Snøproblem for trafikken i Europa

Snø og vinterver skapar store problem for reisande i Europa.

Kilde: NRK-NTB

London-flyplassen Gatwick var stengd fram til klokka 16 i dag på grunn av kraftig snøver, melder Sky News.

Både Norwegian, Ryanair og EasyJet flyg frå Noreg til Gatwick. Norwegian seier dei var klar over at det kunne bli problem med veret, og at dei var førebudde.

– Vi har flytta alle våre flygingar til Stansted, seier presseansvarleg Åsa Larsson til NRK.no.

Det er store forseinkingar i flytrafikken til og frå Gardermoen i ettermiddag. Eitt fly på veg frå Amsterdam og eitt fly frå Heathrow er innstilte. To avgangar til begge byane er også innstilte, viser ei oversikt på flyplassen på sine nettsider.

– Trafikken innanlands går som han skal, men vi merkar problema som veret har påført Europa. London, Amsterdam, Brussel og Frankfurt er blant dei råka byane, seier informasjonssjef Jo Kobro ved Oslo lufthamn til NTB.

Snøtrøbbel

Også på Heathrow er trafikken redusert på grunn av snøen. Både British Airways og EasyJet har innstilt mange av sine avgangar frå London-flyplassane Heathrow og Gatwick, melder BBC.

– Tusenvis av passasjerar vil bli hindra fordi British Airways har så mange flygingar. Eit mindre flyselskap kan ta sjanen på at veret ikkje blir som spådd. Det kan ikkje British Airways, seier talsmann Phillip Allport.

Ifølgje Sky News har British Airways innstilt alle sine avgangar frå Heathrow frå 11 til 18 i dag.

Fleire tusen passasjerar ventar i Frankfurt etter at fleire flyavgangar er råka av vinterveret. Ifølgje nyheitsbyrået AFP er 560 av 1400 flygningar kansellerte i ettermiddag.

Også i Italia er flyplassar stengde på grunn av snøveret. Sjeldan snøver i Pisa og Firenze stengte også togtrafikken i området.

(Artikkelen held fram etter videoen.)

Video cc275f15-5896-4a95-bb5c-688570354473.jpg

Kraftig snøver lammar England.

Kaos på vegane

Fleire hunder sjåførar har i natt site fast i bilane sine på M6 i Manchester-området på grunn av snøveret. Ein pendlar seier til BBC at det er fullstendig kaos på vegane.

Vegvesenet seier dei gjer sitt beste for å halde vegane opne.

– Vi har tydelegvis meir snø på veg, så vi må jobbe veldig, veldig hardt, seier Jon Caudwell på vegner av vegmyndigheitene.

Politiet ber samtidig folk om å halde seg heime om dei ikkje absolutt må reise.

Det er varsla meir snø i dei nordlege delane av dei britiske øyane utover dagen, og fleire fotballkampar er utsette i dag.

Måtte la bilen stå

Fleire hundre franske bilistar har sett frå seg bilane sine langs vegane etter stort snøfall nordvest i landet. Ein person omkom då motorsykkelen han sat på kom ut av kontroll i snøen.

Tog mellom London og Paris og mellom London og Brussel må køyre saktare enn vanleg på grunn av snøveret.

I Bulgaria er ein viktig veg ut frå hovudstaden Sofia stengt på grunn av snø, og nordvest i landet var mange bilistar innestengde i bilane sine på grunn av det kraftige snøveret, ifølgje nyheitsbyrået AFP.

I Sør-Sverige er det også vanskelege køyreforhold på grunn av vinterveret. Det er meldt om fleire mindre ulykker på E6 rundt Landskrona i dag tidleg.

Også i går var det store problem i trafikken rundt omkring i Europa. Stengde flyplassar, togstans og trafikkaos på vegane førte til lange køar og fortvilte reisande.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt