Næringsministeren og finansministeren møtte fredag formiddag representantar frå NHO, LO, SMB Noreg, Rederiforbundet og Virke i eit digitalt møte.
Møtet kom i stand etter at regjeringa har gjort nye innstrammingar i tiltaka på grunn av auka smitte i samfunnet.
– Vi fekk tilbakemeldingar frå medlemsbedriftene våre om fall i omsetninga, og at vi er på veg mot nivået vi hadde mars. Difor er det viktig for oss å seie frå til regjeringa om at når dei gjer innstrammingar på smittevern, må få også få på plass ei brei kompensasjonsordning for næringslivet, seier administrerande direktør Ivar Horneland Kristensen i Virke til NRK.
Avklaring til veka
Det var viktig å få til dette møtet no, seier næringsminister Iselin Nybø (V) til NRK. Ho forstår godt at mange kjenner på ei uvisse etter at regjeringa har gjort nye innstrammingar i restriksjonane.
– No ønsker vi at folk skal halde seg mest mogeleg heime for å få kontroll og halde smitten nede. Og det vil få konsekvensar for næringslivet. Det var difor vi måtte ta ein fot i bakken med partane i arbeidslivet, seier ho.
- Les:
Ho seier regjeringa er innstilte på å kome arbeidslivsorganisasjonane i møte. Men dei vil bruke helga på å gå gjennom og vurdere innspela som har kome. Og så lover ho å kome tilbake med eit svar over helga.
Men ho kan ikkje love at det blir den same ordninga som næringslivet hadde før sommaren.
– Tidlegare hadde vi ei ordning der Skatteetaten stod for både behandling og utbetaling. Men dei er ikkje i stand til å ha denne ordninga. Då må vi lage ei ny ordning, men ho kjem til å bli annleis.
Nybø understrekar at vi har ei kompensasjonsordning for reiselivet og serveringsbransjen.
– No er spørsmålet om vi må utvide det til å gjelde andre bransjar.
Meiner det hastar
Då Noreg stengde ned i mars, kom det plass ei økonomisk ordning som skulle kompensere for tap av inntekter i næringslivet.
Etter den tid har det kome fleire pakkar som skal kompensere for tapte inntekter i ulike næringar, som i reiselivet og kulturnæringane.
- Les:
- Les:
Men med dei nye innstrammingane, hastar det med å få på plass ei ordning som omfattar alle bransjar, seier administrerande direktør Ole Erik Almlid i NHO.
– No er det mange som blør i norsk næringsliv, og det er mange arbeidsplassar som står i fare. Det hastar med å få i stand eit system som gjer at pengane kjem ut slik at det blir meir føreseieleg for dei som skal gjennom dei vanskelege vekene no før jul, men også langt inn i 2021.
Fryktar for den ordebaserte industrien
NHO-direktøren får støtte frå LO-leiar Hans-Christian Gabrielsen, som meiner ordningane vi hadde i vår var viktige for å få folk raskt tilbake i arbeid.
– Grunnen til at vi har lukkast er at vi fekk på plass tiltak som partane i arbeidslivet bad om. Det gjorde at vi fekk permitterte tidlegare tilbake i arbeid enn det som hadde vore alternativet.
Gabrielsen fryktar særleg for den ordebaserte industrien, som kom seg greitt gjennom den første runden.
– Den ordrebaserte industrien har tæra på den ordrereserven dei har hatt. Dei går no inn i ein haust med mange tomme ordrebøker. Vi fryktar mange kan bli hardt ramma.