Hopp til innhold

Mange ute på handel – oppfordrar folk til å ta omsyn

Mange folk samla seg utanfor butikkar påskeaftan. Julie, som mista mormora si til koronaviruset for to veker sidan, oppmodar folk til å vise omsyn og følgje reglane når dei handlar.

MENY Colosseum påskeafta
Foto: Hans Ivar Moss Kolseth / NRK

– Eg synest det var stressande og mykje folk, seier Julie.

NRK kjem i prat med ho når ho stoppar opp for å ta bilete av køen utanfor Vinmonopolet på Colosseum på Majorstua i Oslo.

– Bestemora mi døydde av koronaviruset for to veker sidan, eg har ikkje handla så mykje sidan då, seier ho.

Julie ber på to posar med panteflasker.

– Eg hadde tenkt å pante dei, men eg droppa det sidan det var så mange folk her.

Kø og vektarar

Køen utanfor kjøpesenteret er lang sidan Vinmonopolet har innført ei øvre grense på tretten personar i butikken om gongen.

Folka i køen held ein god meters avstand. Men, ved inngangen til kjøpesenteret er det tidvis trongt om plassen.

På Meny i etasjen under er det fleire folk som handlar.

Meny Colosseum i Oslo påskeafta.

INNGANGEN: Ved grønnsakshyllene ved inngangen til butikken vart det tidvis trongt då NRK besøkte butikken laurdag.

Foto: Hans Ivar Moss Kolseth / NRK

Julie synest det vart for trongt og vanskeleg å halde avstand til andre.

– Eg synest det var stressande og mykje folk, spesielt mange gamle folk, seier ho.

– Først prøvde eg å gå store sirklar rundt folk inne på butikken, men eg enda opp med å berre ta med ein pakke frosne bringebær og ingenting av det eg skulle ha.

Ho bestemte seg meg for å kome tilbake når der var færre folk.

– Då eg såg kor mange folk det var her bestemte eg meg for å lage middag av det eg har heime, seier Julie.

– Ein vanskeleg dag

Dagleg leiar ved Meny på Colosseum senter, Ronny Kvammen fortel at påskeaftan er særleg utfordrande på grunn av kortare opningstider og fleire personar som handlar.

Han meiner dei etter forholda har hatt god kontroll på trengselen i butikken.

– Vi hadde vektarar som stod ved inngangen som ut frå kvar butikk-kvadratmeter hadde kontroll på kor mange kundar som var inne i butikken, seier han.

Kvammen fortel at kundane stort sett haldt god avstand inne i butikken.

– Men eg ser at det er nokon område i butikken kor kundane samlar seg i større grad. Då kan det virke som om det er litt trongare i butikken enn det er, seier han.

Meny ved Colosseum senter 11.04

TRONGT ENKELTE STADAR: Dagleg leiar ved Meny på Colosseum senter, Ronny Kvammen fortel at kundane samla seg tettare enkelte stadar i butikken.

Foto: Hans Ivar Moss Kolseth / NRK

Matvarebutikken stengde klokka 16.00 på laurdag i staden for klokka 22.00.

Det gjorde at fleire kundar kom på same tid, fortel Kvammen.


– I dag måtte vi stengje klokka fire. Det gjorde det til ein vanskeleg dag, men dei fleste av kundane var flinke til å vise omsyn og halde avstand, men det er sjølvsagt nokon som kunne vist litt meir omsyn, seier Kvammen.

– Korleis vil de jobbe for å hindre trengsel på dei stadane kor det samlar seg fleire kundar i framtida?


– I dag er ein spesiell dag. Dette vil løyse seg sjølv når vi går tilbake til normale opningstider og bli mykje betre til veka, seier Kvammen.

Han understrekar at mange av kundane har vore flinke og tatt påskehandelen tidleg i år.

– Plutseleg veldig personleg

Julie fortel at ho alltid har tatt påboda og råda frå myndigheitene alvorleg.

Etter at mormora brått døydde byrja ho å bli frustrert over dei som ikkje gjer det same.

– Det vart plutseleg veldig personleg, meir sårande og frustrerande.

Mormora til Julie vart 87 år. Familien ønskjer ikkje at NRK skal bruke namnet og bilete av mormora i denne saka.

Barnebarnet fortel historia hennar slik at fleire skal forstå viktigheita av å følgje reglane og at ein raskt kan bli alvorleg sjuk.

– Mormor følte seg aldri skikkeleg sjuk, ho var kald og frosen og litt tungpusten, og sliten, men ho ville ikkje ein gong ha ein paracet, seier Julie.

Ho minner om at sjukdommen kan ramme alle og at fleire yngre og middelaldrande har vore til intensivbehandling for koronavirus.

– Dei middelaldrande som ønskjer mindre strenge tiltak og som heller vil isolere dei som er eldre og sjuke må hugse at vi og beskyttar dei med å ha «lockdown», seier Julie og følgjer opp:

– Du kan framleis bli alvorleg sjuk om du er yngre enn dei som vert rekna som ein del av risikogruppa.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger