Frp: Har brote retningslinjene, får fortsette

Frp har konkludert med brot på etiske retningslinjer mot mannen som foreslo sex med 14-åring og som fleire kvinner har varsla mot. Likevel får han halde fram i posisjonar. – Trist og useriøst, meiner varslar.

FpU-er foreslår sex med 14-åring

BEHELD VERV: Ein mann med posisjonar i Frp og FpU beheld sine verv, trass i fleire varslingar mot han. Bilete er ein av fleire snapchat-meldingar han har sendt til ein 14-åring. NRK har valt å anonymisere vedkommande.

NRK har tidlegare meldt om ein mann med leiarverv i Framstegspartiets Ungdom som foreslo seksuell omgang med ein 14-åring. Fleire andre jenter har varsla om upassande oppførsel, som fekk enkelte til å trekke seg unna ungdomspolitikken.

Mannen, som i dag har posisjonar i Frp og FpU, har tidlegare sagt til NRK at han ikkje kan utelukke upassande oppførsel, men kjenner seg ikkje igjen i fleire av skildringane.

Snart tre månader etter det første varselet mot mannen er saka no ferdigbehandla. NRK kjenner til at det er konkludert med brot på etiske retningslinjer i minst eit av varsla, og forstår at dette er tilfelle i fleire av sakene.

Leiar i organisasjonsutvalet i Frp, Helge André Njåstad vil ikkje gå inn på kva dei har konkludert med.

Helge Andre Njåstad

KONKLUDERT: Helge André Njåstad i Frps organisasjonsutval vil ikkje dele opplysningar i varslingssaka med pressa.

Foto: Johan Moen / NRK

– Eg har ikkje behov for å dele det med media, det er ein sak mellom oss og han, seier Njåstad.

Mannen får halde fram i sine posisjonar i partiet, noko Njåstad bekreftar. Dette reagerer ein av varslarane på.

– Eg skjønar ikkje at dei ser på det som eit brot, men lar han fortsette. Det er trist for Frp at så alvorlege hendingar ikkje får konsekvensar. Eg fryktar han vil fortsette å gjere unge politikarar i partiet usikre og sårbare, slik som eg opplevde, seier ho.

Ho var 16 år og seier ho opplevde uønskt fysiske framstøyt frå mannen, og at leiarar ikkje tok ho alvorleg. I hennar sak er det konkludert med brot på retningslinjene.

Njåstad seier dei aldri har nokon garanti mot denne typen hendingar, men at det skal vere trygt i partiet.

– I dette tilfellet trur eg heile saka vil bevisstgjere vedkommande veldig. Generelt jobbar vi målbevisst med å kurse heile organisasjonen på kultur. Det skal vere trygt å sende ungdommar til Frp og FpU.

Varslarane får ikkje vite om reaksjonen

Det er likevel slik at mannen får ein "reaksjon", som det er formulert i vedtaket i ei av sakene. Etter det NRK forstår er det snakk om ei skriftleg åtvaring. Ein av varslarane reagerer på at dei ikkje får vite kva reaksjonen inneber.

– Det er useriøst av organisasjonen at tilbakemeldingane er så utydelege, når eg har opna meg personleg for organisasjonsutvalet. Det skapar usikkerheit og gjer det vanskeleg for meg å setje strek, seier kvinna.

Ho har i ein e-post til Frp takka for svaret og etterlyst tydelegare informasjon, utan svar foreløpig.

– Varslarane får vite det som er naturleg at dei får vite, er Njåstad sitt svar når NRK spør.

– Er det ikkje naturleg at dei får vite kva konsekvens det får?

– Ikkje alltid, nei. Det kan vere ting som blir mellom organisasjonsutvalet og den det gjeld. Vi har landa på ein konklusjon som er formidla til vedkommande.

– Så det er berre han det er varsla mot som får vite om innhaldet i det de kallar ein reaksjon?

– Ja, avsluttar Njåstad.

Fpu

REAGERER: Ein av varslarane meiner behandlinga i Frp er useriøs og trist.

Foto: Øystein Ingvaldsen / Lundeimages

Meiner han er utsett for maktkamp

Mannen har ikkje svart på NRKs førespurnad om ein kommentar til konklusjonen. Han har tidlegare uttalt at han meiner det går føre seg ein maktkamp mot han i partiet.

– Utan at det er meint for å unnskylde det eg har blitt skulda for, opplever eg det som påfallande at alle tips til media om negativ oppførsel frå mi side kjem no, seier han.

Han ynskjer sjølv å halde fram i partiet.

– Sidan eg vart aktiv i FpU har eg jobba dag og natt for å utgjere ein politisk forskjell. Dette har eg til hensikt å vere også i framtida, sjølv om eg i enkelte situasjonar har gjort feil.

Etter det NRK kjenner til har mannen tidlegare vore suspendert frå ungdomspartiet, på grunn av «dårleg organisasjonskultur», også i nyare tid har sentralstyret i FpU forsøkt å suspendere han, noko landsstyret i partiet omgjorde.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger