Hopp til innhold

– FN er meistrar i å dekke over eigne skandalar

– Dei kan komme unna med absolutt alt, seier Rasna Warah. Ho pleidde å jobbe for FN. No er ho ein varslar.

uHS2TUlbAVQ

FN-soldatar på oppdrag i Goma i Kongo. Biletet er teke i samanheng med ei anna sak, og har ikkje direkte band til sakene om seksuelle overgrep.

Foto: THOMAS MUKOYA / Reuters

I bokhylla på heimekontoret til Rasna Warah står bøker om Mandela og Che Guevara. I kontorstolen sit den 60 år gamle kenyanaren og kjempar sin eigen kamp.

Ho kan sjå liten og åleine ut der ho sit, men ho er ikkje åleine. Og det kan ho heller ikkje vere, for motstandaren hennar kan knapt bli større.

Warah er ei av dei som vier livet sitt til å kjempe mot FN. Ho meiner måten organisasjonen er bygd opp på legg til rette for at overgriparar kjem seg unna, og varslarar blir straffa.

I meir enn ti år var Warah ein stolt FN-arbeidar. Med utdanning frå Boston og Malmö hadde ho fått seg fin jobb i heimbyen, ved FN-byrået UN-Habitat i Nairobi.

Men nokre av menneska ho møtte der, og ikkje minst systemet ho vart ein del av, snudde opp ned på Warah sitt syn på FN.

– Hierarkisk og kvinnefiendtleg

– Det har utvikla seg ein veldig kvinnefiendtleg kultur, og systemet er veldig hierarkisk. Så folk rottar seg saman og støtter sjefen, og ikkje den som er utsett for overgrep.

Ho har brukt koronapandemien flittig og kom nyleg ut med boka «Lords of impunity». Der gir ho eit ganske anna bilete av FN enn det mange kjenner frå den daglegdagse mediedekninga.

Rasna Warah ser inn i kameraet, og held venstre hand opp til haka. Ho sit på heimekontoret sitt. På pulten ligg ein PC og papir, på veggen bak ho er eit fargerikt måleri.

Rasna Warah jobba lenge for FN. No jobbar ho mot FN, frå heimekontoret i Nairobi.

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

– FN er ikkje rigga til å kunne stanse seksuelle overgrep, seier Warah, som meiner altfor mange av dei som jobbar i FN er meir opptekne av å verne si eiga karriere enn å melde frå om urett.

Når NRK møter Rasna Warah vert ho ikkje overraska når ho får høyre om dei norske offiserane som var stasjonert i Sør-Sudan, og som NRK har skrive saker om dei siste vekene.

Ho meiner saka følger same mønster som andre liknande saker i FN-systemet. Sakene vart handtert i det stille. Og i dette norske tilfellet vart dei heller aldri rapportert vidare til FN-operasjonen i Sør-Sudan.

Ingen fekk meir straff enn refs, og to offiserar har seinare fått fornya tillit og blitt sendt ut på nye oppdrag.

Nordmennene kjøpte seksuelle tenester frå lokale kvinner, og fleire hadde også ein seksuell relasjon til ei lokalt tilsett kvinne som budde i den norske leiren.

– Fredsbevarande soldatar jobbar ofte i land der kvinner og barn ikkje er verna av samfunnsinstitusjonar, seier Warah.

Les også Tidligere FN-sjef om norsk offisersskandale: – Nesten som om noen har prøvd å holde det skjult

Hilde Frafjord Johnson på kontoret sitt i Juba, Sør-Sudan i 2014

Fattige menneske kan enklare bli utnytta

Historia om dei norske offiserane føyer seg inn i ei rekke saker der FN-tilsette møter eit samfunn kor fattigdom kan føre til at kvinner sel sex i bytte mot mat og pengar.

– Det er ofte snakk om unge menn som jobbar i ein kontekst der kvinner er sårbare og gjerne tilbyr sex i bytte mot mat og pengar. Det har vore mange sex-for-mat-skandalar, seier forfattaren.

Å jobbe som utsending for FN kan fort medføre at ein hamnar på stader der ein kjøpe seg seksuelle tenester for småsummar. Ofte fordi folk ikkje har noko anna inntektsgrunnlag enn å måtte selje kroppen sin.

Dermed er ikkje det som kan verke som frivillig sex like frivillig som det ein kanskje tenkar seg.

Det finst fleire døme på FN-soldatar som har utnytta dette, og på langt grovare vis enn dei norske offiserane.

Sexring i Haiti

I bytte mot mat vart ei haitisk jente lokka inn i ein sexring. Soldatar frå Sri Lanka hadde bygd opp eit nettverk av menneske som dei utnytta seksuelt. Mange av dei var barn.

Ei jente har fortalt til FN sine eigne etterforskarar at ho ikkje ei gong hadde starta å utvikle brystar første gongen ho hadde sex med ein FN-soldat.

Ein gut fortalde at han selde sex til meir enn 100 soldatar, noko som i gjennomsnitt var fire til dagen.

FN-soldater anklaget

FN-soldatar frå Sri Lanka på ein seremoni i 2007 før dei skal reise til Haiti på oppdrag for FN. Det er ikkje kjent om soldatane på biletet er innblanda i sexskandalen.

Foto: SANKA VIDANAGAMA / AFP

Det heile fekk halde på i tre år før varsla nådde sentrale delar av FN. Ei etterforsking vart starta, 114 srilankiske soldatar vart skulda for grove seksuelle overgrep.

Soldatane vart sende tilbake til Sri Lanka. Toppleiinga i det srilankiske forsvaret nekta for skuldingane, og meinte det ikkje fanst bevis. Verken FN eller Haiti kan straffeforfølge FN-soldatar, og det er ikkje kjent om nokon av soldatane vart straffa i heimlandet.

Seks år seinare vart nye FN-soldatar frå Sri Lanka sende tilbake til Haiti.

Svenske Kompass sin kamp for endring

Svenske Anders Kompass jobba høgt oppe i FNs høgkommissær for menneskerettar, og hadde fått tilgang på ein intern rapport om at franske FN-soldatar hadde utført overgrep mot barn i Den sentralafrikanske republikk.

Men han vart frustrert av at ingen tok tak i saka, og at rapporten berre vart sendt frå skrivebord til skrivebord internt i FN. Så han lekka rapporten, og sende den til fransk påtalemakt, i håp om at Frankrike skulle ordne opp på heimebane.

Det fekk følger. Aller mest for Kompass som først vart suspendert, og som etter månader med bråk og press sa opp jobben i FN.

Svenske Anders Kompass, med FN-symbolet i bakgrunnen.

Svenske Anders Kompass møtte stor motstand då han varsla om påstandar om franske FN-soldatar sine overgrep mot barn i Den sentralafrikanske republikk.

Foto: Moises Castillo / AP

Saka skapte mykje mediemerksemd, men i rettssystemet i Frankrike vart den lagd bort på grunn av mangelen på bevis.

– Det er ironi av ypparste klasse at det skjer brot på menneskerettane internt i FN, utan at det blir teke noko som helst ansvar. Og det er ingen openheit og transparens heller. Ofte er tendensen at slike saker blir dekka over og nekta for, meiner Warah.

I boka si fortel Warah om mange varslarar som har møtt ein vegg når dei forsøker å seie frå om noko dei meiner er galt. Og ho har sjølv vore i same situasjon.

– Eg var sjokkert over å sjå kor aggressivt FN går ut mot ein varslar. Det blir ikkje halde nokon høyring. Toppleiinga fell oppå deg som eit tonn med murstein. Du har ikkje noko anna val enn å komme deg ut av bygningen, slik eg gjorde.

Kjøp av seksuelle tenester

I tillegg til saker om overgrep utført av FN-tilsette, og varslarar som blir forsøkt stansa, så er det også saker frå land som Kongo, Mosambik, Kambodsja, Bosnia-Hercegovina og Kosovo, der FN-soldatar har vore innblanda.

Det har også vore ei rekke saker der FN-tilsette er skulda for å kjøpe seksuelle tenester mens dei er i teneste. Dei norske offiserane er eit eksempel frå Sør-Sudan, men det finst mange fleire.

Eit døme er ein video frå Tel Aviv i Israel i 2020. Ein bil som var tydeleg merka med «UN» på sidene kan ein sjå ei kvinne og ein mann ha sex med kvarandre i baksetet.

I forsetet sit ein annan mann som tilsynelatande søv. Kvinna skal ha vore ein prostituert. Videoen vart spreidd på sosiale medium, og mange meinte at videoen var eit døme på noko som skjer ofte, at FN-tilsette kjøper seg sex når dei er ute i felt for FN.

Dei to mennene vart seinare suspenderte frå jobbane sine, skriv The Times of Israel.

Har forslag til endringar

FN har tatt ein rekke grep etter at saker om seksuelle overgrep har blitt kjent. Skrive rapportar, oppretta tilsynsorgan, gjort undersøkingar og dei fører statistikk over innmelde saker.

Men Warah meiner at det er langt frå nok til å stanse problemet. Ho meiner organisasjonen er rigga på ein måte som uansett vil føre til at overgriparar slepp unna etterforsking, og potensiell straff.

Ho har mista mykje av trua ho hadde på FN. Ho meiner det er dei mektigaste statane som styrer heile organisasjonen, og at dei ikkje er interesserte i ei endring.

Ho har nokre forslag til løysing.

  • Endre på FN-charteret - FNs grunnlov - slik at ikkje FN-tilsette har den same straffefridomen som i dag.
  • Få ein slutt på FN skal granske seg sjølv, og få inn eksterne folk til å granske saker som vert melde inn.
  • Givarland må slutte å gje pengar til FN-byrå som ikkje makter å verne om varslarar og reinske opp i dei sakene som ligg på bordet.
  • FNs Tryggingsråd må utvidast, slik at ikkje nokre få land sit med all makt.

FN: – Me veit at mykje meir må gjerast

– Dei siste fem åra har me sett i gang tiltak for å hindre desse feila, etterforske gjerningsmenn, inkludert militære, og halde dei ansvarlege. Dette kan også bety at dei vert sendt heim att til heimlandet, seier talsperson for FNs generalsekretær Christian Saunders til NRK.

Han seier seg einig med Warah om at straffefridomen som FN-tilsette nyt er ein del av problemet, men at problematikken ikkje berre avgrensar seg til FN, men også handlar om at mange land har ein praksis der seksuelle lovbrot ikkje blir straffa godt nok.

Christian Saunders helsar på Ine Marie Eriksen Søreide.

Christian Saunders er spesialutsending for FNs generalsekretær i jobben med å stanse seksuelle brotsverk i FN. Her helsar han på tidlegare utanriksminister Ine Marie Eriksen Søreide frå den tida han var leiar for FN-operasjonen i Palestina.

Foto: Heiko Junge / NTB

Uansett. Å stanse dette er noko som står høgt på generalsekretær António Guterres, skriv talspersonen til FN-sjefen.

– Me veit at mykje meir må gjerast, og at me held fram å auke innsatsen på dette punktet, seier Saunders, som ikkje utelukkar at det også i framtida kan komme nye saker om overgrep utført av FN-tilsette.

Svaret frå FN er ikkje nok til at Warah fell til ro. Ho meiner at organisasjonen framleis har mykje å svare for, mellom anna korleis dei har behandla Kompass og andre varslarar.

– Så vidt eg veit, så har det ikkje vore nokon form for kompensasjon for offera, og ingen fredsbevarande soldat eller tilsett i FN har blitt stilt for retten, seier Warah, som dermed nok ei gong argumenterer for at situasjonen ikkje kjem til å bli god nok så lenge FN-charteret ikkje blir endra, slik at FN-tilsette kan bli straffa om dei utfører overgrep.

SISTE NYTT

Siste nytt