Hopp til innhold

Støre: – Ingen av statsrådane har bedt om å fråtre

Ein månad etter at Arbeidarpartiet vart årets valtapar, byter Støre ut fleire av statsrådane sine. Senterpartiet skiftar også ein av sine.

Støre-regjeringen presenterer nye statsråder

STATSRÅDAR: Jonas Gahr Støre presenterte i dag sine nye statsrådar.

Foto: Alf Simensen / Nrk

Måndag vart dei nye statsrådane presentert på slottsplassen etter ekstraordinært statsråd på Slottet.

– Vi vil gjere endringar i laget vårt for å auke krafta framover, seier Jonas Gahr Støre før han presenterte dei til pressa.

Støre seier at Anniken Huitfeldt, Bjørnar Skjæran og Marte Mjøs Persen ønska å halde fram som ministrar. Det får dei ikkje.

Heller ikkje Senterpartiets Sigbjørn Gjelsvik ønska å gå av som minister.

– Ingen av statsrådane mine har bedt om å fråtre, alle har ønska å fortsette.

Gjelsvik ut, Sande inn

Erling Sande overtar for Sigbjørn-Gjelsvik i Kommunal- og distriktsdepartementet. Han har sete ti år på Stortinget for Senterpartiet.

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) seier dei ville ha inn Sande for å løfte distriktspolitikken. I september la Gjelsvik seg flat etter å ha kyssa ein kollega. På spørsmål om dette har hatt betydning for skiftet svarar Vedum følgande:

– Grunnen til skiftet er at vi ønska Erling Sande inn. Han er svært dyktig og glad i alle delar av Noreg. Han er ei tydeleg stemme frå Sogn og Fjordane som vil løfte distriktspolitikken.

Ifølge Vedum kjem Gjelsvik no til å få ei sentral rolle på Stortinget.

– Eit godt lag

Statsministeren seier at den nye samansetninga er ei god blanding av kontinuitet og fornying.

– Eit godt lag for situasjonen akkurat no. Dei representerer heile landet og ein ny generasjon i norsk politikk.

Jonas Gahr Støre under pressekonferanse.

Statsminister Jonas Gahr Støre under pressekonferansen måndag.

Foto: Alf Simensen / NRK

Under året kommune- og fylkestingsval vart Arbeidarpartiet andre største partiet. Dei gjorde det dårlegaste valet på 99 år.

– Dette er ikkje godt nok, sa ein skuffa statsminister frå talarstolen.

Ein månad etterpå byter statsminister Jonas Gahr Støre ut fleire av statsrådane sine.

Huitfeldt fråtrer som utanriksminister

Dei siste månadane har Støre svart på mange spørsmål om habiliteten til fleire av sine eigne statsrådar.

I dag gjekk Huitfeldt av som utanriksminister. Støre seier at habilitetssaka var noko av grunnen til det.

– Det er ein del av det, men det er ikkje heile grunngjevinga. Solberg si sak har svekka tilliten til politikarar, men bidrar også til at det ikkje vert ro rundt Huitfeldt:

– I ei svært krevjande tid så treng landet ein utanriksminister som kan bruke alt av tida si på det, seier statsministeren.

Anniken Huitfeldt ankommer slottet

Anniken Huitfeldt då ho kom til Slottet før ho forlèt stillinga som utanriksminister.

Foto: Alf Simensen / NRK

Desse er dei nye statsrådane:

  • Kari Nessa Nordtun (37) var ordførarar for Arbeidarpartiet i Stavanger fram til valet i år. Ho vert kunnskapsminister etter Tonje Brenna.
  • Karianne Tung (39) sat på Stortinget frå 2013–2017 for Sør-Trøndelag. I dag er ho dagleg leiar for Trondheim Tech Port. Ho vert digitaliserings- og forvaltningsminister i eit nytt departement.
  • Cecilie Myrseth (39) har sete på Stortinget sidan 2017. Myrseth vert fiskeri- og havminister etter Bjørnar Skjæran.
  • Andreas Bjelland Eriksen (31) kjem frå stilling som statssekretær i Olje- og energidepartementet. Han vert klima- og miljøminister etter Espen Barth Eide.
  • Erling Sande (45) tek plassen til Sigbjørn-Gjelsvik i Kommunal- og distriktsdepartementet. Han har sete ti år på Stortinget for Senterpartiet.
Kari Nessa Nordtun står foran en lyserosa vegg, hun ser inn i kamera og smiler
Javad Parsa / NTB

Kari Nessa Nordtun (37), Arbeidarpartiet

Ho var ordførar i Stavanger fram til valet i år. I år gjorde Ap eit brakval i Stavanger. Då var det fleire som peika på «Kari-effekten». Likevel mista ho ordførarkjedet. Gratis buss og gratis SFO var nokre av Nordtun sine mest populære politiske gjennomslag. Nordtun er utdanna jurist.

Karianne Tung (39), Arbeidarpartiet
SOLVÅR FLATÅS / NRK

Karianne Tung (39), Arbeidarpartiet

Ho sat på Stortinget frå 2013–2017 for Sør-Trøndelag. Då ho var 33 år gamal, trakk ho seg frå politikken grunna ein seksualisert tone frå menn i partiet, og at ho kjende at ho ikkje blei tatt på alvor politisk. Ho kjem frå ei stilling som dagleg leiar for Trondheim Tech Port, som fremjar Trondheim som teknologihovudstad.

Cecilie Myrseth sitter i salen under en pressekonferanse
Hanna Johre / NTB

Cecilie Myrseth (39), Arbeidarpartiet

Cecilie Myrseth kjem frå Troms og er utdanna psykolog. Ho har sete på Stortinget sidan 2017. Myrseth har vore fiskeripolitisk talsperson i Arbeidarpartiet.

Andreas Bjelland Eriksen står ikledd mørk dress og rødt slips foran en grå vegg, han ser inn i kamera og smiler
STATSMINISTERENS KONTOR

Andreas Bjelland Eriksen (31), Arbeidarpartiet

Andreas Bjelland Eriksen har både vore statssekretær på Statsministerens kontor (SMK) og politisk rådgjevar i Arbeidarpartiet si stortingsgruppe. Eriksen kjem frå Stavanger og er utdanna siviløkonom.

Erling Sande står i Vandrehallen på Stortinget
Stian Lysberg Solum / NTB

Erling Sande (45), Senterpartiet

Erling Sande tek plassen til Sigbjørn Gjelsvik i Kommunal- og distriktsdepartementet. Han har sete 10 år på Stortinget for Sogn og Fjordane. I 2013 vart han konserndirektør for Sogn og Fjordane Energi.

Her er statsrådane som byter departement:

  • Tonje Brenna (35) tek over for Marte Mjøs Persen som arbeids- og inkluderingsminister. Ho har vore kunnskapsminister sidan 2021 og tidlegare rådgjevar på Statsministerens kontor og i Justisdepartementet. Ho har lang karriere i Arbeidarpartiet og var ein av dei som overlevde terroraksjonen på Utøya i 2011.
  • Espen Barth Eide (59) går frå å vere klima- og miljøminister til å vere utanriksminister. Han er statsvitar og tidlegare diplomat, og har lang fartstid i partiet. Tidlegare har han vore både utanriksminister og forsvarsminister i Stoltenberg-regjeringane.
Espen Barth Eide og Tonje Brenna på Jonas Gahr Støre sin pressekonferanse.

Espen Barth Eide og Tonje Brenna blir sittande i regjering, men byter departement,

Foto: Alf Simensen / NRK

I den nye regjeringskonstellasjonen er det fleire kvinner blant statsrådane enn tidlegare og betydeleg yngre Ap-politikarar som tek over ministerpostane.

Resten av regjeringa ser slik ut:

  • Jonas Gahr Støre (Ap), statsminister
  • Trygve Slagsvold Vedum (Sp), finansminister
  • Anne Beate Tvinnereim (Sp), utviklingsminister
  • Jan Christian Vestre (Ap), næringsminister
  • Kjersti Toppe (Sp), barne- og familieminister
  • Bjørn Arild Gram (Sp), forsvarsminister
  • Jon-Ivar Nygård (Ap), samferdselsminister
  • Ingvild Kjerkol (Ap), helse- og omsorgsminister
  • Sandra Borch (Sp), forskings- og høgare utdanningsminister
  • Emilie Enger Mehl (Sp), justis- og beredskapsminister
  • Terje Aasland (Ap), olje- og energiminister. Departementet endrar namn til Energidepartementet frå 1. januar 2024, men Aasland skal framleis ha det same ansvarsområdet som Olje- og energidepartementet har i dag.
  • Lubna Jaffery (Ap), kultur- og likestillingsminister
  • Geir Pollestad (Sp), landbruks- og matminister

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger