Hopp til innhold

Bent Høie innrømmer feilinformering av stortingsrepresentantar

Bent Høie feilinformerte stortingsrepresentantar om manglande varsling av pasientar som hadde fått helseopplysningar lagt ut på nett. Det er ikkje første gongen dette skjer.

Bent Høie

SEIER KOMMUNIKASJONEN VAR GOD: Høie meiner han framleis har kontroll på situasjonen. Og at kommunikasjonen i denne saka, mellom Departementet, helseføretaka og sjukehusa har vore god.

Foto: Håkon Vårhus Sagen / NRK

Torsdag kunne NRK avsløre enda eit sjukehus som feilpubliserte pasientopplysningar på nett 2017.

Sjukehuset Innlandet la ut informasjon om sjukehusbesøket til Tonje Brenna Fellingen og fleire andre personar på sine nettsider.

Opplysningane låg der i nesten ein time før dei vart fjerna. Først etter at NRK sende sjukehuset spørsmål om saka, nesten tre år seinare, tok dei kontakt med pasientane som vart råka.

– Eg fekk sjokk. Dei kunne ha tatt ein telefon. Det har faktisk nesten gått tre år. Eg kallar det ikkje ei unnskyldning. Dette er ikkje godt nok, seier den tidlegare pasienten ved sjukehuset.

Sykehuset Innlandet

BEKLAGAR: Innlandet sjukehus la ut teiepliktig helseinformasjon om fleire pasientar. Først etter NRK tok kontakt vart pasientane varsla. Sjukehuset beklagar saka.

Foto: Ruth Barsten / NRK

Andre gongen Høie feilinformerer

I ei orientering Høie sende til fire stortingsrepresentantar etter at han vart kjent med saka i juli, feilinformerte han om at sjukehuset varsla som dei skulle for nesten tre år sidan.

Dette er andre gongen Høie feilinformerer dei om varsling av pasientar som har fått helseinformasjonen sin på avvege på to månadar.

Høie skulda på sjukehuset – Men det var òg feil

I slutten av juli sende helseminister Bent Høie ut eit brev til fire stortingsrepresentantar. I brevet forklarte han korleis fire sjukehus har klart å legge ut helseopplysningar om fleire hundre pasientar på nett.

I brevet skriv Høie at sjukehuset Innlandet varsla som dei skulle. Han skreiv:

"«Hendelsen i 2017 ble på vanlig måte registrert i helseforetakets avvikssystem for videre oppfølging. Datatilsynet eller Fylkeslegen ble varslet og de berørte ble kontaktet»

Det stemmer ikkje. I ei pressemelding som sjukehuset sjølve publiserte 20. juli skriv dei:

«En intern gjennomgang i senere tid avdekket at berørte parter ikke ble varslet om hendelsen. Datatilsynet eller Fylkeslegen ble heller ikke informert. Dette er nå gjort.»

Dette skreiv dei altså ti dagar før Høie sende ut orienteringa til stortingsrepresentantane. Det er den andre gongen på kort tid at Høie feilinformerer Stortinget om desse sakene.

Då NRK konfronterte han med dette på onsdag la han skulda på sjukehuset.

– Det som kom med i orienteringa til stortingsrepresentantane er den informasjonen vi får frå Helse søraust, som dei sannsynlegvis henta frå sjukehuset Innlandet. Vi er avhengige av at den informasjonen er korrekt, seier Høie.

Det stemte ikkje. Torsdag fortel Høie at det var hans eige departement som gjorde feil.

– Det var fordi det var den informasjonen eg hadde då. Men så vart det oppdaga i departementet at feilen hadde skjedd i samband med den endelege ferdigstillinga av brevet her i departementet. Så det er beklageleg.

NRK har spurt Sjukehuset Innlandet om dei ønskjer å kommentere saka. Det ønska dei ikkje.

Kjersti Toppe

– MÅ GJE KORREKT INFO: Helsepolitisk talsperson for Senterpartiet Kjersti Toppe seier at Stortinget må kunne stole på at informasjonen frå regjeringa er sann.

Foto: Ingrid Aarekol / NRK

Opposisjonen reagerer

Opposisjonen på Stortinget ser på dette som eit bevis på at Høie ikkje har kontroll over personvernsaka som no omfattar fire sjukehus og fleire hundre pasientar.

Helsepolitisk talsperson for Senterpartiet Kjersti Toppe seier at Stortinget må kunne stole på at informasjonen frå regjeringa er sann.

– Det er uforståeleg at Høie og departementet ikkje har betre kontroll. Politisk sett er det ein skandale at ein helseminister gong etter gong i same sak, ikkje gjer rett informasjon til Stortinget. Konsekvensen er at vi ikkje kan stole på det som statsråden skriv eller seier i saka. Vi må kunne stole på at informasjon som blir gitt frå regjering til Storting, er hundre prosent sann, seier Toppe.

7NSrU4SFvEc

MEINER TILLITEN ER SVEKKA: Nicholas Wilkinson, stortingsrepresentant for SV.

Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix

Nicholas Wilkinson som er stortingsrepresentant for SV, meiner at regjeringa har ansvar for å gjenreise tilliten i helsesektoren.

– SV krev at helseministeren må stille til høyring på Stortinget for å gjenreise tilliten i helsesektoren. Fleire og fleire personvernkriser dukkar opp i sjukehusa. Viss regjeringa ikkje kan gjenreise tilliten i helsetenesta, må Stortinget gjere det, seier Wilkinson.

Frps helsepolitiske talsperson, Åshild Bruun Gundersen, seier partiet forventar meir frå helseministeren.

– Høies konklusjon i den skriftlege forklaringa er at han «vil vurdere om det er behov for å stille krav på dette området». Det held ikkje. Når dei offentlege sjukehusa bryt helsepersonelloven, teieplikta og gløymer varslingsrutinane, så kan ikkje Helseministeren velje å berre trekkje på skuldrene, seier Gundersen.

Åshild Bruun-Gundersen, helsepolitisk talsperson i Fremskrittspartiet

FORVENTAR MEIR: Frps helsepolitiske talsperson, Åshild Bruun Gundersen seier partiet forventar meir frå helseministeren.

Foto: Adrian Nyhammer Olsen / NRK

Høie meiner derimot han framleis har kontroll på situasjonen. Og at kommunikasjonen mellom departementet, helseføretaka og sjukehusa har vore god.

– Desse sakene syner at sjukehusa har behov for å skjerpa kontrollen for å hindra at desse feila skjer, og det har vi vore tydelege på heile vegen. Også er det departementet si skuld at den eine setninga vart feil i brevet til Stortinget, og det rettar vi opp i dag, seier Høie.

Tellef Inge Mørland, stortingspolitiker for Arbeiderpartiet. Foto: Gunnar Bratthammer

GLAD FOR RASK ORIENTERING: Tellef Inge Mørland, stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet, er fornøgd med at Høie kom raskt på bana med ei orientering.

Foto: Gunnar Bratthammer / NRK

Kan framleis måtte forklare seg for Stortinget

Den skriftlege orienteringa der Høie feilinformerte kom etter at Sp, Ap, SV og Frp i juli kravde at Høie skulle møte på Stortinget til hausten for å forklare seg om saka.

Sp, SV og Frp er framleis klokkeklare på at Høie må kome til Stortinget for å forklare seg.

Tellef Inge Mørland (Ap) meiner Høie si orientering var god å få no. Framfor å vente til Stortinget opnar i haust. Kjem det ny informasjon i saka er han likevel ikkje framand for å krevje at Høie skal møte på Stortinget.

– Skulle det vise seg at viktig informasjon ikkje er med i denne orienteringa, vil det heilt klart aktualisere spørsmålet om ein ytterlegare orientering eller høyring når Stortinget opnar, seier han.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger