Med råd om å halde avstand og stengde butikkar mange stader, har pandemien har ført til at vi har endra handlevanane våre.
No handlar vi så mykje på nett at pakkesentralane til Posten ser ut som vi er komne til desember.
– No er det veldig mykje å gjere. Pandemien har fungert som ein turbomotor på netthandelen. No behandlar vi like mange pakkar som vi gjer rundt Black Friday og ved juletider. Så julerush i april er vi ikkje så vande med, men det går bra, seier pressesjef Kenneth Tønndal Pettersen i Posten.
Det er verken Black Friday eller julegåverush. På pakkesentralen til Posten i Oslo jobbar dei for fullt. Pandemien har gjort at folk handlar meir på nett, og det gjer at det blir sendt fleire pakkar.
Foto: PostenPakkane kan bli forsinka
Netthandelen auka kraftig i 2020 på grunn av pandemien. Og det veksten ser ut til å halde fram etter at dei første månadane av det nye året. Dette har kome overraskande på alle, seier Pettersen.
– Ingen hadde rekna med at netthandelen skulle løfte seg opp på det nivået vi ser no. Berre i mars har vi handtert over 60 prosent fleire pakkar frå netthandelen, samanlikna med det vi gjorde i fjor, seier han.
Posten har svært travle tider for tida, seier pressesjef Kenneth Tjønndal Pettersen i Posten.
Foto: PostenFordi det har blitt meir å gjere, har posten også måtte hente inn fleire folk til å ta unna haugane med pakkar. Men dei store mengdene gjer at det også kan ta litt lenger tid å få pakkane fram.
–. Dei fleste får pakkane sine når de skal. Men med så store volum som no, kan det bli nokre forseinkingar. Vi oppfordrar difor kundane til å hente pakkane så snart dei kan.
- Les:
- Les:
I tillegg er det stadig fleire som ønsker å få pakkane levert på døra. Difor har Posten også måtte leige inn fleire e-varebilar for å få til dette.
– Heimlevering av pakkar har blitt ein del av det nye handlemønsteret. Og det er i kraftig vekst. Vi ser det spesielt i Oslo, men også i andre delar av landet, seier Pettersen.
Posten ber kundane om å ikkje vente med å hente pakkane når dei får hentemelding.
Foto: Jihad El Dor / PostenBer kundane tenke smittevern
Ein av dei som har merka at det er fleire som handlar på nett no, er Kristian Rauan. Han er ansvarleg for Post i butikk ved Rema 1000 Ila i Oslo.
– Vi merka ein auke like før påske. Og no etter påske har det vore heilt ekstremt. Det er nesten som når det er jul, seier han.
Han opplever at folk stort sett er flinke til å følge rådet med å hente pakkane når dei får melding om det. Likevel hender det at dei ikkje klarer å ta unna alle pakkane, slik at dei ikkje blir skanna inn før neste dag.
Postansvarleg Kristian Rauan ved Rema 1000 Ila i Oslo seier folk stort sett er flinke til å hente pakkane sine raskt.
Foto: Trine Svanholm Misje / NRK– Det kom spesielt mange pakkar rett etter påske. Då blei nokre pakkar ståande før dei blei skanna inn. Då var det enkelte som spurte kvar pakken var blitt av. Men sjølv om det blir forseinkingar, tek folk det stort sett bra.
- Les:
- Les:
Og når du skal hente pakken din, rår Rauan folk til å tenke smittevern så langt dei kan.
– Når folk skal hente pakkane sine, kan det vere lurt å hente dei tidleg eller seint på dag. Då er det mindre folk i butikken. Men dersom det er kø, er folk flinke til å vente på tur, seier han.