Hopp til innhold

Erna Solberg: – Eg fortener kritikk

I dag blir Erna Solberg den fyrste tidlegare statsministeren som får «sterk kritikk» av Stortinget.

Erna Solberg Politisk Kvarter

Høgre-leiar Erna Solberg var gjest i Politisk kvarter.

Høgre-leiaren seier i Politisk kvarter at det var ein avtale med ektemannen Sindre Finnes om å opplyse om aktivitet, som ikkje blei halde.

– Eg fortener kritikk. Ikkje minst fordi eg ikkje visste om kor stort omfanget var, seier Erna Solberg.

Erna Solberg Politisk Kvarter

Tidlegare statsminister Erna Solberg (H) byrja dagen i Politisk kvarter. Av Stortinget vil ho få sterk kritikk for å vere inhabil medan ektemannen handla aksjar.

Foto: Christian Breidlid / NRK

– Sindre handla for meir enn det som var avtalen. Det fortener eg kritikk for, at eg ikkje klarte å etablere god nok informasjon, seier Solberg.

– Om du var statsminister i dag og fekk einstemmig kritikk, ville du gått av då?

– Det ville vore eit spørsmål som måtte vurderast på det tidspunktet. Viss eg hadde vore statsminister ville det vore eit spørsmål om tillit eller ikkje tillit frå Stortinget.

Les også Kontrollkomiteens dom: Dette er habilitetssakene

F.v. Tonje Brenna, Anette Trettebergstuen, Ola Borten Moe, Anniken Huitfeldt og Erna Solberg.

Solberg viser til at ho som Høgre-leiar ikkje svarer til Stortinget, men Høgre sine veljarar og partiorganisasjonen som må avgjere om ho kan få makt igjen.

Fleire får kritikk

Solberg er ikkje den einaste som får ei ripe i Stortinget i dag. Arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna (Ap) og tidlegare utanriksminister Anniken Huitfeldt (Ap) får begge kritikk, som er hakket under Solberg sin sterke kritikk.

– Eg har ikkje deltatt i behandling av sakene, og har bestemt meg for at eg ikkje kommenterer dei andre sine saker. Det meiner eg ville vore det vi på bergensk kallar «utidig».

Erna Solberg Politisk Kvarter

Erna Solberg seier ho fortener kritikk, då ho ikkje visste omfanget av aksjehandlane.

Foto: Christian Breidlid / NRK

Tysdag blei det klart at Framstegspartiet vil kome med eit mistillitsframlegg mot Brenna. Solberg utelukkar ikkje at det kan støttast av Høgre.

– Vi må få tid til å handsame det. Det er litt urimeleg å sitje i Politisk kvarter og seie ja eller nei utan å konsultere eige parti, seier Solberg.

Visste om aksjekjøp

– Eg har vore inhabil i saker eg har handsama då eg var statsminister, fortalde Erna Solberg på ein pressekonferanse 15. september.

Ektemannen sine aksjehandlar gjennom Solberg sine åtte år som statsminister var den siste i rekka av dei såkalla habilitetssakene som skaka Noreg.

Les også Aksjesaken: Solberg får sterk kritikk

Erna Solberg

Erna Solberg sine feiltrinn gjer at ho i dag får sterk kritikk av Stortinget.

Før det er ho gjest i Politisk kvarter, der ho for fyrste gong offentleg kommenterer kritikken.

– Fleirtalet meiner Solberg i utilstrekkeleg grad har overhalde si undersøkingsplikt overfor ektemannen sin aksjehandel, fortalde saksordførar Grunde Almeland (V) i februar.

Kontroll- og konstitusjonskomiteen hadde då lagt bak seg fleire månader med gransking av statsrådar, tidlegare statsrådar og ein tidlegare statsminister sitt habilitetsrot.

Erna Solberg har sagt at ho visste ektemannen handla aksjar. Ho bad likevel ikkje om ei fullstendig oversikt, men bad Finnes informere om «større aksjekjøp og store endringar i porteføljen».

Som fylgje av den manglande informasjonen frå Finnes, var Solberg inhabil ved fleire høve.

Les også Stygge riper i lakken, gjenreising av tillit eller bare et skuldertrekk?

Erna Solberg under møtet i kontrollkomiteen i november i fjor.

Alle partia er samde om at «det er sterkt kritikkverdig at Erna Solberg i si tid som statsminister var inhabil i fleire saker handsama av hennar regjering».

Alle utanom Høgre meiner at Erna Solberg burde ha undersøkt ektemannen sin aksjehandel betre.

Avdekka aksjehandlar

Sommaren 2023 blei Støre-regjeringa råka av ei rekkje habilitetssaker. 31. august skreiv så E24 at Sindre Finnes selde aksjar då Erna Solberg var statsminister.

Det var fyrst etter kommunevalet at omfanget av aksjehandelen kjent.

Mellom anna kom det fram at i løpet av Solberg sine åtte år som statsminister utførte over fleire tusen transaksjonar – trass åtvaringar frå Statsministerens kontor.

Økokrim undersøkte saka, og fann at det ikkje var grunnlag for å starte etterforsking verken mot Finnes eller den tidlegare statsministeren.

AKTUELT NÅ