Hopp til innhold

Asheim vil ha bort fordelane for elbilar – Ap er overraska

Høgres Henrik Asheim foreslår å fjerne elbil-fordelane og innføre vegprising. Det var han mot for to månader sidan, seier Arbeidarpartiet.

Elbilar på lading

Elbilar på lading i Bjørvika i Oslo.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Sverre Myrli

Sverre Myrli er Arbeidarpartiets transportpolitiske talsperson.

Foto: Christophe Poucholin / NRK

– Høgre kunne ha stemt for å greie ut vegprising i mars. Eg er veldig overraska over at Henrik Asheim no kan seie at dei skal forsøke å få eit slikt system på plass, seier Sverre Myrli, Arbeidarpartiets transportpolitiske talsperson.

Asheim leiar finanskomiteen på Stortinget og er nestleiar for Høgres programkomité.

I ein debatt om elbilavgifter i Politisk kvarter onsdag morgon tok han til orde for å «forsøke å innføre det vi kallar for vegprising», der ein betalar mindre for å kjøpe elbil enn fossile bilar, men at ein likevel betalar for å bruke vegen.

Det er brei politisk semje om at særleg skal gjelde byar og tettbygde strøk, og ikkje ute i distrikta

– Dette kan erstatte bomstasjonane våre og sørge for at køyrer du mykje, betalar du mykje, seier Asheim.

konstituert kunnskapsminister Henrik Asheim.

Henrik Asheim leiar finanskomiteen på Stortinget og er nestleiar for Høgres programkomité.

Foto: NRK

Årsaka er at han meiner at dagens avgiftsunntak for elbileigarar ikkje kan vare på sikt.

Målet er nemleg at nordmenn i 2025 berre skal kjøpe låg- og nullutsleppsbilar.

Men dersom færre køyrer bensin- eller dieselbilar, betyr det også at færre betalar skatt og avgifter som finansierer bygging og vedlikehald av vegane – med dagens reglar.

Berre i år tapar staten over 3 milliardar kroner i avgifts- og skatteinntekter fordi fleire køyrer elbil.

I regjeringsplattforma har Høgre gått med på at elbilfordelane ikkje skal bli endra før 2021. Men etter det bør avgiftsnivået for elbilar bli endra slik at fleire bidreg til statskassa, meiner Asheim.

– Derfor bør vi vere tidleg ute med å vedta endringar slik at folk er førebudd på kva som kjem, seier han.

Ap er overraska

Forslaget overraskar Sverre Myrli i Ap. I mars vedtok Stortinget å «inkludere utgreiing av ny teknologi som kan erstatte dagens bompengeordning, som ein del av gjennomgangen av dagens avgiftssystem for bil.»

I høyringsrunden i forkant av vedtaket, gjekk alle høyringsinstansar inn for å greie ut vegprising.

Fleirtalet – beståande av Frp, Høgre og Venstre – ville ikkje bruke ordet vegprising i vedtaket, noko Arbeidarpartiet og SV fann underleg og trist. Dei peika på at det måtte vere Frp som hadde fått gjennomslag internt i regjeringa for ikkje å bruke det ordet.

– Eg er veldig skuffa over at vegprising ikkje blir greia ut. Då er det merkeleg når Asheim sit i Politisk kvarter og seier at dette er løysinga. Han kunne ha røysta for det i mars, seier Myrli.

MDG: – Veldig uheldig

– Det er veldig uheldig at Høgres finanspolitiske talsmann begynner å flørte med å fjerne elbilfordelane. Det er nytt, seier Une Aina Bastholm i Miljøpartiet Dei Grøne.

Ho møtte Asheim i debatten denne morgonen. Bastholm vil gjerne greie ut vegprising, men samstundes halde på fordelane for elbilar.

MDG-politikaren peikar på at fordelane er det einaste verkemiddelet regjeringa har no for å få folk til å kjøpe desse bilane.

– Det er på ingen måte slik at Noreg no er klar for å lette på avgiftene. Fagmiljøa er heilt klare på at dersom vi begynner å gjere det no, snur vi den positive utviklinga vi har, seier Bastholm.

Ho viser til at dette blei gjort i Danmark, og at salet av fossilbilar då gjekk opp att.

– Asheim nemner i det heile ikkje at regjeringa brukar mykje meir pengar på avgiftslette til fossile bilar i dag, kanskje ei gåve til Frp, som ønskjer å vere bilistane sitt parti. Det gjer at regjeringa får mykje større tap på grunn av avgiftslette til fossile bilar enn til elbilar, seier Bastholm.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger