Garnbutikk offer for ID-tjuveri – takkar kundane

Då Victoria Berg og Grete Iversen blei kontakta av kundar som hadde blitt bede om å oppgi kortnummer for å ta imot premie i konkurransen garnbutikken hadde lyst ut, forstod dei at svindlarar var på ferde.

Grete Iversen og Victoria Berg Gretes Håndarbeid AS i Leknes i Lofoten.

OPPLEVDE SVINDEL: Grete Iversen og Victoria Berg ved Gretes Håndarbeid AS opplevde at svindlarar gav ut seg for å vere dei på sosiale medium.

Dei siste to åra har meir enn 100.000 nordmenn opplevd ID-tjuveri, viser ei undersøking. Folk mellom 45 og 59 år og dei under 30 år er mest utsett.

Og på sosiale medium er også internasjonale svindlarar aktive.

På Leknes i Lofoten opplevde garnbutikken Gretes Håndarbeid at svindlarar oppretta falske Facebook-profilar som gav ut seg for å vere butikken.

– Dei falske profilane såg heilt like ut som våre sider, fortel Victoria Berg, som er ansvarleg for sosiale medium i Gretes garnbutikk i Lofoten.

Svindlarane er på hogget når garnbutikken kunngjer konkurransar.

Grete Iversen – innehaver/eier av Gretes Håndarbeid AS i Leknes i Lofoten.

Innehavar Grete Iversen er glad for å ha årvakne kundar.

Foto: Privat


– Dei kontaktar dei som deltar i konkurransar hos oss, og fortel at dei har vunne konkurransen. Deretter blir dei bedne om å registrera seg via ei lenkje dei får tilsendt, for å ta imot premien. Samtidig blir dei bedt om å legge att kortinformasjon.

– Har brukt Google for å omsette

Victoria Berg har ikkje fått tilbakemelding frå kundane om at nokre av dei har blitt svindla.

– Vi er veldig glade for at folk er merksame. Nokre forstår at det er svindel. Andre kontaktar oss for å spørje om dette er oss. Det er uansett leit når det går ut over kundane våre. Kundane har tillit til oss.

Grete Iversen – innehaver/eier av Gretes Håndarbeid AS i Leknes i Lofoten.

På Leknes i Lofoten opplevde Gretes garnbutikk at svindlarar oppretta falske Facebook-profilar som gav ut seg for å vere butikken.

Foto: Privat

Berg seier ho ikkje veit kven som står bak de falske profilane.

– Det er heilt umogeleg å finne ut av. Vi ser på språket at dei truleg ikkje er norske Dei har tydelegvis brukt Google for å omsette.

Når garnbutikken oppdaga svindelforsøka kontakta dei Facebook og Instagram slik at dei falske profilane blir tatt ned.

Deretter opplyser dei kundane om at det er falske kontoar i omløp, korleis dei opererer og at garnbutikken aldri ber om kortinformasjon for at folk skal ta imot premien.

Håpar nasjonale ID-kort vil hjelpa

Historia frå Lofoten handlar om å gje frå seg kortinformasjon til uvedkomande på sosiale medium.

Undersøkinga er utført av Respons Analyse på vegner av Skatteetaten og Norsk senter for informasjonssikring (NorsIS). Den viser at 3,6 prosent av dei spurde seier dei har fått identiteten deira misbrukt i løpet av dei to siste åra.

– Framleis opplever altfor mange å få ID-en sin misbrukt. Det må vi gjere noko med, seier Marianne Henriksen, fagdirektør for ID-forvaltninga i Skatteetaten.

Marianne Henriksen i Skatteetaten

– Framleis opplever altfor mange å få ID-en sin misbrukt, seier Marianne Henriksen i Skatteetaten.

Foto: Skatteetaten

Falske profilar på Instagram og Facebook er ein form for ID-tjuveri. Ifølgje Henriksen er den heilt presise definisjonen:

«Når nokon anskaffar, overfører, sit på eller står fram som rette innehavar av personlege opplysningar tilhøyrande ein privatperson eller selskap på ei uautorisert måte, med den hensikt å gjere seg skuldig i bedrageri eller annan kriminalitet.»

Skatteetaten håpar innføring av dei nye nasjonale ID-korta vil redusere ID-misbruket i samfunnet.

– Undersøkinga viser behovet for at alle innbyggjarane treng ein trygg og sikker ID som er vanskeleg å misbruka. Enten det er for å sikre at uvedkommande ikkje kjøper varer og tenester i ditt namn, eller det er for å stoppe bruken av falske og fiktive identitetar, seier Henriksen.

Netthandel på topp

Den årlege undersøkinga viser at halvparten av ID-tjuveria skjer i forbindelse med kjøp i nettbutikkar, opplyser seniorrådgjevar Eivind Reine-Holm i Norsis.

Norsis-Eivind
Eivind Reiner-Holm, NorSIS Norsk senter for informasjonssikring

– Eit ID-tjuveri er ei stor belastning, både økonomisk og emosjonelt, seier seniorrådgivar i Norsis Eivind Reiner-Holm.

I nær halvparten, 47 prosent, av tilfella, har det skjedd ved at ein framand har kjøpt ei vare på internett og oppgitt falskt namn.

I tillegg seier 22 prosent at identiteten deira blei misbrukt i samband med kjøp av ei teneste eller abonnement på internett.

– Det er korleis du opptrer på nett som gjør deg meir eller mindre sårbar. Er du meir forsiktig med å spreie personlege opplysningar, eller er flink med å sikre brukarinnloggingane dine, er det mindre sannsynleg at du blir rammast av et ID-tjuveri.

Det er framleis slik at svindlarane ligg eit stykke framføre forbrukarane.

– Dei som har vonde hensikter ligg alltid litt framfor. De vil alltid prøve å utnytte nye smotthol.

Reine-Holm opplyser at korona-nedstenginga det siste året ikkje har hatt den forventa utviklinga i svindelstatistikken.

– Ein skulle kanskje tru at misbruket ville auke. At svindlarane ville utnytte situasjonen vi har vore i. Derfor er vi letta over at statistikken ikkje har skoten i været. Samstundes synest vi at det er for mange som blir utsett for ID-tjuveri.