Hopp til innhold

Rekordmange blir avviste av Forsvaret

Medan mange ungdomar prøvde å sleppe unna militæret før i tida, står unge kvinner og menn no i kø for å få gjennomføra førstegongstenesta. Interessa er så stor at mange motiverte og kvalifiserte ungdomar blir avviste.

Frå DR08 om at rekordmange unge vil i militæret.

VIDEO: Det skal mykje til for å få ta del i førstegongstenesta. Forsvaret opplever klagestorm fordi fullt kvalifiserte ungdommar blir nekta militærteneste.

Forsvarets personell- og vernepliktssenter (FPVS) har eit luksusproblem. Dei har ansvar for rekruttering og selektering av unge menneske som vil i militæret.

Men valet er ikkje lett når så mange kvalifiserte jenter og gutar vil i militæret.

– Aldri før har så mange blitt avviste

– Me har aldri før avvist så mange som me har vore nøydde til å gjere i år, seier orlogskaptein Per-Thomas Bøe i Forsvarsstaben.

Per-Thomas Bøe, orlogskaptein

Konkurransen for å koma i førstegongsteneste er knalltøff, seier Orlogskaptein Per-Thomas Bøe i Forsvarsstaben.

Foto: Kjartan Rørslett / NRK

Frå nyttår trådde nemleg allmenn verneplikt i kraft, og det betyr at alle som vart fødde i 1997, uavhengig av kjønn, vart kalla inn til sesjon. Konkurransen for å få vera med i militæret blei dermed knallhard.

– Snittet for å koma inn er blitt høgare og det er trongare nålauge enn nokon gong, seier Bøe.

Det har også ført til at mange ungdommar har sendt klager fordi dei blir nekta førstegongsteneste, opplyser Forsvaret til NRK.

Ryktet spreier seg

74.000 ungdomar deltok på sesjon i vinter, og knappe 20.000 av dei gjekk vidare. Men berre 8000 av dei får stå igjen som vinnarar og bli med til førstegongstenesta. Det er fleire grunner til at militæret har blitt så populært, meiner Bøe.

– For det første så er det fordi me har eit godt omdøme som gjer det attraktivt å koma inn. For det andre så trur eg ungdomane pratar med kvarandre og dei seier at dei trivst godt i tenesta, forklarar han.

Men diskusjonen om verneplikt for kvinner gjer også at svært mange kvinner ber om å få gjennomføre førstegongstenesta, seier han.

Historisk mange kvinner i førstegongsteneste

36 prosent av dei som har gått vidare til den andre sesjonsrunden er kvinner, og det kan bety at jenter som får vera med i førstegongsteneste kjem til å nå nye høgder.

Siri Negaard, elev

18-år gamle Siri Negaard synest det er synd at Forsvaret ikkje kan ta inn fleire til førstegongsteneste.

Foto: Kjartan Rørslett / NRK

Blant dei som allereie er komen langt er 18-år gamle Siri Negaard på Oslo Katedralskule. Ho skal inn i førstegongstenesta i militærpolitiet i juli.

– Eg trur det vert spanande, eit innhaldsrikt år der eg veks mykje, og lærer mykje om både meg sjølv og andre menneske, seier Negaard.

Ho kjenne seg ganske heldig, mange av venninnene hennar har nemleg ikkje klart å koma like langt som ho.

– Det er synd både for forsvaret og dei personane som har lyst å vera med og som har kropp og fysikk til det, avsluttar Negaard.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger