Hopp til innhold

Vil stoppa sletting av uskuldiges DNA-profilar

Riksarkivet meiner DNA-profilar er «arkivmateriale» og har bedt om stopp i sletting av uskuldiges profiler. Kripos fryktar politiet kan få svekka tillit som følgje av dette.

DNA-analyse ved Folkehelseinstituttet

Folkehelseinstituttet i Oslo har i mange år hatt monopol på å gjera DNA-analysar for politiet.

Foto: Odd Iversen / NRK

– Me meiner at slike profilar må slettast for å halda på tilliten hos folk. Det er eit veldig viktig verkemiddel i nokre alvorlege saker, og det vil vera veldig uheldig for oss om folk ikkje kan stola på at DNA-profilane blir handsama slik lova krev, seier personvernrådgivar Mari Hersoug Nedberg i Kripos.

Politiet kan til dømes be folk om frivillig DNA-prøve for å sjekka folk ut av drap- og valdtektssaker. No kranglar Riksarkivet og Datatilsynet om lovverket rundt sletting av DNA-materiale.

Ein DNA-profil er unik og kan knytta ein person til ein stad det er funne DNA.

Ofre og vitne

I 2010 konkluderte Datatilsynet at Rettsmedisinsk institutt (RMI) hadde eit ulovleg register over DNA-profilar – som gjaldt både frikjende, vitne, valdtektsoffer og andre fornærma.

Mari Hersoug Nedberg

Personvernrådgivar Mari Hersoug Nedberg i Kripos.

Foto: Kripos

Etter å ha tapt hos både Datatilsynet og Personvernnemnda, starta slettinga av DNA-profilane. I sommar satt Datatilsynet ei endeleg frist – i løpet av januar 2017 skal alle såkalla referanseprofilar, profilar som nordmenn frivillig har gitt frå seg, vera sletta.

Kripos og Datatilsynet meiner det berre er Kripos som skal ha eit DNA-register, og då berre over personar som er dømde eller personar som er sikta for brot som kan føra til fengsel. Kripos har tidlegare også sagt at dei merkar at folk har blitt mindre hjelpsame med å gi frå seg DNA i valdtektssaker.

Slutta å sletta i sommar

No er RMI flytta over til Folkehelseinstituttet (FHI), men seks år etter er enno ikkje punktum sett. I eit brev til Folkehelseinstituttet og Kripos ber Riksarkivet om at slettinga av DNA-profilane blir stoppa. Sidan midten av juli har ikkje Folkehelseinstituttet sletta ein einaste DNA-profil, etter fyrst å ha sletta litt over 400 av uskuldiges DNA-profilar.

– Me ventar på den juridisk avklaringa og er opptekne av å gjera ein jobb som er i samsvar med norsk lov, seier områdedirektør Truls Simensen i FHI.

Riksarkivar Inga Bolstad

Riksarkivar Inga Bolstad vil ikkje seia noko om saka.

Foto: Riksarkivet

I eit brev til Kripos skriv Riksarkivet at dei ser på DNA-profilar som arkivdokument med «verdi som dokumentasjon etter arkivloven», og at dei er «bekymret for at verdifullt arkiv kan gå tapt dersom man legger for stor vekt på sletting som eneste virkemiddel for å ivareta personvernet.»

Riksarkivet vil ikkje svara på NRKs spørsmål om saka.

– Kan ikkje halda fram

Eit møte mellom Datatilsynet og Riksarkivet i november førte ikkje fram. No vil truleg saka hamna hos Justisdepartementet. Spørsmålet er korleis ein skal tolka lovverket som Datatilsynet og Politiet må følgja (Politiregisterforskrifta), opp mot Arkivlova.

– Situasjonen kor det er regelverk som står mot kvarandre, kan ikkje halda fram, seier juridisk avdelingsdirektør i Datatilsynet, Jørgen Skorstad.

Les også:

AKTUELT NÅ