Fleire sjukehus har hatt sensitiv pasientinformasjon ute: – Ein politisk skandale

Fleire helsepolitiske talspersonar fryktar for tilliten til helsevesenet etter at sensitiv pasientinformasjon har lege ute på nettsidene til sjukehus. Dei ber helseminister Bent Høie om å rydde opp.

Kjersti Toppe (Sp) under Stortingets spørretime

KREV ORIENTERING: Kjersti Toppe, helsepolitisk talsperson i Senterpartiet, krev at helseminister Bent Høie orienterer om situasjonen for Stortinget.

Foto: Ole Berg-rusten / NTB scanpix

– Dette er ein svært alvorleg situasjon. Det trengst politisk opprydding og ansvar. Vi kan ikkje tillate at dette skjer lenger, seier Kjersti Toppe, helsepolitisk talsperson i Senterpartiet.

For om lag ein månad sidan avslørte NRK at Oslo Universitetssjukehus har lagt ut teiepliktig informasjon på sine nettsider.

Tidlegare har avisa Nordlys avdekt at Universitetssjukehuset Nord-Noreg har gjort det same.

I går kunne NRK avdekke at også sjukehuset i Østfold har lagt ut teiepliktig informasjon om pasientar og tilsette i sine postlister. Mellom anna namn og personnummer til to familiar i saker der barnevernet har vore involvert.

Datatilsynet vurderer no om dei skal sette dei tre sakene i samanheng. Dei meiner det kan sjå ut som om det er same problemet som ligg bak.

– Ein skal vere hundre prosent trygg på at helsevesenet tek vare på pasientinformasjon som er sensitiv. Det har vore mange eksempel på at det ikkje skjer no. Det er ei politisk skandale, seier Toppe.

Ho krev at helseministeren orienterer Stortinget om saka så snart det lar seg gjere.

Fryktar for tilliten til helsevesenet

– Tilliten blir mindre om helsedata lekker ut. Då blir det vanskelegare å snakke med legar og sjukepleiarar, seier Nicholas Wilkinson, helsepolitisk talsperson i Sosialistisk Venstreparti.

Han fryktar dette kan føre til dårlegare helsehjelp for pasientar i Noreg. Han er einig med Toppe om at Helsedepartementet må gjere ein betre jobb for å sikre at personopplysningane våre er sikre og trygge.

Tellef Inge Mørland frå Arbeidarpartiet fryktar dårleg IKT-tryggleik ved sjukehusa kan råke tilliten til at sensitiv informasjon blir lagra trygt.

– Det er kanskje det mest sårbare vi har. Vi er avhengige av at folk kan stole på sjukehuset sitt, seier Mørland.

Nicholas Wilkinson (SV) snakker under en debatt i Stortinget

– MINDRE TILLIT: – Tilliten blir mindre om helsedata lekker ut, seier Nicholas Wilkonson (SV).

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

– Systematisk svikt

– Dette står fram som ein skandale, som viser at helsevesenet ikkje greier å lagre persondata på ein god nok måte, seier Åshild Bruun-Gundersen. Ho er helsepolitisk talsperson i Framstegspartiet.

Åshild Bruun-Gundersen, helsepolitisk talsperson i Fremskrittspartiet

– SKANDALE: – Dette står fram som ei skandale, seier Åshild Bruun-Gundersen (Frp).

Foto: Adrian Nyhammer Olsen / NRK

Ho seier at dette er eit teikn på systematisk svikt i det norske helsevesenet, og at helseministeren ikkje tek personvern på alvor.

– Seinast i juni garanterte Høie at det skulle vere rydda opp, og no er det allereie eit nytt sjukehus som har sensitiv personverninformasjon på sine sider, seier Bruun-Gundersen.

Politikarane krev at statsråden no kjem på bana, for å sikre at rutinane for lagring av data blir lagra trygt i helsevesenet.

Har tillit til sjukehusa

Helsedepartementet seier at om Stortinget ønsker det, vil Bent Høie orientere om saka for Stortinget.

Statssekretær Inger Klippen (H)

HAR TILLIT: Statssekretær i Helsedepartementet, Inger Klippen, har tillit til at sjukehusa vil rydde opp i situasjonen.

Foto: NRK

Han er for tida på ferie, og det er derfor statssekretær Inger Klippen (H) som svarer for han.

– Vi har ei heilt tydleg forventing om at sjukehusa går gjennom si handtering av pasient- og personalinformasjon, seier Klippen.

Ho seier Helse sør-øst har gått gjennom rutinane for å handtere sensitiv informasjon.

Meiner det er sjukehusa sitt ansvar

Når NRK spør statssekretæren i Helsedepartementet kva dei vil gjere for å sikre at alle norske sjukehus har system og rutinar som hindrar publisering av teiepliktig informasjon, svarar ho at det er sjukehusa sitt ansvar at slike ting ikkje skal skje.

– Denne typen handtering av pasientinformasjon ligg til sjukehusa. Dei skal ha gode rutinar. Det forventar vi. Loven er klar på at dei skal handtere dette på ein ordentleg måte, seier statssekretær Inger Klippen.

Helse sør-øst er ein av dei fire helseregionane i Noreg, og vert rekna som eigar av både Oslo universitetssjukehus og Sjukehuset Østfold. Men helseregionane vert igjen eigd av den norske stat og har derfor helseminister Bent Høie som sin øvste ansvarlege leiar.

Bent Høie

BA SJUKEHUSA LÆRE AV KVARANDRE: I juni sa helseminister Bent Høie (H) at han forventa at dei andre sjukehusa lærte av feila til OUS og UNN. Ein månad seinare kunne NRK avsløre at enda eit sjukehus hadde publisert store mengder sensitiv informasjon.

Foto: Håkon Vårhus Sagen / NRK

Statssekretæren hans forventar at sjukehusa lærer av det opposisjonen på Stortinget no omtalar som ein skandale.

– Dette er ikkje noko som skal skje i framtida, seier Klippen.

– Så de har allereie hatt ein gjennomgang med sjukehusa om dette?

– Vi har hatt ein gjennomgang og ei forventing om at sjukehusa ordnar opp i dette, svarar Klippen.

Ho fortel at Helse sør-øst sin gjennomgang fokuserte på å skjerpe rutinane for framtidig publisering av postlister.

– Dette er noko som har skjedd før gjennomgangen som vart gjort i juni, men det gjer ikkje hendinga mindre alvorleg.

– Er de trygge på at ikkje fleire sjukehus også har store mengder feilpublisert personsensitiv informasjon liggande ute?

– Eg er trygg på at sjukehusa går gjennom rutinane sine og korleis dei handterer sensitiv informasjon. Det er eg trygg på at dei følgjer opp, svarar Klippen.

Datatilsynet seier dei no truleg ser eit mønster blant norske sjukehus. Fryktar de det same?

– Vi for sjå kva dei seier i samband med denne saka og ta det til etterretning for korleis vi skal jobbe med det vidare, svarar Klippen.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger