der sensitive opplysningar om pasientar og familiane deira har lege offentleg tilgjengeleg på sjukehuset sine nettsider.

– Berre det at dei har vore på sjukehus er teiepliktig informasjon. Her har sjukehuset i tillegg gått ut med opplysningar om kvifor pasientane var på sjukehuset, om for eksempel abort, kreft eller slankeoperasjon. Det er svært sensitive opplysningar, seier Kjellevold.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger