Hopp til innhold

Færre vil råde jenter inn i førstegongstenesta

No seier 41 prosent at dei i liten grad, eller ikkje i det heile, vil tilrå eit år i Forsvaret for unge kvinner.

Montasje av to bilder: Amanda Bergh Schjelderup og rekrutter oppstilt i Madla-leiren

VERNEPLIKT: Frå 2016 blei det verneplikt også for kvinner. Etter det har talet på kvinner i førstegongstenesta auka. VERNEPLIKT: Frå 2016 blei det verneplikt også for kvinner. Etter det har talet på kvinner i førstegongstenesta auka. Amanda Bergh Schjelderup i Militært kvinnelig nettverk meiner dei er avhengige av kvinner i framtidas forsvar.

Foto: Erik Waage / NRK

Leiar av Militært kvinnelig nettverk Amanda Bergh Schjelderup er ikkje overraska over tala, særleg i kjølvatnet av fleire varslingssaker.

– Eg synest det er veldig trist. Førstegongstenesta er vår rekrutteringsbrønn til vidare teneste i Forsvaret, og vi er heilt avhengige av kvinner i forsvaret i framtida. Trist, men dessverre ikkje overraskande, seier Amanda Bergh Schjelderup til NRK i Nyhetsmorgen onsdag.

Endring i utviklinga

Forsvaret gjennomfører kvart år ei brei innbyggarundersøking med ei rekke spørsmål om forholdet til Forsvaret.

Dei siste åra har talet på dei som ville råda unge jenter å gjennomføre førstegongstenesta, vore stabilt og stigande.

Då NRK i slutten av februar gjennomførte ei meiningsmåling vart det same spørsmålet stilt, men med eit anna utfall.

I 2022 svarte 70 prosent i Forsvaret si undersøking at dei i svært stor eller ganske stor grad ville tilrå førstegongstenesta til ei jente.

Den positive haldninga til førstegongstenesta og Forsvaret har fått seg ein knekk. Slik kjem det fram i meiningsmålinga Norstat har utført for NRK:

  • Dei positive svara har ein nedgang frå 70 prosent til 45 prosent.
  • Talet på dei som svarer negativt har auka. 41 prosent seier no at dei i liten grad, eller ikkje i det heile, vil tilrå eit år i Forsvaret for unge jenter. I 2022 var det 21 prosent som var negative.

Forsvarsministeren: – Tilliten har fått seg ein knekk

Forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp) seier at det er ei utfordring at fleire er kritiske til å gå inn i Forsvaret.

– Eg trur at tilliten har fått seg ein knekk etter at dei sakene kom opp, seier Gram til NRK.

– Det er slettes ikkje slik vi skal ha det. Det er uakseptabel og ulovleg åtferd som er avdekka. Sjølv om det er mange som seier dei har det bra i Forsvaret, så kan vi ikkje vere fornøgde før alle har det trygt og godt i Forsvaret.

Vidare seier han at dette krev eit langsiktig arbeid som må halde på heile tida.

Forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp)

Forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp) meiner resultata er dårlege for forsvarssektoren.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Forsvaret: – Det er veldig synd

– Det tykkjer eg er veldig synd. Det er eit høgt tal, som burde vore lågare, seier oberst Frank Sølvsberg til NRK.

Han er talsperson i Forsvaret, og ser på talet frå NRK si meiningsmåling over kor mange som ikkje vil råde unge jenter å gjennomføre førstegongsteneste.

Forsvaret må no ta innover seg at under halvparten av dei spurte vil råde unge kvinner å gå inn i Forsvaret.

Frank Sølvsberg, Forsvaret

Oberst Frank Sølvsberg er talsperson for Forsvaret.

Foto: Forsvarsdepartementet

Talspersonen vil likevel trekke fram at dei unge kvinnene som faktisk har vore i førstegongstenesta er nøgde.

– Frå vår eiga vernepliktsundersøking finn vi at åtte av ti unge kvinner, som har vore i tenesta, vil anbefale andre kvinner å gjere det same, seier Sølvsberg og peikar på eigne tal frå 2021.

Les også Silje opplevde mobbing og seksuell trakassering i førstegongstenesta

Silje Falmår sammen med hester

Der inntrykket er endra – går mot meir negativt

I NRK si meiningsmåling vart dei spurde også stilt følgande spørsmål:

«Har inntrykket ditt av Forsvaret endra seg den siste tida?»

30 prosent svarte at dei har fått eit meir negativt inntrykk.

Av dei som hadde fått eit meir negativt inntrykk, svarte 82 prosent at det var på grunn av behandlinga av kvinner, seksuell trakassering og varslingssaker. Eller at det var fordi varslingssaker ikkje blir tatt seriøst og at ingen blir stilt til ansvar.

Dette er noko dei også har oppdaga i Forsvaret, fortel talspersonen deira.

– Det er ikkje heilt uventa. Våre eigne undersøkingar viser at varslingssaker trekker inntrykket av Forsvaret ned. Korleis Forsvaret løyser sine oppdrag trekker opp. Negativ merksemd om Forsvaret gjer naturleg folk meir negative, seier Sølvsberg.

Forsvaret gjer ein gong i året ei stor meiningsmåling der dei spør eit utval på over 4000 personar ei rekke spørsmål. Elles gjer dei også hyppigare undersøkingar med færre spørsmål.

Medieoppslaga, med NRK sine saker om varsling, trakassering og overgrep i Forsvaret, kan også sjåast i desse meiningsmålingane, seier Sølvsberg.

Les også Forsvarssjefen sa han hadde ryddet opp – refset offiser fikk Nato-jobb

Forsvarssjef Eirik Kristoffersen etter å ha mottatt en kritisk rapport om varsling i Forsvaret

Kvinner i fleirtal

Av dei 30 prosentane som hadde fått eit meir negativt inntrykk av forsvaret var 58 prosent kvinner.

Sølvsberg seier sakene også har påverka dei som jobbar i Forsvaret, og at tala i meiningsmålingane ikkje er overraskande.

– Eg vil seie at Forsvaret fekk ein vekkjar sist sommar. Det blei då klart at Forsvaret ikkje avverjar uønskte hendingar godt nok, eller handterte varslar og varslingar på eit godt nok vis, seier Sølvsberg.

– Forsvaret arbeider hardt med dette no, men det er nok varslingssakene som folk hugsar best frå den siste tida, seier han.

– Kva vil Forsvaret gjere for at kvinner skal få eit meir positivt inntrykk av Forsvaret framover?

– Det aller viktigaste Forsvaret kan gjere no er å skape eit trygt og godt arbeidsmiljø for alle. Arbeidet Forsvaret har gjort sidan i sommar, og vidare framover, for å avverja uønskte hendingar og handsaming av varslar, vil nok kunne påverke inntrykket av Forsvaret i positiv retning, seier Sølvsberg.

Les også Forsvaret ga sluttpakke til 15 ansatte som hadde vært involvert i straffesaker

Forsvarssjef Eirik Kristoffersen snakker etter å ha mottatt rapport om varsling i Forsvaret fra PWC

Positive grunna styrka forsvar

Av dei totalt 1009 personane som blei spurt i NRK si meiningsmåling, svarte 14 prosent at inntrykket av forsvaret hadde blitt meir positivt. 50 prosent sa inntrykket ikkje hadde endra seg i nokon grad.

Av dei som hadde meir positivt inntrykk var det nokre spesifikke saker som hadde gitt dette inntrykket, og mange nemnde fleire saker.

  • 17 prosent nemnde at fordi Forsvaret var viktige i dagens situasjon med tanke på trusselbiletet, hadde det gitt dei meir positivt inntrykk.
  • 16 prosent meinte norsk støtte til Ukraina var årsaka.
  • 15 prosent hadde meir positivt inntrykk fordi dei meinte Forsvaret var meir offensivt eller at Forsvaret blei styrka eller bygd opp igjen.
  • 12 prosent hadde meir positivt inntrykk fordi Forsvaret var meir synlege i media.

Les også Forsvarsvarslere får pris for å ha vist mot

Julie Sandanger og Caroline

Les også Seks norske offiserer ekskludert fra FN-oppdrag i all fremtid

Biler foran den norske forlegningen, Norway House, i Juba, Sør-Sudan på kveldstid

Les også – FN er meistrar i å dekke over eigne skandalar

uHS2TUlbAVQ

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger