Stor pågang til hjelpetelefonane

Det har vore uvanleg stor pågang til hjelpetelefonane etter at meldingane kom ut om at Ari Behn hadde gått bort.

Helene er ei av mange frivillige i Kirkens SOS.

Helene er ei av mange frivillige i Kirkens SOS som snakkar med menneske om sjølvmordstankar.

Foto: NRK

Både krisetelefonen til Mental helse og Kirkens SOS har opplevd stor trafikk det siste døgnet. Generalsekretær Leif Jarle Theis i Kirkens SOS seier til NRK torsdag føremiddag at dei har hatt rundt 800 telefonar i løpet av det siste døgnet. Han seier det er tydeleg at mange ynskjer å snakke om det triste som skjedde med Ari Behn .

– Vi har ikkje greidd å svare alle. Vi har greidd å svare på 40 prosent av telefonane med ein gang, og det betyr at folk må ringe igjen. Dei fleste kjem gjennom på ein eller annan måte, seier han.

God kapasitet

Theis fortel at dei hadde 10 personar på vakt frå i går kveld og til klokka 04 i dag tidleg, og det var seks personar på vakt frå klokka 04.

– Det er sjølvsagt ei bemanning noko i underkant av det vi ynskjer å få til, men vi har relativt god kapasitet, seier Theis.

Generalsekretæren fortel at dei alltid har eit spesielt fokus på sjølvmord i samtalane med dei som ringer inn på naudtelefonen. Han meiner det er avgjerande for alle som har nokon dei er bekymra for, at dei torer å spørje om sjølvmord er noko dei tenkjer på.

Anne Bye Sandal, nestleiar ved Oslo-senteret i Kirkens SOS.

Anne Bye Sandal er nestleiar ved Oslo-senteret i Kirkens SOS.

Foto: NRK

Anne Bye Sandal er nestleiar for Oslo-senteret i Kirkens SOS. Alle dei som ringde inn i natt, fortel ho, var veldig opptekne av at Ari Behn hadde gått bort.

Trenger du hjelp? Mental helse har åpent i jula og kan nås hele døgnet på telefon 116123. Også Kirkens SOS har åpent og kan nås på telefon 22 40 00 40.

Rosar kongehuset for å vere opne om sjølvmord

– Snakkar om kjensler

– Vi snakkar om kjensler, snakkar og ser, vi prøver å styrkje dei som ringer inn. Det er viktig å snakke om redselen sin, om korleis dei skal takle livet sitt. Mange snakkar om eigne sjølvmordstankar. Dei ynskjer eigentleg ikkje å døy, men dei orkar ikkje å leve heller. Når slike ting skjer, som med Ari Behn i går, blir desse kjenslene forsterka. Og då er det viktig at dei som er rundt vågar å snakke med dei som har det vanskeleg, også om sjølvmordstankar, seier ho til NRK.

Helene er ei av dei frivillige i Kirkens SOS i Oslo. Ho fortel at mange av dei som har ringt inn etter at meldingane om Ari Behns død kom onsdag ettermiddag, er vaksne menn som har vore i psykiatrien lenge og som har slite med sjølvmordstankar.

– Nesten alle ville snakke om Ari Behn, dei hadde eit behov for å vite kva som hadde skjedd og kvifor. Dei set si historie inn i samanhengen. Eg lyttar til historia deira, det er jobben min å sjå og høyre dei, hjelpe dei til å rydde i eige hovud. seier ho.

Ari Behn er død - slik var livet hans – NRK

Kongen og dronninga uttrykkjer stor sorg

– Viktig å snakke om det

Vebjørn Leite Olsen smiler

Vebjørn Leite Olsen er regionleiar i Mental Helse Ungdom i Vestland, noverande Sogn og Fjordane og Hordaland fylke.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Vebjørn Leite Olsen er regionleiar i Mental Helse Ungdom i Vestland. Han meiner det er ekstremt viktig å snakke om sjølvmord.

– Det eg opplevde i går var at folk kjende at dette vart svært nært. Det at folk delte rundt i sosiale medium at ein må ta vare på kvarandre, saman med nummera til hjelpetelefonane, viser kor viktig det er å ha nokon å snakke med. Det er ikkje alltid like lett å snakke med dei som er nærmast, men der har ein nokon som er utanforståande, som kan sjå det frå ein nøytral vinkel, seier han til NRK.

Han meiner det er eit stor problem at folk ikkje vil snakke om vanskane sine, fordi dei er redde for at det skal bli tolka som dei er «klin kokos». Han fortel at pågangen til hjelpetelefonen deira har vore svært stor, og at det både er folk som sjølve har sjølvmordstankar, familiemedlemer og vener som ringjer.

Nå kommer vi til å lese Ari Behn på en ny måte

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger