Hopp til innhold

Regjeringa med lovforslag som truleg vil føra til sletting av uskuldiges DNA

Ein seks år gammal strid om sletting av DNA-profilar kan gå mot slutten.

DNA spor

Dei aller fleste valdtektsoffer som frivillig har gitt frå seg sitt DNA har framleis sine DNA-profilar lagra hos Folkehelseinstituttet.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

NRK skreiv tidlegare i desember at Riksarkivet kravde stopp i slettinga av uskuldiges DNA-profilar – seks år etter at DNA-registeret hos Folkehelseinstituttet blei avslørt. Og fem år etter at Datatilsynet konkluderte med at det var ulovleg.

Både Datatilsynet og Kripos vil at profilane skal bli sletta.

– Me meiner at slike profilar må slettast for å halda på tilliten hos folk, sa personvernrådgivar Mari Hersoug Nedberg i Kripos til NRK tidlegare i månaden.

Også politikarar frå regjeringspartia Høgre og Frp kravde at situasjonen måtte ryddast opp i.

Departementshjelp til Datatilsynet og Kripos

Datatilsynet sa til NRK at dei planla å senda eit brev til Justisdepartementet for å få hjelp derfrå.

Men no har departementet kome dei i forkjøpet. Dei har sendt ut på høyring eit forslag om endring i politiregisterlova og arkivlova.

Det var nemleg manglande samsvar mellom dei to lovene som har skapt krøll dei siste månadene.

– Tungvegande personvernomsyn

Justisdepartementet, som nyleg har fått ny sjef, foreslår lovendringar som er i nærleiken av ein lissepasning på ope mål for Datatilsynet og Kripos.

«Etter departementets vurdering er det behov for å åpne for at man i forskrift på enkelte områder kan fastsette at opplysninger skal tilintetgjøres uavhengig av om en arkivfaglig vurdering skulle tilsi at opplysningene bør bevares for ettertiden. En forutsetning for å gi slike bestemmelser er at tungtveiende personvernmessige hensyn tilsier tilintetgjøring av opplysningene.», står det i høyringsnotatet.

Altså vil departementet legga til rette for at enkelte personopplysningar skal kunne slettast, same kva Riksarkivet seier.

Sikkerhetsutvalget overleverer rapporten med anbefaling til nytt lovgrunnlag for forebyggende nasjonal sikkerhet.

Noko av det siste Anders Anundsen gjorde som justisminister var å senda ut dette lovforslaget.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Og som svar på eit skriftleg spørsmål frå Frps stortingsrepresentant Ulf Leirstein svarte tidlegare justisminister Anders Anundsen følgande få dagar før han gjekk av: «DNA-profiler fra personer som avgir prøver etter samtykke, uten skjellig grunn til mistanke, vil kunne være en av flere opplysningskategorier som kan falle inn under en slik unntaksregel.»

Riksarkivet ser positivt på klarare reglar

Riksarkivet ville tidlegare i desember ikkje svara på spørsmål frå NRK om denne saka, men no seier Guri Kaspara Lunde, direktør for strategi og styring følgande:

– Arkivverket vil vurdera om det er nokre sider som bør sjåast på gjennom ei ordinær høyringsfråsegn. Om endringa gir klarare reglar, ser me sjølvsagt positivt på det.

Mari Hersoug Nedberg, personvernrådgivar i Kripos, er glad for lovforslaget frå departementet.

– Forslaget er i rett retning. Og eg legg til grunn at det vil kunne omfatta samtykkebaserte DNA-profilar.

Grunna juleferie hadde ingen i Justisdepartementet moglegheit for å seia meir om bakgrunnen til lovforslaget.

Bakgrunn:

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger