Hopp til innhold

Jensen: – Støre vil flytte taksameter inn i bilane til folk

Ap-leiar Jonas Gahr Støre ønskjer seg eit forlik om vegprising som erstatning for bompengar. Han får ein lunken mottaking frå statsministeren og ein rett høgre frå Frp-leiar Siv Jensen.

Ap, Høyre og FrP om vegprising.

– Støre må ikkje prøve å skape noko inntrykk av at vegprising er nokon quick fix, seier Frp-leiar Siv Jensen.

– Det Jonas må slutte å gjere, er å late som at vegprising tyder at folk ikkje skal betale, seier statsminister og Høgre-leiar Erna Solberg.

I kjølvatnet av den enorme bompengemotstanden dei siste månadane, har Ap-leiar Jonas Gahr Støre sagt at han vil rive bomstasjonane og heller satse på vegprising.

Han ber no Høgre om å bli med på eit breitt forlik om vegprising.

Det skjer etter at Høgres finanspolitiske talsmann, Henrik Asheim, måndag uttala i Politisk kvarter at han vil ha eit breitt forlik om vegprising for å erstatte bompengeringane.

Asheim understreka at eit forlik først blir aktuelt i neste stortingsperiode.

Bomstasjon på Nygård i Bergen

Bomstasjon på Nygård i Bergen.

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

Støre er utolmodig og meiner at partia bør inngå eit forlik snarast.

– Kvifor skal vi vente i to år med å greie det ut? Kvifor skal vi tape den tida? Eg trur fleirtalet på Stortinget er for, då bør vi komme i gang, seier Støre.

– Dersom Høgre og statsministeren blir med, kan vi få til forliket som Asheim etterlyser, legg han til.

Høgre stemte i mars mot Ap og KrFs forslag om vegprising i Stortinget. Asheim lufta likevel å opne for vegprising for to veker sidan, noko som overraska Ap.

Solberg: – Er allereie i gang

Men trass i at hennar eigen partikollega har foreslått dette, er statsminister Erna Solberg er lunken til Støres frieri.

Solberg og Støre

F.v. statsminister Erna Solberg og Ap-leiar Jonas Gahr Støre.

Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

– Vegprising betyr at folk skal betale. Det er ikkje sikkert at dette skapar mindre bråk enn andre ting, seier Solberg.

Ho viser til at regjeringa allereie jobbar med å greie ut bilavgiftssystemet for å gjere det berekraftig. Grunna dei mange elbilane i Noreg, får staten inn fleire milliardar kroner mindre enn forventa i bilavgifter og bompengar.

Regjeringa skal mellom anna sjå på korleis bompengane kan bli erstatta.

– Men er det ikkje greitt å kome i gang og greie ut noko det no er fleirtal for på Stortinget?

– Det held vi på med, og det begynte vi med før debatten starta, seier statsministeren, og held fram.

– Jonas legg ut eit røykteppe på noko anna i samband med ein debatt folk er opptekne av – nettopp bompengar.

Flere bomstasjoner i Oslo fra 1. juni

1.juni blir det innført fleire bomstasjonar og endra takstsystem for bilistar i Oslo og Akershus. Bomstasjonen er sett frå Bygdøylokket mot Skøyen.

Foto: Ole Berg-rusten / NTB scanpix

Frp: – Vegprising er inga rask løysing

Frp er mot vegprising og vil redusere bompengane betydeleg. Betaling for vegar skal skje over statskassa, meiner dei.

– Støre må ikkje prøve å skape noko inntrykk av at vegprising er nokon «quick fix». Det er i realiteten berre å flytte eit taksameter rett inn i bilane til folk, seier Frp-leiar Siv Jensen.

Ho meiner vegprising ikkje nødvendigvis gir ein meir rettferdig innkrevjing av pengar.

– Her er det mange ulike utfordringar som skal bli teke omsyn til. Det er andre behov i distrikta enn i dei store byane. Så det er mange ting som må bli greia ut når vi skal sjå på det framtidige bilavgiftssystemet, seier Frp-leiaren.

Støre understrekar at bilistane framleis må bidra for å betale for kollektivløysingar og meir veg.

– Men vegprising er eit meir treffsikkert system som vil ta bort ein god del av urettferda ein god del bilistar opplever. Men det må bli greia ut.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger