Hopp til innhold

– Kongens nyttårstale kan påverke korleis vi snakkar om sjølvmord

– Kong Harald heldt ein klok tale om kor vanskeleg det er når nokon vel å forlate livet, seier generalsekretær Tove Gundersen i Rådet for psykisk helse.

Generalsekretær Tove Gundersen i Rådet for psykisk helse.

ROSAR KONGEN: Generalsekretær Tove Gundersen i Rådet for psykisk helse meiner nyttårstalen kan påverke korleis vi snakkar om sjølvmord og sorg.

Foto: erik m sundt / erik m sundt

Det var knytt spenning til korleis kong Harald ville omtale Ari Behns dødsfall i jula i årets nyttårstale. Kongen fortalde om den sorga dei som familie har etter at han valde å ta sitt eige liv.

– Vi er sterkt prega av Ari Behns død denne jula. Det har varma å oppleve folks medkjensle og tente lys på Slottsplassen. Det er trøyst i alle dei gode minna og vakre orda som har blitt formidla om pappaen til tre av våre kjære barnebarn, sa han.

Generalsekretær Tove Gundersen i Rådet for psykisk helse rosa i romjula kongefamilien for å vere opne om sjølvmord. Etter nyttårstalen vil ho også rose kongen for korleis han snakkar om å det å vere pårørande etter eit sjølvmord.

– Det veldig fint og lett å kjenne seg igjen i det kongen seier, og kan vere med å påverke korleis vi snakkar om sorg og sjølvmord, og kor viktig det er med nettverk og familie.

Meir openheit

I løpet av romjulsdagane har psykisk helse fått stor merksemd. Det har blant anna vore uvanleg stor pågang til hjelpetelefonane, både for å snakke og for å få hjelp.

– Jula kan vere eit forstørringsglas, og då kan kjensler ein går og kjenner på bli forsterka. Det er mange som har vist at dette har gått inn på dei. Det har gjort det lettare for folk å ta kontakt og opne seg om det dei opplever som trøblete i livet, seier Gundersen.

Ho håper dette skal føre til at vi kan snakke meir opent om dette framover. Samtidig er det viktig at vi ikkje romantiserer sjølvmord.

– Det er viktig å understreke at det aldri er noko positivt ved at nokon tek livet sitt. Det er i stor sorg, og det er eit alvorleg tema som det må snakkast om også inn i det nye året.

Treng du hjelp? Du kan ringe Mental helse heile døgnet på telefon 116123. Også Kirkens SOS har ope, og kan ringast på telefon 22 40 00 40.

– Gripande

Også tidlegare politisk redaktør og kommentator i Aftenposten, Harald Stanghelle, meiner kong Harald fortener ros for nyttårstalen. Stanghelle kallar talen gripande og sterk.

– Eg synest måten kongen formulerer den sorga dei som familie oppe i no, med eit ønske om at det finst håp, er gripande og sterk.

Harald Stanghelle

Harald Stanghelle meiner nyttårstalen til kong Harald har klare linjer tilbake til tidlegare talar der kongen har vore oppteken av å gi trøyst til grupper og enkeltpersonar.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

Han trur mange set pris på at kongen er så open om psykisk helse i talen.

– Eg trur det er viktig at kongen gjer det, og det er viktig for mange at det nettopp er kongen som snakkar om og til menneske som slit.

Kong Harald har ved fleire høve løfta fram vanskelege tema og menneske som har det vanskeleg. Årets tale har klare linjer tilbake til tidlegare talar, meiner Stanghelle.

– Kongen har halde fleire talar der han har vore oppteken av å gi trøyst til grupper eller enkeltpersonar. Han har snakka om mobbing og om barn som har vore misbrukte. Og når han så opent snakkar om det mørket enkelte kjenner på så sterkt at dei ikkje orkar å leve lenger, er det ein tale med linjer tilbake til tidlegare talar.

AKTUELT NÅ