Før 1. mai-langhelga opna regjeringa for arrangement med maksimalt 50 personar. Endringa gjeld frå 7. mai, og deltakarane må halde minst ein meters avstand. Samstundes blei rådet om at ein berre kan samla fem personar heime, ståande.
Kan eg ikkje berre kalle meg arrangør, og invitere alle dei 50 eg vil?, har mange nordmenn spurt seg denne helga. Truleg er svaret frå helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) nei.
– Dette er eigentleg ganske enkelt. Er det eit arrangement, som eg trur dei fleste forstår kva er, kan det vere 50 personar med ein meters avstand til kvarandre, seier Høie til NRK sundag.
Arrangementet må ha ein arrangør, og det skal vere på ein offentleg stad, presiserer helseministeren.
«Kan godt vere det går opp»
Der rauk 17. mai-frukosten, tenker du kanskje. Men det er ikkje heilt sikkert. Talet på privatpersonar som kan samlast, ifølgje styresmaktene sine råd, går truleg opp, varslar Høie.
– Seinare denne veka kjem vi tilbake til anbefalingar når det gjeld gruppestorleik, det som folk i dag kjenner som grupper på fem på minst ein meters avstand. Det kan godt vere at det går opp, seier han.
NYTT TAL: Nå er regelen at maks fem kan vere samla. Det talet kan komme til å auke, ifølgje helse- og omsorgsminister Bent Høie (H).
Foto: Vidar Ruud / NTB ScanpixSidan koronatiltaka blei innførte 12. mars, har fleire av dei seinare blitt lempa på. Barnehagebarn og dei fire nedste klassetrinna trenger ikkje lenger vere heime, og hytteforbodet er oppheva.
Samstundes tyder mobildata på at befolkninga alt sidan midten av april har bevega seg meir enn dei gjorde like etter 12. mars. Det kan bety at fleire er saman. Også meir enn fem i slengen.
Og det bør ikkje skje – ennå, ifølgje Høie. Ikkje bursdag. Ikkje fest. Ikkje vennemiddag.
Alt privat: maks fem
– Vi skil ikkje mellom ulike typar. Eit arrangement er på ein offentleg stad, med ein arrangør. For alt som går føre seg privat, heime hos deg, er dagens råd fem personar minst ein meters avstand, seier han, og legg til:
– Men der kjem vi som sagt tilbake med nye råd i løpet av veka. Det kan godt tenkast at det går opp. At det blir fleire enn fem, men med minst ein meters avstand
Det nye talet, kva det enn blir, skal bli sett i samråd med Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet.
Unngår å smitte mange
Medan nordmenn ventar på om dei kan ha åtte, tolv eller kanskje 20 personar samla til 17. mai-frukost, minner helseministeren om kvifor styresmaktene har innført tiltaka.
Avstand på ein meter eller meir reduserer risikoen for smitte, og makstalet på personar skal gjere det lettare å spore kven som var til stades viss nokon seinare skulle vise seg å vere smitta. I tillegg vil ein unngå at mange blir smitta på ein gong.