Hopp til innhold

Stortingsfolk frå Høyre og Frp vil at Riksarkivet skal bli overkøyrd i DNA-saka

Frps Ulf Leirstein ber partikollega og justisminister Anders Anundsen rydda opp. Hos Høgre er det usemje.

DNA-lab på Folkehelseinstituttet

Folkehelseinstituttet i Oslo, tidlegare Rettsmedisinsk institutt, er den einaste staden i landet som til no har gjort DNA-analysar for politiet.

Foto: Øyvind Bye Skille / NRK

NRK fortalde måndag om Riksarkivet som har kravd stopp i sletting av uskuldige nordmenns DNA-profilar.

Seks år etter det ulovlege DNA-registeret blei oppdaga av Datatilsynet, er det framleis tusenvis av DNA-profilar som høyrer til uskuldige nordmenn som ligg lagra hos Folkehelseinstituttet

Ein DNA-profil er unik og kan knytta ein person til ein stad kor det er funne DNA.

– Må vera i strid med Stortingets vedtak

Stortingsrepresentant Ulf Leirstein frå Frp reagerer på Riksarkivets krav om slettestopp.

Ulf Leirstein

Ulf Leirstein (Frp)

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

– Eg meiner det må vera i strid med Stortingets vedtak. Det er ei sjølvfølge at om du er uskuldig, skal ikkje staten lagra DNA-profilen din. Eg kan ikkje sjå at dette har historisk verdi.

Leirstein seier han vil senda eit brev til justisminister Anders Anundsen kor han spør om kva statsråden vil gjera for at DNA-profilane skal bli sletta.

– Om han seier det ikkje vil vera så lett å gjera noko med, vil eg ta initiativ for å gjera noko med lova, lovar Frp-politikaren.

– Må tenka på etikken

Stortingskollega Sveinung Stensland frå det andre regjeringspartiet Høgre er samd med Leirstein.

Sveinung Stensland

Sveinung Stensland (H)

Foto: Erik Waage / NRK

– Eg reagerer på at Riksarkivet meiner at dette er fellesskapets eigedom og skal takast vare på. Dei må gå i seg sjølve og tenka på etikken også.

Han synest og det er leit at det er seks år sidan dette blei oppdaga, og at det enno ikkje er fiksa opp i.

– Men når statlege etatar trenerer dette med faglege grunngivingar, viser det korfor det tek så lang tid.

Høgre-politikar seier ja til arkivering

Høyre-kollega Hårek Elvenes meiner derimot at det kan vera gode grunnar for at Riksarkivet skal lagra slike DNA-profilar.

Hårek Elvenes

Hårek Elvenes (H)

Foto: Høyre

– Men det skal ikkje vera søkbart. Det bør kunne bli lagra hos Riksarkivet av omsyn om saka blir teken opp igjen, rettshistorie og teknologiutvikling.

Elvenes meiner at politikarane bør sjå på regelverket rundt heile problemstillinga.

Bakgrunn: Vil stoppa sletting av uskuldiges DNA-profilar

Politiet vil ha sletting

Kripos er klare på at DNA-profilane skal bli sletta.

– Me meiner at slike profilar må slettast for å halda på tilliten hos folk. Det er eit veldig viktig verkemiddel i nokre alvorlege saker, og det vil vera veldig uheldig for oss om folk ikkje kan stola på at DNA-profilane blir handsama slik lova krev, seier personvernrådgivar Mari Hersoug Nedberg i Kripos.

Folkehelseinstituttet, som tidlegare kjempa hardt mot Datatilsynets vedtak om sletting, seier dei har stoppa å slette fordi dei ventar på ei juridisk avklaring. Til no er berre 400 av fleire tusen såkalla referanseprofilar sletta.

Datatilsynet har sagt til NRK at dei vil kontakta departementet for å få slutt på striden mellom tilsynet og Riksarkivet.

Justisdepartementet ønsker ikkje å kommentera saka enno, men seier at dei ventar på brevet frå Datatilsynet.

Riksarkivet har nekta å svara på NRKs spørsmål om denne saka. Dei seier de ikkje vil kommentera før saka er ferdig avgjort.

AKTUELT NÅ