NRK Meny
Normal

Regjeringa med tiltaksplan mot vald mot born

Regjeringa legg torsdag fram ein tiltaksplan på 43 punkt som skal hindre vald og seksuelle overgrep mot born og unge. – Førebygging, kunnskap og trygge foreldre er heilt avgjerande, seier statsrådane Solveig Horne og Bent Høie.

Innslag i Dagsrevyen.

VIDEO: Sjå innslaget i Dagsrevyen.

  • Barne- og likestillingsminister Solveig Horne (Frp) og helseminister Bent Høie (H) seier at det er viktig å gi ein tidleg omsorgsinnsats til alle som treng det.

Helsestasjonane blir pålagde å sjekke grundigare om born blir utsette for overgrep og melde frå dersom dei har mistanke. Det er eitt av dei 43 nye tiltaka.

– Meir handling

Barne- og integreringsminister Solveig Horne (Frp).

Barneminister Solveig Horne (Frp) trur den nye tiltaksplanen vil føre til raskare handling.

Foto: Sindre Løkstad / NRK

– Tiltaksplanen skal gjere at vi får meir mot, ser meir, høyrer meir og handlar meir, seier dei to statsrådane til NRK. Ved sida av Horne og Høie er også justis- og beredskapsminister Anders Anundsen og kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen med på tiltaksplanen.

Barne- og likestillingsminister Solveig Horne meiner at det viktigaste med den nye tiltaksplanen er at valdsutsette born kjem tidlegare inn til behandling, at dei får avdekt fleire saker og det blir mogleg å handle raskare.

NRK har i en serie artikler i høst sett søkjelys på den eksplosive auken i politimelde tilfelle av vald mot born. I 2006 vart 81 slike saker melde til politiet, medan talet i fjor var på 1791.

Ber om øyremerking

Lars Due-Tønnessen er spesialrådgjevar i Redd Barna.

Lars Due-Tønnessen i Redd Barna er kritisk til at pengane frå regjeringa ikkje er øyremerkte.

Foto: Sindre Løkstad / NRK

Helsestasjonar og skulehelsetenesta får 200 millionar ferske kroner til å følgje opp den nye tiltaksplanen, men pengane er ikkje øyremerkte. Det kan bli eit problem, meiner fleire.

Lars Due-Tønnessen er spesialrådgjevar i Redd Barna og jobbar dagleg med born som har vore utsette for vald og overgrep. Han er kritisk til at pengane til den nye satsinga ikkje er øyremerkte.

– Vi veit at kommunane har trong økonomi, og vi veit at kommunane brukar pengane til andre ting. Det er svært viktig at midlane til desse viktige tiltaka blir øyremerkte, seier han til NRK.

Betre kompetanse

Dei 43 tiltaka kan samanfattast i ni overordna punkt:

  • Dei kommunetilsette skal få betre kompetanse i å samtale med born om vald og seksuelle overgrep.
  • Kompetanse om vald og overgrep skal med i spesialistutdanninga for allmennlegar. Obligatoriske kurs for allmennlegar og barnelegar skal vurderast. Kunnskap og vald og overgrep skal inn i helse- og sosialfagutdanningane og barnehage- og grunnskuleutdanningane.
  • Ei ekspertgruppe vil få i oppdrag å analysere eit utval saker der born og unge har vore utsette for vald og seksuelle overgrep. Målet er å avdekkje svikt og utfordringar i handteringa av slike saker.
  • Det skal utviklast nasjonale faglege retningsliner for helsestasjons- og skulehelsetenesta. Arbeid mot vald skal inn i formålsparagrafen for desse tenestene.
  • Livsmeistring som tema skal inn i skulen.
  • Utvikle ein ny ungdomshelsestrategi, med tema vald og overgrep.
  • Særlege tiltak innanfor førebyggjande tiltak overfor dei minste borna.
  • Betre og meir systematisk samarbeid mellom helsestasjonar og familievernet, blant anna gjennom eit forsøksprosjekt med felles retningsliner.

LES OGSÅ: Foreldre siktet for vold mot egen baby

LES OGSÅ: Justisministeren om ventetiden: Fullstendig uakseptabelt

LES OGSÅ: Voldsutsatte barn må vente over 200 døgn på avhør

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger