Hopp til innhold

Bent Høie feilinformerte Stortinget om pasientlekkasje ved OUS

Helseminister Bent Høie (H) sa at alle personane som var råka av journallekkasjen ved OUS hadde fått beskjed. Det stemde ikkje. No beklagar sjukehuset at statsråden blei feilinformert.

Helse- og omsorgsminister Bent Høie

TRUDDE ALLE VAR INFORMERTE: Helseminister Bent Høie (H) sa til NRK den 17. juni at alle personane som var råka av journallekkasjen ved OUS var informerte. Det stemde ikkje.

Foto: Terje Pedersen / Terje Pedersen

– Eg er glad for at dei har tatt kontakt med kvar enkelt som har blitt ramma av dette og informert om det og tar det på største alvor, sa helseminister Bent Høie (H) til NRK 17. juni.

Han fortel at han vart informert om feilpubliseringa av pasientopplysningar ved Oslo universitetssjukehus (OUS) dagen før.

– Eg har fått ei god orientering frå Helse Sør-Øst basert på det dei har fått vite frå OUS, sa han.

To dagar seinare, 19. juni, opplyser Høie Stortinget om saka i eit skriftleg svar til helsepolitisk talsperson i Frp, Åshild Bruun-Gundersen:

«Oslo universitetssjukehus HF har fulgt opp denne saken både i forhold til tilsynsmyndigheter og de berørte pasientene», skriv Høie.

Men fleire av dei råka pasientane var framleis ikkje informerte, verken då helseministeren uttalte seg til NRK eller då han informerte Stortinget to dagar seinare.

Helse- og omsorgsminister Bent Høie

TRUDDE ALLE VAR INFORMERT: Helseminister Bent Høie (H) sa til NRK den 17. juni at alle personane som var råka av journallekkasjen ved OUS var informert. Det stemde ikkje.

Foto: Terje Pedersen / Terje Pedersen

Tidlegare pasient ber sjukehuset ta ansvar

– Eg har ikkje høyrt eit ord. Ingenting.

Det seier Helge Aurheim. Vi ringer han 18. juni, dagen etter det første intervjuet med helseministeren. Det har gått over ei veke sidan Aurheim stod fram med fullt namn i NRK etter at info om hans fedmeoperasjon var lagt ut i sjukehusets offentlege postjournal.

OUS vart varsla om at dei hadde publisert namn, personnummer og sensitive pasientinformasjon i postjournalen 15. mai.

– Det er litt rart, ikkje berre litt rart, men heilt merkeleg, seier Helge Aurheim.

– Kva forventar du at dei opplyser deg om når dei først tar kontakt?

– Eg vil vite kva som har skjedd og kva rettar eg har, svarar han.

Aurheim utdjupar:

– Eg vil gjerne vite kven som tar ansvar om mine personopplysningar vert misbrukte av nokon. Det er jo fare for identitetstjuveri og slike ting og det meiner eg sjukehuset må ta ansvar for.

Helge Aurheim og sambuar Cesilie Dahl.

FRUSTRERT: Helge Aurheim stod fram på Dagsrevyen 10. juni. Han seier at han er frustrert over at han ikkje har høyrt noko frå sjukehuset som publiserte helseopplysningar om han på nett. Her sit han saman med sambuaren Cesilie Dahl. Dei er begge bekymra for at nokon skal misbruke personnummeret hans.

Foto: Andreas Lekang / NRK

Meiner sjukehuset burde ha informert raskare

Sjukehuset la òg ut informasjon om ei kvinne som søkte om abort i 2018. Då NRK opplyste ho om saka sa ho:

– Om eg hadde ein valdeleg partnar eller ekspartnar, så hadde det vore utruleg kritisk for meg å ikkje få vite om det.

Når NRK ringjer ho 18. juni, over ei veke etter at vi først omtalte saka, seier ho at ho framleis ikkje har høyrt noko frå sjukehuset.

– No veit sjukehuset kva stoda er. Dei veit at det er fleire alvorlege tilfelle i lista deira. Det at dei ikkje har klart å handtere det, er heilt vilt, seier ho.

Sjukehuset innrømmer feilinformering

– Oslo universitetssjukehus beklagar at vi i svaret til Helse Sør-Øst RHF 16. juni har uttrykt oss slik at det vert forstått at alle dei råka på dette tidspunktet hadde blitt kontakta, seier administrerande direktør ved OUS Bjørn Atle Bjørnebeth.

Han meiner måten dei formulerte seg på overfor Helse Sør-Øst lett kunne bli forstått som at alle partar var informerte.

– Vi skulle eksplisitt opplyst om at ikkje alle var blitt varsla og at dette arbeidet framleis held fram av ulike årsaker, seier Bjørnebeth.

– Heilt uhaldbart

– Det er heilt uhaldbart, seier Åshild Bruun-Gundersen (Frp).

Fredag 19. juni forsikra Høie ho om at dei råka pasientene var følgde opp, men det stemde ikkje for fleire av pasientane.

– Det er uakseptabelt. Ein statsråd har å vere påliteleg i informasjonen han gjev til Stortinget. Han har opplyst til Stortinget om at saka var under kontroll. Då har han enten ikkje gjort jobben sin godt nok, eller så bryr han seg ikkje, seier Bruun-Gundersen.

– Kva forventar du at Høie gjer no?

– Denne saka må få konsekvensar for dei som er ansvarlege for at opplysningane har kome på avvegar. Dette kan ikkje bli feia under teppet, svarar Bruun-Gundersen.

Høie: – Tok utgangspunkt i infoen eg hadde

Når NRK spør helseminister Bent Høie (H) om han har feilinformert Stortinget svarar han:

– I svaret til Stortinget tok eg utgangspunkt i den informasjonen eg hadde på det tidspunktet. Helse Sør-Øst har i ettertid beklaga at ikkje alle dei råka var informerte.

– Kva meiner statsråden om at OUS brukte over ein månad på å informere fleire av pasientane som var råka av saka og at fleire framleis ikkje er informerte?

– OUS må sjølv svare for tidsbruken, svarar Høie.

– Alle skal få vite nøyaktig kva som er lagt ut

– Oppsporinga av dei siste adressene har av ulike årsaker tatt tid å finne fram til, men er henta inn no og dei siste breva vil bli sende ut i dag, sa Katrina Chamberlain til NRK 18. juni.

Ho er kommunikasjonsrådgjevar for Oslo sykehusservice (OSS) som har ansvaret for dei offentlege postjournalane ved Oslo universitetssjukehus.

3. juni opplyste OUS at cirka 45 personar då framleis ikkje var varsla om saka. Dei som då var informerte, fekk berre vite at namna og personnummera deira var lagt ut – ikkje at sjukehuset òg hadde lagt ut svært sensitive helseopplysningar, i fleire tilfelle teiepliktig informasjon om pasientane.

Denne veka korrigerer sjukehuset talet på personar som ikkje fekk det første brevet til 63 personar.

– Har sjukehuset bestemt om kvar enkelt i tillegg skal få informasjon om nøyaktig kva for opplysningar som er lagt ut om dei, og om kva for rettar dei har?

– Ja, det er bestemt at alle skal få vite nøyaktig kva som er lagt ut om dei. Dei får ein personleg skjermdump av informasjonen. Vi har ikkje skildra kva for rettar dei har, men skriv at dei kan ta kontakt med OUS, svarar Chamberlain.

Fleire pasientar veit framleis ingenting

22. juni opplyser administrerande direktør Bjørn Atle Bjørnbeth ved OUS til NRK at 30 personar framleis ikkje har blitt kontakta av sjukehuset, derav 17 personar som no er døde.

Han fortel at fire pasientar utan fast bustad framleis ikkje har fått vite at dei er råka. Det same gjeld ein person med ukjent adresse, ein som har flytta til utlandet og sju personar som har vore innom psykiatri og rusbehandling.

– Dei sju må vi vurdere nærmare for å avgjere om informasjon skal bli sendt eller ikkje, seier han.

Han forklarar at desse sju sakene krev ekstra omsyn sidan fleire av dei gjeld pasientar ved barne- og ungdomspsykiatriske avdelingar.

– Dette arbeidet held fram i dialog med einingar i OUS som har behandla dei råka, seier Bjørnebeth.

Sjukehuset er lovbunde til å informere pasientar

Anne Kjersti Befring er førsteamanuensis ved Institutt for offentleg rett ved UiO og ein av Noreg sine fremste ekspertar på helserett. Ho sjukehuset har plikt om å opplyse pasientane om kva rettigheiter dei har.

– Sjukehuset må informere pasienten om nøyaktig kva informasjon som har lege ute, kor lenge den har lege ute og kva for moglegheiter pasienten har til å gå vidare med dette, seier Befring.

Anne Kjersti Befring

MEINER SJUKEHUSET HAR BROTE TEIEPLIKTA: Anne Kjersti Befring, førsteamanuensis ved Institutt for offentleg rett ved Universitetet i Oslo, meiner Oslo universitetssjukehus har brote teieplikta ved fleire høve i denne saka.

Foto: Hans Ivar Moss Kolseth / NRK

Befring meiner sjukehuset er lovplikta til å spele med opne kort overfor pasientane sine og viser til § 3–6 i Lov om pasient- og brukerrettigheter.

Der står det:

«Dersom helsepersonell gjer tilgjengeleg opplysningar som er undergitt lovbestemt opplysningsplikt, skal den opplysningane gjeld, så langt forholda tilseier det, bli informert om at opplysningane er gjort tilgjengelege og kva for opplysningar det dreier seg om.»


– Det skulle berre mangle

Alice Kjellevold

– EI SJØLVFØLGJE: Alice Kjellevold, professor emerita ved Universitetet i Stavanger og ekspert på helserett, meiner pasientane skal få vite kva som har lege ute om dei.

Foto: Elisabeth Tønnessen / UiS

– Eg synest det berre skulle mangle at sjukehuset gjev informasjon til dei som er råka, om kva for opplysningar som er offentleggjort om dei, seier Alice Kjellevold.

Ho er professor emerita ved Universitetet i Stavanger og ekspert på helserett.

Kjellevold meiner det er sjølvsagt at alle pasientane skal få vite kva som har lege ute om dei.

– Det skulle ha vore ei sjølvfølgje, seier ho.

AKTUELT NÅ