Hopp til innhold

Kongen og dronninga uttrykkjer stor sorg

Kong Harald og dronning Sonja uttrykkjer stor sorg over at den tidlegare svigersonen Ari Behn har gått bort.

Kong Harald og dronning Sonja.

Kongen og dronninga uttrykkjer stor sorg over at Ari Behn har gått bort.

Foto: Sølve Sundsbø / Kongehuset

«Det er med stor sorg dronninga og eg har teke imot bodskapen om Ari Behns bortgang. Ari var ein viktig del av familien vår gjennom mange år, og vi ber med oss varme, gode minne om han. Vi er takknemlege for at vi lærte han å kjenne. Vi sørgjer over at barnebarna våre har mista den kjære pappaen sin – og vi har djup medkjensle med foreldra og søskena hans, som har mista ein kjær son og bror. Vi ber om den næraste familien hans får ro i denne vonde tida», heiter det i ei fråsegn frå kongen og dronninga.

Mette-Marit og Haakon Magnus

Kronprinsparet er i sorg etter meldinga om at Ari Behn er død.

Foto: Gunhild Hjermundrud / NRK

– Med stor sorg

Kronprins Haakon og kronprinsesse Mette-Marit har sendt ut denne fråsegna:

«For oss var Ari ein god ven, ein kjær familiemedlem og ein fantastisk onkel, som vi delte mange av dei små og store augneblikka i livet med. Det er med stor sorg vi har teke imot meldinga om at han har gått bort. Vi var alle veldig glade i Ari. Tankane våre går spesielt til Maud, Leah, Emma, prinsesse Märtha Louise og den næraste familien til Ari».

– Mi djupaste medkjensle

Erna Solberg

Statsminister Erna Solberg uttrykkjer si medkjensle.

Foto: Markus Schreiber / Markus Schreiber

Statsminister Erna Solberg uttrykkjer også si djupaste medkjensle med Ari Behns familie og dei han let setter seg.

– Eg vil uttrykkje mi djupaste medkjensle med Ari Behns familie og etterlatne i samband med den tragiske bortgangen hans. Tankane min går til alle som var glad i han, heiter det i ei fråsegn frå statsministeren.

Ho seier at ho opplevde han som intenst opptatt av dei han var i kontakt med.

– Han var ein engasjert og lyttande person som var meir opptatt av å lytte til andre enn å framheva seg sjølv. Han har gjort Noreg litt rikare med å opne opp for at menn kan vera litt annleis enn berre strikt A4.

Stortingspresident Tone W. Trøen seier på Twitter at ho har den djupaste medkjensle med alle som stod nær Ari Behn, og at ho sender dei varmaste tankar til familien hans.

– Trist dødsbodskap

Informasjonssjef Margareta Thorgren i Svenska kungahuset stadfestar at kongefamilien er informert om det som har skjedd.

– Kongefamilien er informert om denne svært triste dødsbodskapen, seier ho. Ho viser elles til fråsegna frå den norske kongefamilien.

Ari Behn er død, 47 år gammel. Her er noen øyeblikk fra hans liv.

Ari Behn er død, 47 år gammal. Her er nokon augneblink frå hans liv.

AKTUELT NÅ