Hopp til innhold

Statsminister Erna Solberg (H) ber folk halde seg heime

– Hald dykk heime, ha minst mogleg sosial kontakt, er rådet frå statsminister Erna Solberg (H) og regjeringa. No strammar dei ytterlegare inn på koronatiltaka for å stagge smitten i Noreg.

Dei siste vekene har talet på smitta auka kraftig. Det er særleg i dei større byane talet stig, men også mindre kommunar har fått større utbrot. Det er no registrert covid-19 i over 60 norske kommunar.

Statsminister Erna Solberg (H) orienterte Stortinget torsdag om dei nye innstrammingane dei vil gjere for å få ned smitten og hindre ei ny nedstenging av landet.

– Nordmenn må dei neste vekene vere budde på å halde seg meir heime, og avgrense sosial kontakt, sa Solberg frå talarstolen i Stortinget.

Ho er uroa over den auken vi har sett i smitten dei siste vekene. Alle fylke har no over 20 smitta per 100.000. Ho seier at kommunane har kontroll på testing, men fleire kommunar er under sterkt press.

Ber folk halde seg heime

Regjeringa innførte fleire tiltak for å få ned smitten i førre veke. Men utviklinga viser at desse ikkje har vore sterke nok til å snu trenden, seier Solberg.

Difor kjem det no nye tiltak for å få ned spreiinga av viruset.

Du kan sjå alle tiltaka her.

Erna Solberg blir intervjuet etter pressekonferanse om nye koronatiltak.

Statsminister Erna Solberg (H) er uroa over auken vi har sett i smittetala dei siste vekene. Difor strammar regjeringa ytterlegare inn. Her blir ho intervjua av NRK etter pressekonferansen torsdag.

Foto: Ørn E. Borgen / NTB

Målet er å avgrense den sosiale kontakten og talet på nærkontaktar.

– Hald dykk mest mogleg heime. Ha minst mogleg sosial kontakt med andre. Saman kan vi snu den skumle utviklinga i smittetala, men det krev at vi alle er med på ein skikkeleg dugnad dei neste vekene, sa ho.

Politiet kjem også til å handheve smittevern meir aktivt framover. Det vil seie at ein kan risikere bøter dersom du bryt forskrifter eller karantenar.

– Vi kjem til å seie at ein skal gjere dette i større grad for å gi eit tydeleg signal om at det kan bli dyrt om ein set seg over det felles ansvaret vi har no.

Håper å kunne redde jula

Dersom det skulle vise seg at tiltaka som no blir innført ikkje er nok til å snu trenden, kan det bli aktuelt å innføre ytterlegare tiltak, seier Solberg.

– Det meste av tiltaka blir då innført på nasjonalt nivå for å unngå ei nasjonal krise. Det vi gjer i vekene fram mot jul, gjer vi solidaritet med kvarandre, sa ho.

Helse- og omsorgsminister Bent Høie (H)

Helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) manar folk til å bidra til at vi får feire ei så normal jul som mogleg.

Foto: Ørn E. Borgen / NTB

Helseminister Bent Høie (H) seier dei vil følge situasjonen nøye framover, og at han håper at det framleis er mogleg å redde jula.

– Eg trur alle ønsker å få til ein annan situasjon før jul, slik at vi kan feire ei mest mogeleg normal jul. Det viktigaste no er at vi gjer dette saman for å unngå at sjukehusa våre er overfulle til jul, og at folk er redde for å miste dei aller næraste fordi dei er alvorleg sjuke, sa han på pressekonferansen til regjeringa torsdag.

Må grunngi tiltak

Smitten har vore stigande store delar av hausten, men Solberg meiner det ikkje hadde vore mogleg å innføre dei strengare tiltaka før for å stoppe smitten tidlegare.

– Vi forsøker å ha tiltak som ikkje er meir inngripande enn at vi kan forsvare det ut frå dagens situasjon. Det er inngripande mange av dei tiltaka vi har. Og då må vi også ha ein grunn til å innføre dei, seier ho.

Samtidig er det viktig at ein kan sette inn tiltaka tidleg nok slik at situasjonen blir for krevjande.

– Når det var låg smitte både her og i utlandet, var det naturleg med meir openheit. No er det høg smitte både her og ute, og då blir det mindre openheit.

Nasjonale tilrådingar

Sosial kontakt

  • Tilråding om at alle i dei kommande vekene i størst mogleg grad må halde seg heime og avgrense sosial kontakt med andre menneske.
  • I private heimar, hagar eller hytter bør ein ikkje ha meir enn fem gjestar i tillegg til husstandsmedlemmer. Dersom alle gjestane er frå same husstand, kan ein vere fleire. To familiar kan møtast sjølv om dei har mange barn.
  • Avgrensinga om at ein ikkje bør ha fleire enn fem gjester, gjeld ikkje for barnehage- eller barneskulekohortar.
  • Unge og vaksne som har vore saman med venner og i andre situasjonar der det ikkje har vore ein meters avstand, bør halde to meters avstand til folk i risikogruppa.
  • I tillegg til tilrådingane kjem ein ny regel for kor mange ein kan vere på private samkomer og arrangement.

Reiser

  • Unngå innanlandsreiser som ikkje er nødvendige. Arbeidsreiser som blir vurderte som nødvendige og reiser til fritidseigedommar som kan gjennomførast utan kontakt med andre er unnatekne.

Skular og utdanning

  • Alle universitet, høgskular og fagskular skal vurdere om dei i perioden framover kan redusere undervisning og annan aktivitet som bidreg til auka mobilitet, blant anna press på kollektivtrafikken.
  • Vidaregåande skular og ungdomsskular må førebu seg på at tiltaksnivået kan bli raudt dersom smitten stig ytterlegare.

Reglar for heile landet

Private samkomer og arrangement

  • Grense på inntil 20 personar på private samkomer på offentlege stader og i leigde lokale og 50 personar på innandørs arrangement utan fastmonterte sete. Innandørs kan det vere inntil 200 personar på arrangement der alle i publikum sit i fastmonterte sete. Endringa blir sett i verk midnatt, natt til måndag 9. november.

Uteliv

  • Nasjonal skjenkestopp kl. 24.00. Serveringsstader med skjenkebevilling kan ikkje sleppe inn nye gjester etter kl. 22.00. Endringa blir sett i verk ved midnatt, natt til laurdag 7. november.

Karantene og reiser

  • Reisande frå raude land må vise attest på negativ covid-19-test når dei kjem til Noreg. Testen må vere teken under 72 timar før innreisa. Dersom personen ikkje kan vise fram ein slik test, kan vedkommande bli nekta innreise. Dette blir sett i verk frå midnatt, natt til måndag 9. november.
  • Personar som kjem til Noreg må ha fast tilhald i landet, eller arbeids- eller oppdragsgivar må gi garanti for eigna tilhaldsstad ved framkomst til Noreg. Personar, inkludert turistar og besøkjande, som verken har eige tilhald eller arbeids- eller oppdragsgivar i Noreg må opphalde seg på karantenehotell og teste seg i karanteneperioden. Dette gjeld òg familiemedlemmer som kjem for å besøkje slekt i Noreg. Helsedirektoratet blir gitt i oppdrag å greie ut korleis desse krava kan innførast. Fram til dette er etablert, blir grensekontrollen forsterka etter eksisterande regelverk.

Tiltak i regionar med høg smitte

Regjeringa legg til fleire tiltak som kommunar i bu- og arbeidsregionar med stort smittetrykk bør vurdere å innføre. Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet skal vurdere nøyaktig kva tiltak som er aktuelle i ulike regionar i landet, slik at det kjem tydeleg fram kva tiltak som er nødvendige å vurdere når smittesituasjonen utviklar seg.

Kommunar i ein bu- og arbeidsregion som innfører tiltak bør gjere det mest mogleg likt og samordna. Rundskrivet med forslag til lokale tiltak blir oppdatert i samsvar med endringane.

  • Vurdere stans i breiddeidrett for barn og unge under 20 år
  • Ytterlegare restriksjonar retta mot serveringsstader, til dømes full skjenkestopp eller stenging klokka 22 for å redusere talet på besøkande i løpet av ein kveld.
  • Ytterlegare avgrensingar i storleiken på ulike arrangement
  • Tilråding om bruk av munnbind i taxi når det blir tilrådd brukt i kollektivtransport
  • Ungdomsskular bør førebu seg på raudt nivå
  • To meter avstand ved fysisk aktivitet innandørs
  • Obligatorisk heimekontor
  • Sterkare tilråding om å unngå kollektivtrafikk
  • Stengje eller avgrense verksemder og aktivitetar som har stort potensial for smittespreiing, som til dømes symjehallar, treningssenter, idrettshallar, bingohallar, museum, bibliotek, arrangementsstader utan fastmonterte sete og andre offentlege stader der mange møtes innandørs

Ekstra oppgåver til Helsedirektoratet

Regjeringa har bede Helsedirektoratet å undersøke om det bør kome råd eller krav om hurtigtest før tilsette går på jobb i sjukeheimar og omsorgsbustader. Og om dei bør bruke munnbind på jobb.

Dei skal også oppdatere dei faglege råda som skal ta vare på sårbare grupper i helse- og omsorgstenestene.

Direktoratet har også fått i oppdrag å revidere rettleiarar om smittevern i kollektivtransporten og gjere innskjerpingar. Dette gjeld også på skulebussar.

AKTUELT NÅ