Hopp til innhold

Bistandsadvokaten snakkar for drepne Rahavy i Debatten: – Ho var redd han

– Familien ser på dette som eit varsla drap, seier bistandsadvokaten. No seier justisministeren at lovendringa om omvendt valdsalarm kan tre i kraft før påske.

Bistandsadvokat Pirashanthy Sivabalachandran i debatten

Pirashanty Sivabalachandran er bistandsadvokaten til den etterlatne familien.

Foto: Lars Os

30 år gamle Rahavy Varatharajan blei skoten og drepen i Elverum måndag 1. januar i år.

– Familien ser på dette som eit varsla drap, seier Pirashanty Sivabalachandran.

Ho bistandsadvokaten til den etterlatne familien. I kveld heva ho stemma for drapsofferet i Debatten.

Varatharajan vart funnen i ein bil natt til tysdag. I same bil vart ein mann i 30-åra funnen, hardt skadd av skotskadar som han seinare døydde av.

Det var 30 år gamle Rahavy Varatharajan som ble skutt og drept i Elverum mandag kveld. De etterlatte beskriver henne som sterk, omsorgsfull og livsglad.

Ein mann (32) er sikta for drapet på Rahavy Varatharajan.

Foto: privat

Han er sikta for drap. Dei to hadde ein kortvarig relasjon for om lag eitt år sidan. I april i fjor vart mannen pålagt forbod mot å oppsøke Varatharajan.

Bad om alarmar, fekk nei

Forbodet braut han fleire gongar. Varatharajan bad om både valdsalarm og omvendt valdsalarm fleire gonger, men fekk avslag.

Ho fekk ei rekkje anonyme tekstmeldingar, deretter fekk familien hennar det same. Så kom det rekommandert post og det vart hengt opp oppslag på offentlege bygg. Det vart også gjort hærverk på bilen som ho frykta han stod bak.

Sjå Debatten om vald i nære relasjonar, valdsalarm og partnardrap her:

Hvorfor er det de kvinnelige ofrene som må ha voldsalarm når det er mennene som truer?

Kvifor er det de kvinnelege offera som må ha valdsalarm når det er mennene som trugar?

Ho spurte også om moglegheitene for å bu på hemmeleg adresse.

– Korleis tok ho avslaget på å ikkje få valdsalarm?

– Eg trur ikkje ho klarte å akseptere det. Vi sende søknad på nytt og på nytt, nesten månadleg, seier Sivabalachandran i Debatten.

Ifølgje henne førte ikkje eskalerande åtferd hos den sikta til tilstrekkeleg tiltak frå politiet si side.

– Klienten min meldte gjerningspersonen gong på gong, for å sjå at dei fleste av politimeldingane vart lagde vekk. Ho var redd han, seier Sivabalachandran.

Spesialeininga for politisaker har no bestemt seg for å starte innleiande undersøkingar etter drapet. Deretter blir det avgjort om det skal saka skal etterforskast.

Les også 2024 har så vidt starta, men allerede har flere drap rysta landet

Varslar framskunding

I november i fjor vedtok Stortinget endringar i lovverket, som legg til rette for auka bruk av omvendt valdsalarm. Endringane trer i kraft 1. juli.

I dag seier Politidirektoratet til NRK at dei er positive til at endringa trer i kraft før.

Justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) seier i kveld at endringane kan kome til å i kraft tidlegare enn planlagt. Ho seier regjeringa jobbar på spreng.

– Regjeringa prøvar no å få på plass dei vedtekne lovendringane om omvendt valdsalarm allereie før påske og ikkje 1. juli som tidlegare uttalt.

Også Håkon Skulstad, assisterande direktør Politidirektoratet, deltok i Debatten. Han kunne ikkje svare på om politiet vil vere klare før påske.

Justisminister Emilie ENger Mehl i Debatten

Fleire har ivra for ei framskunding av lovendringa som legg til rette for auka bruk av omvendt valdsalarm. No lyttar Emilie Enger Mehl (Sp). Håkon Skulstad, assisterande direktør i Politidirektoratet, til høgre i bildet.

Foto: Lars Os

Fleire har ivra for nettopp det, mellom andre Andreas Sjalg Unneland som er SV sin justispolitiske talsperson.

– Omvendt valdsalarm reddar liv, og jo raskare dette kjem på plass, jo betre. Det er djupt tragisk at det har tatt så lang tid.

Andreas Sjalg Unneland

Andreas Sjalg Unneland i SV vil ha raskare innføring av lovendringane.

Foto: Rune Hansen

Leiaren for justiskomiteen på Stortinget, Per-Willy Amundsen (Frp) har tidlegare tatt til orde for meir bruk av omvendt valdsalarm. Han er tydeleg også no:

Det er komplett uforståeleg at det har tatt så lang tid å gjennomføre det Stortinget har vedtatt. Politiet og domstolane har vore altfor tilbakehaldne, seier han i Debatten.

KrF-leiar Olaug Bollestad støttar raskare innføring, men meiner det ikkje er nok.

– Vi kan ikkje tru omvendt valdsalarm vil løyse heile problemet. Det er eit viktig skritt i riktig retning, men vi har framleis ein veg å gå for å trygge alle som lever med vald og trugslar, seier Bollestad.

Les også Støre om drapa: – Det gjer djupt inntrykk

AKTUELT NÅ