Hopp til innhold

Endeleg tilbake i barnehagen

SANDNES / FØRDE / MELHUS (NRK): I dag har barnehagar i heile landet gjenopna etter å ha vore korona-stengt i over ein månad.

Lex og Liam

Fem år gamle Lex og Liam er svært glade for å vera tilbake i Langgata barnehage i Sandnes, sjølv om ein del av leikene var rydda vekk.

Foto: Erik Waage / NRK

Over heile landet har det i dag vore gledesscenar, når barnehagane har opna etter å ha vore stengt i 39 dagar.

I Langgata barnehage i Sandnes kasta Eiril (3) seg rundt halsen på barnehagelæraren sin.

– Me har eigentleg øvd på at ho ikkje skal klemma så mykje, men ho er ein klemmar, og klarte nok ikkje å la vera, forklarer pappa, Walid Tofte Musagoni, med eit smil.

Her i Langgata barnehage i Sandnes var det gjensynsglede etter korona-stengt i 39 dagar.

Eiril (3) klarte ikkje styra kjenslene sine. Heldigvis er det lovleg med klemmar i Langgata barnehage i Sandnes.

– Det er lov å klemma, og det må det vera. Det er viktig at me gir omsorg til barna, seier leiar i barnehagen Mary-Ann Kvitli.

Ny kvardag

Det var 12. mars styresmaktene valde å stenge alle barnehagar og skular i Noreg, for å stoppe spreiinga av koronaviruset. No er den gradvise gjenopninga i gang.

– Eg har nesten blitt litt rørt av å sjå alle desse gledesscenane. Dei tilsette har jo også gleda seg veldig til dette, seier Kvitli.

– Det var ganske godt å vera tilbake, men nokon har tatt leikene. Dei har tatt favorittleiken min, det var litt dumt, seier fem år gamle Lex, som er eitt av barna som nå er tilbake.

Det er ein grunn til at ikkje alle leikene er der, og det er smittevern. I samband med gjenopninga er det utarbeidd ein eigen smittevernrettleiar for barnehagar, eitt av punkta går ut på at talet på leiker skal reduserast for å letta reingjeringsarbeidet.

Berre for friske barn

– Dette er ein ny måte å driva på. Barna skal vera i klynger med ein fast tilsett. Foreldre får ikkje koma inn om det ikkje er veldig nødvendig. Det blir mykje ansvar på dei tilsette med tanke på vask og desinfisering, seier Kvitli.

Assisterende direktør i Helsedirektoratet Espen Nakstad

Fungerande assisterande helsedirektør, Espen Rostrup Nakstad.

Foto: Ørn E. Borgen / NTB scanpix

Fungerande assisterande helsedirektør, Espen Rostrup Nakstad, seier han har tiltru til jobben som nå blir gjort i barnehagane.

– Dei har førebudd seg veldig godt. Det er viktig å understreka at det er friske barn som kjem nå. Dei som har feber, hostar eller snufsar, må halda seg heime, seier Nakstad til NRK.

Han seier at nesten ingen testar positivt på korona i aldersgruppa null til ni år.

– Det er nok ein frisk gjeng med barnehagebarn som kjem tilbake denne veka.

– Blir nok litt famling

I Førde i Vestland var det 3 år gamle Oliver som var første mann inn dørene i Solsida barnehage. Han såg seg ikkje tilbake då han var kommen på plass.

Oliver (3) var første mann som blei levert på Solsida barnehage i førde

Oliver (3) saman med far Martin Skei Bakketun.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

– Eg gler meg til å leike, var den korte kommentaren NRK fekk på veg inn.

For barnefar Martin Skei Bakketun, som stort sett har vore heime og passa på Oliver, var også gleda stor.

– Det er lenge sida det har vore så lett å sende han av garde.

Styrar Elin Hagen i Solsida barnehage er både spent og glad for å få tilbake ungane i barnehagen igjen. Ho trur det vil ta litt tid før både tilsette og borna vert vande med alle dei nye reglane.

– Det blir nok litt famling den første veka, men me skal gjere så godt me kan, seier ho.

Ho fortel at dei har fått varierande tilbakemeldingar frå bekymra foreldre. Ho meiner likevel at ungane er i gode hender.

– Ein del er engstelege og lurar på om det er lurt, og det forstår eg veldig godt. Ein veit ikkje, men eg både trur og håpar at det skal vere trygt å vende tilbake igjen.

Soneinndeling

I Kleppe Friluftsbarnehage på Klepp på Jæren har uteområdet blitt delt inn i seks ulike soner.

Det er òg hange opp sperreband. I dag blir barna delt inn i grupper på seks og seks, og kan leike i den faste sona si.

Kleppe Friluftsbarnehage

Slik ser det ut i Kleppe friluftsbarnehage.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

Også ved Løvset barnehage i Melhus i Trøndelag blei foreldre og barnehagebarn møtt av sperreband som delte opp barnehagens uteområde.

Marthe Ingeborg Hammer, mor til tre, leverte i dag sine to minste barn i barnehagen. Ho fortel at femåringen reagerte på sperrebanda, men at ungane takla levering i barnehagen heilt fint.

– Eg tenker at det er trygt, og stoler på det styresmaktene har bestemt, seier Hammer om barnehageopninga.

Løvset barnehage i Melhus i Trøndelag

Løvset barnehage i Melhus i Trøndelag.

Foto: Edward Johansen Stenlund / NRK

At det er trygt meiner også kunnskapsminister Guri Melby, som leverte fire år gamle Eiliv i Espira Marienfryd i dag.

– Eg er veldig glad for at råda me fekk frå ekspertgruppa som me sette ned var så klare. At er helsemessig trygt å opna barnehagane nå. I Island, Finland og Sverige har barnehagane vore oppe, og det har vore veldig lite smitte hos barn her, seier ho.

Kunnskapsminister Guri Melby og Eiliv Hansen Melby 4 år leverer i Espira Marienfryd

Her leverer kunnskapsminister Guri Melby fire år gamle Eiliv Hansen Melby i barnehagen Espira Marienfryd.

Foto: Rahand Bazaz / NRK

Fleire held ungane heime

Men mange vel å halde ungane heime i dag, skal vi tru ei undersøking av Opinion for NRK. 24 prosent seier dei vil halde barna heime frå barnehagen i dag. 13 prosent er usikre.

Til vanleg er det 77 ungar i barnehagen på Jæren. I dag kjem berre 50 av dei.

– Vi rekna med litt svinn. Det er ulike årsaker til det, men nokon er òg litt redde. Eg håper det kjem fleire etter kvart. Vi gjer det vi kan for at alt skal vere trygt.

– Ein barnehage utan barn, er ikkje noko kjekt. Dette har vi gledd oss til, legg ho til.

Fleire har vore ute i media den siste tida og sagt frå om at det er liten grunn til bekymring, når barnehagane blir igjen opna. Mellom anna to barnelegar. Barneombod Inga Bejer Engh gav foreldre råd om å lytte til fakta og ikkje så mykje frykta.

Framleis er det mange bekymra foreldre. Det har ført til at sjukehus har blitt nedringde.