Hopp til innhold

Trassar politiet sitt pride-råd: – Nektar å gøyme meg i min eigen by for den eg er

Fleire storbyar planlegg pride-arrangement, trass i Politidirektoratet si anbefaling om å utsette dei.

Fleire tusen folk samla seg på Rådhusplassen måndag 27. juni.

RÅDHUSPLASSEN: Tusenvis samla seg på Rådhusplassen i Oslo måndag kveld, sjølv om arrangementet vart avlyst.

Foto: Håkon Benjaminsen / NRK

– Innbyggjarane sin tryggleik er det viktigaste. Slik trusselsituasjonen er no, kan vi ikkje garantere for sikkerheita dersom pride-arrangementet blir gjennomført i Mo i Rana.

Det seier Kai Eriksen i Nordland politidistrikt.

Politiet vil utsette tysdagens pride-arrangement i Mo i Rana. Men arrangøren trassar anbefalinga, og arrangere likevel.

– Eg nektar å gøyme meg i min eigen by for den eg er, seier leiar for Mo i Rana pride, Margrethe Møllevik til NRK.

Margrethe Mølllevik med Pride-flagg

GJENNOMFØRER: Margrethe Møllevik og Mo i Rana pride gjennomfører trass i at politiet har anbefalt å utsette pridemarkeringa.

Foto: Privat

Ho fortel at ho snakka med politiet i Rana seinast i 21-tida i går kveld. Då var dei rolege og sa at dei berre skulle gjennomføre, ifølge henne.

I dag kom kontrabeskjeden: Dei anbefalte å avlyse arrangementet.

Politiet vil likevel vere til stades, fortel stabssjef i Nordland politidistrikt, Bent-Are Eilertsen.

Ordføraren i Mo i Rana, Geir Waage, anbefaler innbyggjarane å lytte til politiet og droppe markeringa tysdag, melder NTB.

LES OGSÅ Folk trassa politiets råd: – Det er for å visa at kampen held fram

STORE FOLKEMENGDER: Mange tok turen til Rådhusplassen i Oslo måndag kveld. Redigert.

Politidirektoratet anbefalte å avlyse

Fleire hadde eit sterkt behov for å samlast etter skytinga i Oslo sentrum natt til laurdag.

Støttemarkeringa på Rådhusplassen i Oslo i går vart avlyst av arrangørane. Tusenvis trassa politiet sitt råd, og møtte opp likevel.

Måndag kom politidirektør Benedicte Bjørnland med ei tydeleg anbefaling om å avlyse pride-markeringar over heile landet. Denne vart sendt ut til alle landets politidistrikt.

Årsaka er at Politiets tryggingsteneste (PST) vurderer at landet framleis står i ein ekstraordinær trusselsituasjon.

Politiet ventar ei ny trusselvurdering frå PST om kort tid.

Det blir jobba på spreng for å få oversikt over det politiet sjølv omtalar som ein «uavklart situasjon».

– Kor lenge kan vi forvente å vere i ein slik situasjon?

– Eg håpar vi snakkar om kort tid. Kanskje nokre veker, og i beste fall nokre dagar. Eg har ikkje den detaljinformasjonen. Eg veit at PST gjer alt dei kan – dei jobbar døgnet rundt, sa Bjørnland til NRK tysdag morgon.

LES OGSÅ Politidirektøren: – Vi er med rette bekymra

Benedicte Bjørnland

Krev meir konkrete grunngjevingar

Avlysingane og utsettingane av pride-arrangement nasjonalt har ført med seg kritikk.

Politisk kommentator i Bergens Tidende, Eirin Eikefjord, kritiserer myndigheitene for å ikkje gjere nok for å sikre skeive sin forsamlingsrett.

Ho meiner politiet sine grunngjevingar ikkje er konkrete, og krev eit betre svar.

– Problemet er at vi får veldig vage, ulne grunngjevingar for avlysingar av kjempeviktige arrangement som også er ein vesentleg del av forsamlingsfridomen, seier Eikefjord i Dagsnytt 18.

Politidirektør Bjørnland svarar med at PST si tryggleiksvurdering enno ikkje er geografisk avgrensa, men at det kan bli tydelegare etter kvart.

Justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl (Sp), svarar at ho forstår at det er frustrerande og vondt, men seier politiet og PST si tryggingsoppgåve er viktig.

– Det er også viktig og riktig at vi har trusselvurderinger som gjer at ein kan vite at vi har ein uavklart trusselsituasjon, og dermed også gjere vurderingar i politiet om kva tiltak som er naudsynte for at folk skal vere sikre.

Fleire politidistrikt anbefaler å utsette

Så langt har politidistrikta Nordland, Vest og Agder og Sør-Aust anbefalt å avlyse eller utsette planlagde pride-markeringar og støttemarkeringar.

Styret i Haugaland pride vil ikkje følgje anbefalinga frå lokalt politi, og vel å gjennomføre markeringa tysdag.

– Lojaliteten til dei skeive er sterkare enn anbefalinga til politiet, og vi føler det ikkje er veldig utrygt, seier leiar i Haugaland pride, Mirjam Bjerkenes.

Leier for fellesoperativ eining i Vest politidistrikt, Gunnar Fløystad fortel at frårådinga ikkje er gjort med lett hjarte.

– Men det handlar kort og godt om risiko for liv og helse, seier Fløystad til NRK.

Dei skeive organisasjonane i Bergen hadde planlagt ei solidaritetsmarkering på onsdag etter masseskytinga i Oslo i helga.

Markeringa blir no utsett etter anbefalinga frå Vest politidistrikt, fortel Joakim Aadland, festivalsjef i Regnbuedagene i Bergen.

Joakim Aadland, festivalsjef Regnbuedagene

BERGEN: Joakim Aadland, festivalsjef Regnbuedagene i Bergen, fortel at støttemarkeringa som var planlagt onsdag blir avlyst etter anbefalinga frå politiet.

Foto: Åsmund Gullachsen

– Eg synest det er ufatteleg trist. Vi er mange som ynskjer å møtast no. Eg håpar politiet snart kan sette ned beredskapsnivået, og at vi snart kan komme tilbake og vere synlege i gatene.

Fri Agder i Kristiansand har valt å følga anbefalinga til politiet. Det same gjer Risør.

– Vi har fått gode, klare råd frå politiet. Vi har avlyst arrangementet. Og så får vi sjå om vi kjem tilbake seinare når det blir meir «safe» å gjere det. For oss er det folk sin tryggleik som er førsteprioritet, seier Åge Bjelland i Fri Agder.

Trondheim arrangerer støttemarkering

I Trondheim er dagens støttearrangement ikkje avlyst. Facebook-arrangementet til markeringa på Torvet har nærmare 2000 interesserte deltakarar.

Politiet er til stades, og kommunen har i tillegg hyra inn vektarar for å sørge for tryggleiken under arrangementet.

Eivind Rindal i Trondheim Pride

VITNE: Eivind Rindal, leiar i Trondheim pride, hamna sjølv i skytedramaet i Oslo natt til laurdag. Trondheim vel å gjennomføre støttemarkering som planlagt tysdag ettermiddag.

Foto: Linda Bjørgan / NRK

– Det er utruleg viktig at vi ikkje lar terror og trugslar om vald truga oss tilbake i skapet, seier Eivind Rindal, leiar i Trondheim pride.

Politiet i Trondheim har ikkje kome med noko anbefaling om å avlyse. Rindal seier at dei har bedt politiet om ei trusselvurdering avgrensa til arrangementet i kveld, og seier at dei har valt å ikkje avlysa på bakgrunn av denne.

Rindal vart sjølv vitne til skytinga i Oslo natt til laurdag. Han overlevde Utøya-terroren i 2011, og seier at han hamna rett i same modus denne gongen.

– Eg blei sjokkert og sint. Men ikkje overraska. Det var akkurat som eg hadde hatt ein følelse av at noko slikt ville skje. Illusjonen om at ingenting kan skje, mista eg på Utøya, sa han til NRK laurdag.

LES OGSÅ Utøya-overlevende opplevde nytt skytedrama

Eskil Pedersen

Finnmark: – Ingen konkret trussel

I Finnmark skal dei gjennomføre første pride-markering denne veka.

Ansvarleg leiar for politistasjonane i Finnmark, Øyving Lorentzen, fortel at dei ikkje er kjende med truslar i Finnmark, verken mot personar eller miljø.

Øyvind Lorentzen

POLITIET: Øyvind Lorentzen, leiar for politistasjonane i Finnmark.

Foto: Jørn Inge Johansen

Også i Trysil skal pride arrangerast for første gong til helga.

Hendinga i Oslo beviser at pride er enno viktigare enn før. Sidan vi er eitt av dei første offisielle pride-arrangement etter Oslo, reknar vi med at det blir fleire som vil komme til Trysil for å markere nettopp dette, seier Lisanne Freudenborg, leiar i foreininga Trysil-pride til NRK.

AKTUELT NÅ