Hopp til innhold

Kong Harald er skriven ut frå sjukehus

Kong Harald er skriven ut frå Rikshospitalet, men er framleis sjukmeld, melder Slottet.

Kong Harald

Etter ei veke på sjukehus blei kong Harald skriven ut frå Rikshospitalet onsdag.

Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

Onsdag førre veke blei kong Harald innlagt på Rikshospitalet fordi han var svimmel. Slottet opplyste om at han var sjukmeld i to veker, og at det ikkje var funnen alvorleg sjukdom.

Ei veke seinare skriv Slottet på nettsidene sine at kongen er skriven ut frå sjukehus, men at han er framleis sjukmeld. Kronprins Haakon fungerer som regent i perioden.

Då kronprinsen møtte pressa måndag, fortalde han at kongen var på bedringens veg, og at han snart kunne reise heim frå sjukehuset.

– Det har vore ein tung periode dei siste par vekene, men vi prøver så godt vi kan å ta vare på kvarandre.

Avlyste oppdrag

Første juledag blei det kjent at den tidlegare svigersonen til kongeparet, Ari Behn, hadde teke livet sitt. Kongen og dronninga uttrykte djup sorg kort tid etter meldinga, og kong Harald tok også opp i nyttårstalen sin.

Behn blei bisett fredag 3. januar i Oslo Domkirke med heile kongefamilien, prins Daniel av Sverige og representantar frå regjeringa til stades.

Kongeparet har avlyst fleire oppdrag etter dødsfallet. Kong Harald skulle blant anna ha delteke på opninga av Johan Sverderup-feltet måndag i førre veke, men måtte avlyse på grunn av påkjenningane.

Kongen var sjukmeld ein periode i desember også. Då sa kronprins Haakon at det var på grunn av ein virusinfeksjon, men at det gjekk bra med kongen.

AKTUELT NÅ