Hopp til innhold

Regjeringa opnar for meir heimeskule

Skular som har mykje fråvær på grunn av pandemien, skal i større grad kunne bruke heimeopplæring sjølv om skulen er på gult nivå. Det foreslår regjeringa.

Guri Melby

Pandemien har ført til høgt fråvær ved ein del skular. For å få skulekvardagen til å gå opp bør desse kunne få bruke heimeopplæring, foreslår kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V).

Foto: Terje Bendiksby / NTB

Etter nedstenginga av Noreg i vår, blei det innført ein trafikklysmodell som skulle regulere tiltak etter smittesituasjonen i området skulen ligg.

I dag kan heimeskule brukast på raudt nivå. Men no ønsker kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V) å opne for at skular i visse tilfelle skal kunne bruke dette tiltaket også på gult nivå.

– Forslaget inneber at vi opnar for meir heimeopplæring på skular med mykje fråvær hos elevar og lærarar knytt til pandemien, dersom det er pedagogisk forsvarleg, seier Melby til NRK.

Målet er å gjere skulekvardagen meir fleksibel og enklare til å gå opp, seier ho.

Krav til undervisninga

Eit ekspertutval la nyleg fram ein rapport om konsekvensane av smitteverntiltak i barnehagar og skular. Dei konkluderte med at det måtte vere høg terskel for å stenge skular som tiltak for å få kontroll på koronasmitten.

Dei meinte det beste for barn og ungdom er å vere til stades på skulen. Og det skal framleis vere hovudregelen, seier Melby.

– Fysisk frammøte på skulen er framleis hovudregelen. Men vi meiner det er mogeleg å ha nokre timar med digital undervisning i veka, utan at det går ut over tilbodet.

Forslaget, som no skal ut på høyring, set også rammer for korleis heimeskulen skal vere. Blant anna skal elevane kunne få hjelp og oppfølging gjennom dagen.

– Det held ikkje at elevane får tildelt ein vekeplan dei skal jobbe med aleine. Det er viktig at elevane blir følgde opp jamleg, sjølv om dei er heime.

Betre rusta no

Forslaget gjeld berre for elevar over 12 år. Det vil oftast seie elevar i ungdomsskulen og vidaregåande skule. Grunnen er at heimeskule er meir krevjande for dei som går i barneskulen

Etter nedstenginga i vår, var det mange som reagerte på kvaliteten på heimeundervisninga, og at det var for store skilnader mellom skular og landsdelar.

Men kunnskapsministeren meiner vi er betre rusta til heimeskule no.

– No har vi hatt tid til å gjere oss klare. Det er mange lærarar som har fått heva kompetansen. Eg kjenner meg trygg på at det vi kan tilby no er mykje betre enn det vi kunne tilby i vår, under spesielle omstende, seier ho.

Utdanningsforbundet er glade for at regjeringa foreslår dette tilbodet, sjølv om det kan føre til større skilnader mellom elevane, seier forbundsleiar Steffen Handal.

– Dette kan føre til eit dårlegare opplæringstilbod for enkelte elevar, men eg trur det nødvendig slik situasjonen er no, seier han.

Marius Chramer, leiar for Foreldreutvalet for grunnopplæringa (FUG) seier dette vil vere å nedprioritere barn og unge.

Marius Chramer, Utvalgsleder i FUG (Foreldreutvalget for grunnopplæringen)

Marius Chramer er leiar i Foreldreutvalet for grunnopplæringa (FUG). Han meiner det er ein dårleg ide å opne for meir heimeskule.

Foto: Marius Chramer / Privat

– Det å sende barna heim heilt frå sjuande trinn av det er ikkje å prioritere barn og unge høgt, sånn som regjeringa har sagt de skal gjere. Det vil vere å nedprioritere barn og unge, seier Chramer.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger