Hopp til innhold

Meiner det kan bli naudsynt å utsette Stortingets sommarferie

Stortinget bør vurdere å utsette sommarferien etter terror-rapporten som kom med knusande kritikk av PST torsdag, meiner leiar for justiskomiteen, Per-Willy Amundsen (Frp).

Per-Willy Amundsen

VIL IKKJE VENTE: Per-Willy Amundsen (Frp) meiner Stortinget ikkje kan vente til oktober med å ta stilling til utgreiinga frå justisministeren om Pride-skytinga i Oslo i fjor.

Foto: Dan Henrik Klausen / NRK

Torsdag kom evalueringsrapporten etter terrorangrepet i Oslo 25. juni i fjor, der to blei drepne og fleire skadde då ein mann skaut mot folkemengder i Oslo sentrum.

PST får kraftig kritikk i rapporten, som konkluderer med at angrepet kanskje kunne ha vore avverja dersom tryggingstenesta hadde handla annleis.

Onsdag skal justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) møte Stortinget for å gjere greie for det som kjem fram i rapporten.

Leiaren for justiskomiteen på Stortinget, Per-Willy Amundsen (Frp), meiner det kan bli naudsynt å utsette sommarferien for å få behandla denne utgreiinga.

– Stortinget går frå kvarandre neste fredag. Dersom det blir naudsynt, meiner eg vi må ta oss den tida vi treng for å få til eit møte og behandle dette. Stortinget kan ikkje vente til oktober med å ta stilling til det justisministeren har gjort greie for.

Ventar at justisministeren tek ansvar

Amundsen meiner Mehl må kome med konkrete tiltak i neste veke.

– Ho må kunne legge fram overbevisande tiltak til Stortinget som viser at ho handterer situasjonen.

Han får støtte frå blant andre Raudt og leiaren i familie- og kulturkomiteen, Grunde Almeland (V), som forventar at justisministeren og regjeringa tek eit større ansvar for det som har skjedd, enn det dei har gjort til no.

– Eg ønsker at ho skal komme til Stortinget og seie at «dette er mitt ansvar, det tek eg på alvor, og no har eg ein plan for korleis vi skal gå fram og få rydda opp i dette». Det er orda den skeive bevegelsen har sakna heile det siste året.

Les også Reagerer på terror-rapporten – usikker på om han tør å feire pride i Oslo

Lars-Bjørnar står i en grå kofte, med regnbue-hjerter på brystet, foran en mørkegrønn hekk. Han har kort, rødlig hår og ser rett inn i kameraet.

Også Høgre og Sveinung Stensland krev meir handlekraft når det blir gjort greie for rapporten i Stortinget.

– Funna er så galne at dei må bli tekne tak i med ein gong. Korleis dette blir følgd opp, vil avgjere kva tillit Høgre har til justisministeren.

Medlem i justiskomiteen, Ivar Prestbakmo (Sp) meiner det at statsråden kjem i Stortinget for å orientere, viser at ho og regjeringa tek det som kom fram i rapporten på alvor. Så blir det opp til Stortinget å avgjere kva dei vil gjere med utgreiinga vidare.

– Det er viktig vi alle har eitt fokus, og det er at vi må få rydda opp i dei tinga som gjer at slike ting kan komme fram i ein rapport, og at vi må gi tryggleik for det skeive miljøet i Noreg.

Vil møte organisasjonane til dei skeive

Fredag morgon møtte justisministeren politidirektør Benedicte Bjørnland og PST-sjef Beate Gangås. Møtet blei halde som ei følge av det som kom fram i rapporten som blei lagd fram dagen før.

Etter møtet fortalde Gangås at det hadde vore eit godt møte, og at dei ville komme tilbake med konkrete tiltak seinare.

– Alle bør gå i seg sjølve, også eg, sa ho då ho møtte pressa.

PST-sjef Beate Gangås snakker med journalister etter å ha møtt justisminister Emilie Enger Mehl fredag morgen.

PST-sjef Beate Gangås snakkar med journalistar etter å ha møtt justisministeren fredag morgon.

Foto: NTB

Også politidirektør Benedicte Bjørnland var nøgd med møtet, som ho meinte var godt og effektivt.

– Justisministeren var oppteken av at vi skulle jobbe godt og effektivt med funna i rapporten, og at vi skulle komme tilbake i slutten av månaden med konkrete tiltak om korleis vi tenker å ta funna vidare.

Les også Emilie Enger Mehl får krass kritikk etter terror-rapport: – Må ryddes opp i!

 Justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl (Sp) kommenterer evalueringsrapporten etter 25. juni 2023 i Marmorhallen.

Mehl har ei klar forventning om at rapporten blir følgd opp, og sa til NRK etter møtet at ho hadde fått forsikringar om at arbeidet allereie var i gang.

– No må PST og politiet lage ein oppfølgingsplan til utgangen juni.

Ho sa også at det no er viktig å involvere dei skeive organisasjonane.

– Det er kjempeviktig at vi kjem dei skeive organisasjonane i møte. Eg skal sjølv møte dei i neste veke.

AKTUELT NÅ