Hopp til innhold

Ekspertutval: Ikkje steng skular og barnehagar på nytt

Stenging av skular og barnehagar bør ikkje brukast som tiltak for å få kontroll på koronasmitten. Det er rådet frå eit ekspertgruppe som har sett på kva følger smitteverntiltak blant barn og unge kan få.

Statsminister og kunnskapsminister på skolebesøk

Kunnskapsminister Guri Melby (V) og statsminister Erna Solberg (H) helsa elevane velkomne tilbake i april, etter at skulen hadde vore stengt i over ein månad. Eit ekspertutval ber no styresmaktene unngå å bruke stenging som tiltak på nytt.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Då Noreg stengde ned i mars for å få kontroll på dei stigande smittetala, stengde også barnehagar og skular. Foreldre på heimekontor fekk ansvaret for å gjennomføre det pedagogiske opplegget, støtta av digitale læremiddel.

Etter kvart opna skulane og barnehagane igjen med tilpassa smitteverntiltak.

Ei ekspertgruppe har på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet sett på konsekvensane av tiltaka for barn og unge. Dei meiner vi ikkje skal bruke stenging som tiltak for å stoppe smitte.

– Stenging kan brukast kortvarig, nokre få dagar, når ein har ein smittesituasjon og treng litt tid for å få oversikt. Men så peikar vi på at smitterettleiaren med gult og raudt tiltaksnivå er laga for å halde barnehagar og skular opne, seier direktør Hege Nilssen i Utdanningsdirektoratet, som har leia ekspertgruppa.

Negative konsekvensar

Sjølv med aukande smitte i samfunnet, også blant ungdom, er det framleis viktig å skjerme dei yngste. Grunnen er at strenge tiltak både kan bryte med dei rettane dei har ifølge Barnekonvensjonen og lova, og få føre til helseplager.

Direktør i Utdanningsdirektoratet, Hege Nilssen.

Direktør i Utdanningsdirektoratet, Hege Nilssen, har leia ekspertgruppa som har sett på konsekvensane for smitteverntiltak i barnehagar og skular.

Foto: Pressebilde, Utdanningsdirektoratet

– Vi har erfart at stenging kan ha store og alvorlege konsekvensar for barn å unge. Difor må kommunane gjere gode vurderingar av barn og unges beste med utgangspunkt i smittesituasjonen lokalt, seier ho.

Men også det raude tiltaksnivået går ut over rettane til barn og unge. Ekspertgruppa meiner difor at også dette er eit nivå ein berre bør bruke unntaksvis.

– Vi anbefaler at ein avgrensar det raude tiltaksnivået for ein 14 dagars periode. Deretter må ein gjere ei ny vurdering av smittesituasjonen og omsynet til barn og unge, før det er aktuelt med ei forlenging, seier Nilssen.

Trafikklysmodellen

Barnehage

1. - 7. trinn

8. - 10. trinn

VGS

Grønt

Vanleg organisering av avdelingar og barnehagekvardag.

Vanleg organisering av klasser/grupper og skulekvardag.

Vanleg organisering av klassar og skulekvardag.

Vanleg organisering av klassar og skulekvardag.

Gult

  • Heile avdelingar blir rekna som ein kohort.
  • Faste tilsette per kohort.
  • Unngå trengsel og store samlingar.
  • Prøve å halde avstand mellom kohortar.
  • Dele inn uteområde for å halde avstand mellom kohortar.
  • Heile klassar blir rekna som ein kohort.
  • tilsette kan veklse mellom kohortar/klassar.
  • SFO: Trinnvise kohortar eller gruppeinndeling.
  • Unngå trengsel eller store samlingar.
  • Pråve å ha eigne område i skulegarden for ulike klassear/kohortar i pausar/friminutt.
  • Heile klassar blir rekna som ein kohort.
  • Tilsette kan veksle mellom kohortar/klassar, men halde avstand til elevar dersom det er mogleg.
  • Unngå trengsel og store samlingar.
  • Halde avstand i pausar/friminutt.
  • Heile klassar kan ha undervisning saman.
  • Elevar bør ha faste plassar i kvart klasserom eller faste samarbeidspartnarar/-grupper.
  • Tilsette kan veksle mellom klassar, men bør halde avstand til elevar så langt det er mogleg.
  • Utanfor klasserommet blir elevar og tilsette oppfordra til å halde ein meters avstand i alle situasjonar.
  • Unngå trengsel og store samlingar.

Raudt

  • Dele barna inn i mindre kohortar.
  • Faste tilsette per kohort.
  • Unngå trengsel og store samlingar.
  • Sikre avstand mellom kohortar som ikkje samarbeider.
  • Dele inn uteområde for å halde avstand mellom kohortar.
  • Vurdere alternerande oppmøtetider for barn.
  • Dele klassar inn i mindre kohortar.
  • Faste lærarar til kvar kohort så langt det er mogleg.
  • SFO: Prøve å ha samme kohort som på skulen.
  • Prøve å ha avstand mellom elevar/tilsette.
  • Unngå trengsel og store samlingar.
  • Ha eigne område i skulegarden for ulike klassar/kohortar i pausar/friminutt for å minske kontakt mellom ulike kohortar.
  • Vurdere alternerande oppmøtetider for elelvar.
  • Dele klassar inn i mindre kohortar.
  • Kohortane bør ha faste klasserom.
  • Tilsette bør komme til klasserommet.
  • Pørve å halde ein meters avstand mellom elevar/tilsette.
  • Unngå trengsel og store samlingar.
  • Halde avstand i pausar/friminutt og unngå kontakt mellom ulike kohortar.
  • Vurdere alternerande oppmøtetider for elevar.
  • Dele inn elevar i mindre grupper.
  • Minst ein meters avstand mellom elevar/tilsette i alle siutasjonar.
  • Unngå trengsel og store samlingar.
  • Vurdere alternerande oppmøtetider for elevar.

Oppfordrar til å bruke helsesjukepleiarane

Ei av gruppene som blei hardast ramma då dei strenge tiltaka blei innført før sommaren, var dei sårbare barna og ungdommane. Ein rapport frå mai viste at stengde skular og helsestasjonar gjorde at denne gruppa fekk det ekstra vanskeleg.

– Det beste for barn og unge, og for sårbare barn og unge, er at skular og barnehagar er opne. Men av og til kan det bli nødvendig å innføre tiltak som reduserer tilbodet. Då er det ekstra viktig at kommunen klarer å planlegge for behova til sårbare barn og unge i beredskapsplanane sine, seier Nilssen.

Blant yrkesgruppene som fekk andre arbeidsoppgåver før sommaren, var helsesjukepleiarane, som blant anna måtte jobbe med smittesporing. Rapporten til ekspertutvalet meiner helsesjukepleiarane kan spele ei viktig rolle i arbeidet med smittevern.

– Helsesjukepleiarane på skulane har god kompetanse på smittevern. Dei kan difor vere gode og aktive ressursar for barn og unge når ein skal etterleve smitteverntiltaka på skulane, seier ho.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger