Hopp til innhold

Rosar kongehuset for å vere opne om sjølvmord

– Det at kongehuset vel å vere opne om sjølvmord vil ha stor betydning for det norske samfunnet, spesielt fordi det er born involverte i tragedien, seier generalsekretær i Rådet for psykisk helse, Tove Gundersen.

Generalsekretær Tove Gundersen i Rådet for psykisk helse.

Generalsekretær Tove Gundersen i Rådet for psykisk helse meiner det er viktig å ikkje vere redd for å spørje menneske som slit om dei har sjølvmordstankar.

Foto: erik m sundt / erik m sundt

I går kveld kom meldinga om at Ari Behn var død, og den nærmaste familien var raskt ute med informasjon om at han teke livet sitt. Han var tidlegare gift med prinsesse Märtha Louise, og dei har tre born saman.

Tove Gundersen meiner at det gir ei unik moglegheit til å bli meir opne som slike spørsmål, når kongehuset banar veg.

Vanskeleg å snakke om

– Vi veit at mange synest det er vanskeleg å fortelje om mamma, pappa eller søsken som har valt å ta livet av seg. Det må bli lettare å snakke om slike ting. Det er viktig, seier ho til NRK.

Ho meiner det er avgjerande at vi torer å vere opne om tema som sjølvmord og sjølvmordstankar. Om nokon har mistanke om at ein person i familien eller i venekrinsen har slike tankar, så er det viktig å ikkje vente til at dei ber om hjelp.

– Det å be om hjelp kan vere det siste dei gjer. Derfor må vi vere aktiv oppsøkande. Ser du at nokon slik, så snakk med dei. Spør om dei har det vanskeleg og ver merksam på endringar. Fortel at du spør fordi du bryr deg om vedkomande, oppmodar Tove Gundersen.

Ho fortel at det ikkje er sikkert at dei du spør om slike ting vil svare, men at det likevel er viktig å bry seg.

– Det var alt eller ingenting som var mottoet

Kongen og dronninga uttrykkjer stor sorg

– Opplever det positivt

– Dei vi snakkar med om sjølvmordstankar seier at slike spørsmål faktisk har opplevd det som positivt. Det er ein myte at det er farleg å spørje nokon om dei har tenkt på å ta livet sitt. Det er ikkje farleg å spørje, seier ho.

Generalsekretæren i Rådet for psykisk helse håpar at det no skal bli lettare å ta opp slike spørsmål, at vi blir mindre redde for å ta opp spørsmål rundt sjølvmordstankar hos menneske som er nær oss.

– Vi veit at sjølvmord skjer i alle samfunnslag. Det at kongehuset er opne om det kan gjere det lettare å snakke om slike ting, seier ho.

Kongen og dronninga uttrykkjer stor sorg

Vebjørn Leite Olsen i Mental Helse Ungdom.

VER OPEN: Vebjørn Leite Olsen i Mental Helse Ungdom tykkjer det er svært viktig at folk tør å opne seg om psykiske utfordringar.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Snakk med nokon

Ein av organisasjonane som jobbar for å auke merksemda på dette, er Mental Helse Ungdom. Regionleiar i Nord-Vestland, Vebjørn Leite Olsen, trur dødsfallet til Ari Behn, gjer at folk føler dette veldig nært.

– Det eg opplevde i går var at folk følte at det blei veldig nært. Folk har delt rundt i sosiale medium at ein må ta vare på kvarandre og nummera til hjelpetelefonane. Det syner kor viktig det er at ein har nokon å snakke med, seier Olsen til NRK.

– Kva råd vil du gje til dei som slit no i jula?

– Snakk med mor di, far din eller eit familiemedlem. Eg trur det viktigaste er å legge det på ein låg terskel. Om du ser at nokon i familien din sit aleine, gå bort til dei, spør om det går bra. Eg trur det hjelper veldig mange.

Minne om eigne tragediar

Tove Gundersen minner også om at det i kjølvatnet av at offentlege personar tek livet sitt, så blir menneske minna om sine eigne tragediar. Ho meiner det er avgjerande viktig at all omtale av slike tragediar må vere respektfulle.

– Vi har sett ein del mange sleivete og stygge kommentarar. Det er alltid nokon som skal meine så veldig mykje om menneskelege tragediar. Det er mykje skuld og skam inne i biletet hos dei som har opplevd slike ting. Vi må passe på ordvalet. Det handlar mykje om omsorg og å vere respektfull overfor dei som har opplevd tragediar som sjølvmord i familien, seier ho.

Trenger du hjelp? Mental helse har ope i jula og kan nåast hele døgnet på telefon: 116123. Også Kirkens SOS har ope og kan nåast på telefon 22 40 00 40.

AKTUELT NÅ