Hopp til innhold

SAS reiste heim med ledige flysete

Medan julepanikken breia seg blant snøfaste nordmenn i London, flaug SAS heim med tomme flysete.

SAS-fly

SAS fraktar heim så mange passasjerar dei kan, men har reist heim frå London med tome sete.

Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

Kristin Jensen

Kristin Ellen Jensen, glad for å vere heime.

Foto: Privat

Etter fire dagar som snøfast i London , kom Kristin Ellen Jensen seg endeleg heim til julefeiring i Noreg.

Ho seier ho aldri har vore så glad på ei flyreise før, men reagerer på at det var ledige sete på flyet.

– Det var minst ti ledige sete på flyet vårt, seier Jensen til NRK.

SAS stadfestar at dei har vore nøydde å fly med tomme sete. Dei gir passasjerkaoset på Heathrow skulda.

– Det som skjedde, var at ingen fekk sleppe inn i terminalen utan at dei hadde sikker plass på sine fly, seier informasjonssjef Knut Morten Johansen i SAS.

Slapp ikkje inn

Dei siste dagane har det hopa seg opp med ventande passasjerar på Heathrow på grunn av eit stort snøfall i helga .

Måker for harde livet i London

Snøveret i London har skapt store problem for flytrafikken.

Foto: ADRIAN DENNIS / Afp

Kaos på Heathrow

SAS måtte fly heim med tome sete på grunn av at passasjerar ikkje slapp inn i terminalen, ifølgje SAS.

Foto: Kristin Ellen Jensen

Knut Morten Johansen, SAS

SAS set inn ekstrafly og trur alle kjem heim til jul, seier inforamsjonssjef Knut Morten Johansen.

Foto: Knut Løvstuhagen/SAS

Passasjerar har blitt oppfordra til ikkje å reise til flyplassen før dei var sikre på at flyet deira skulle gå .

Heathrow bad folk om å halde kontakten med flyselskapet og halde seg heime fram til dei visste at flyet skulle gå.

Då flya starta å gå igjen, var det difor ikkje alle som var på plass. SAS-passasjerar som var på Heathrow, men som hadde billett til andre flygingar, kom ikkje inn i terminalen.

– Dei som gjerne ville reise, kom ikkje gjennom. Det var frustrerande sjølvsagt, sidan vi var der med fly, og hadde plass, seier Johansen i SAS.

Han seier SAS hadde sett inn større fly enn dei hadde planlagt å fly med, og at dei derfor hadde plass til fleire passasjerar enn dei som hadde billett. Det skal uansett ikkje ha handla om mange ledige sete, ifølgje Johansen.

– Dårleg kommunikasjon

Passasjer Kristin Ellen Jensen fortel at ei av dei som kom med på hennar fly, hadde sjansebillett, og at ho kom seg gjennom sikkerheitskontrollar og innsjekk på veldig kort tid.

Jensen meiner det må ha vore dårleg kommunikasjon på flyplassen, sidan SAS ikkje klarte å fylle dei tome setene.

– Kvinna eg snakka med, kom til flyplassen 45 minutt før flyet skulle gå, og slapp rett gjennom. Ho sa til meg at ho aldri har blitt slusa så fort gjennom nokon stad, seier Jensen.

Dårleg informasjon på Heathrow

Passasjer Kristin Ellen Jensen meiner SAS kunne ha fått fylt opp flya om informasjonen på Heathrow var betre.

Foto: Kristin Ellen Jensen

No oppfordrar SAS folk som ikkje har billett til fly om å møte opp for å kunne ta over eventuelle fleire ledige sete i dag og i morgon.

– Alle må ta kontakt. Vi aksepterer også dei som står på venteliste, seier Johansen.

Set inn to ekstrafly

Han opplyser også at alle SAS-fly vil gå som normalt frå Heathrow til Noreg frå klokka 13 i dag. I morgon vil SAS gjere ein ekstra innsats for å frakte dei siste ventande heim til Noreg.

– Vi set inn to ekstra maskiner i tillegg til vanleg trafikk i morgon kveld. Vi trur det skal vere nok til å fange opp alle saman, seier Johansen.

Han seier også at SAS vil ta med også andre snøfaste nordmenn i London.

– Vi vil først og fremst med våre eigne passasjerar, men vil også hjelpe andre om det er behov og plass, seier Johansen.

Madrasser på Heathrow

Snøfaste flypassasjerar har fått låne madrasser på Heathrow.

Foto: Kristin Ellen Jensen

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger