Hopp til innhold

PST: Ingen infor­masjon om plan­lagde angrep mot pride 2024

Pride 2024 er i kjømda. Politiets sikkerheitsteneste (PST) seier dei ventar mange truslar, men at det ikkje er noko som tilseier planlagde valdelege angrep.

Trusselvurdering

TRUSSEL: Emilie Enger Mehl er glad for at trusselen mot skeive mål er noko meir moderat enn tidlegare.

Foto: Julianne Flølo / NRK

– Ekstremisme er ei samfunnsutfordring vi har. Skeive er ein del av målbilde til ekstremistar, seier justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl (Sp).

– Eg er glad for å høyre at trussel er noko meir moderat enn tidlegare.

«PST har per no ingen informasjon som seier at nokon planlegg valdelege angrep mot Pride- og LHBT+-relaterte arrangement og samlingar i Noreg i 2024.».

Det står i trusselvurderinga i høve pride 2024 som blei lagt fram laurdag føremiddag. Då var over 90 pridearrangørar frå heile landet samla saman med politiet, PST, og statsråden.

– Etter angrepet 25. juni 2022 sa vi at skeive var aktualisert i målbildet til ekstreme islamistar og høgreekstremistar, seier Siv Sørensen i PST.

Den sikkerheitspolitiske situasjonen har gjort slik at andre mål også er aktuelle og at derfor fått auka fokus, legg ho til.

–Skeive er framleis i målbildet, men ikkje eit prioritert mål. Ekstremistar har altså eit utvida målbilde, men som skeive også er ein del av, seier Siv Sørensen i PST.

25 Oslo pride 2023
Foto: Christian Breidlid / NRK

Ho seier det er dette som skil trusselvurderinga i år frå vurderinga i fjor.

Dei forventar derimot eit høgt tal trusselytringar mot pride. Dei færraste som framsett truslar har ein reell intensjon om vald, skriv dei vidare.

– Det blir ein folkefest

Justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl, Politiets sikkerheitsteneste (PST), politidirektoratet og Oslo politidirektorat var til stades under konferansen.

– Det er ein veldig fin dag fordi vi har fått snakka saman. Politiet, PST og pride-arrangørar kan stille kvarandre spørsmål og bli betre kjent. Og det skaper dialog og tillit, seier ministeren.

Juni månad blir fylt av Pride-feiringar i heile landet. Og «Noregs største feiring av kjærleik og mangfald» skal gå føre seg i Oslo 21.–29. juni 2024.

Trusselvurdering
Foto: Julianne Flølo / NRK

Dan Bjørke, leiar for Oslo pride, seier det er viktig at politiet, PST, statsråden og pride-arrangørane møtest i dag.

– Det er eit veldig godt initiativ. Her møtes vi for å snakke om tryggleik, og om korleis skal vi lage gode planar for sommaren.

Bjørke seier å vise fram samarbeidet mellom desse aktørane er viktig vesentleg for å få folk til å kjenne seg trygge under feiringa

– Det blir ein folkefest. Det er 50 år sidan første markeringa i Oslo. Det skal bli ei fantastisk feiring.

2023: – Tok byen tilbake

I fjor møtte 90.000 festglade menneske opp i Oslo sentrum for å feire kjærleiken igjen.

– No har vi teke byen tilbake, sa FRI-leiaren Inge Alexander Gjestvang den gongen.

27 Oslo pride 2023
Foto: Christian Breidlid / NRK

I forkant av feiringa var trusselvurderinga frå PST slik:

– LHBT+-personar og -samlingsstadar inngår i fiendebildet til både høgreekstremistar og ekstreme islamistar og er blitt aktualisert som mål det siste året.

På same tid var også terrortrusselen i Noreg moderat og PST vurderte det slik at det framleis var mogleg å sjå forsøk på terrorhandlingar frå høgreekstreme og ekstreme islamistar.

Likevel møtte rekordmange opp for å ta del i Pride-feiringa.

– Eg har tenkt veldig mykje på dette den siste veka etter markeringa av 25. juni. Å få heile Oslo i gatene er ganske rørande. For det viser at heile byen stiller opp for ein utsett minoritet, sa statsminister Jonas Gahr Støre.

20 Oslo pride 2023
Foto: Christian Breidlid / NRK

Avlyste Pride-feiringa

Samstundes som at PST legg fram trusselvurderinga i høve Pride-feiringa i år, går straffesaka mot Zaniar Matapour føre seg i Oslo tingrett.

Matapour er tiltalt for grov terror, drap og drapsforsøk natt til 25. juni 2022. Då blei 19 skot fyrt av i Rosenkrantzgate i Oslo sentrum. Nokon av dei blei retta mot den kjende skeive utestaden London Pub. 11 menneske blei skotne, og to av dei mista livet. Fleire hundre er fornærma i saka.

Les også Arrene fra Rosenkrantz' gate

jan mage

Dagen etter skulle den store prideparaden går føre seg. Han blei avlyst som følge av åtaket natta før.

Det blei raskt spontane markeringar over heile landet. 27. juni, to dagar seinare, skulle det bli heldt ei solidaritetsmarkering. Dette blei raskt avlyst av politileiinga.

Pride-parade i Oslo etter terrorangrepet. Lørdag 25. juni 2022. I forgrunn er politibiler og noen biler som har kjørt inn til siden langs veien. Langs veien, fra midten av bildet og bakover, går hundrevis av mennesker i et improvisorisk pride-tog. Flere regnbue- trans og bi-flagg vaier i vinden. Grønne trær rammer inn på sidene.

Fleire hundre menneske trassa avlysinga frå politet og gjekk i eit spontant pride-tog 25.juni 2022.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Politiets oppmoding om å ikkje samlast har i ettertid blitt kalla eit menneskerettsbrot. 25. juni-utvalet sa sjølve at det var i strid med forsamlingsfridomen etter grunnlova og menneskerettane.

Det var denne hendinga som aktualiserte skeive som terrormål det følgande året, ifølgje PST. Dette har no moderert seg.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger