Hopp til innhold

Norske barn i Syria gir regjeringa hovudbry

Korleis kan regjeringa hjelpe dei norske barna i flyktningleirar i Syria? Spørsmåla og er mange og svara er førebels få. Her er nokre av dei.

Norsk IS-kvinne og hennes to barn i interneringsleiren al-Hawl

Norsk IS-kvinne og hennes to barn i interneringsleiren al-Hawl.

Foto: Christine Svendsen / NRK

1. Kva er Noreg plikta til å gjere for desse barna?

I barnekonvensjonen, som Noreg har signert, står det at barnets beste skal vere styrande i alle spørsmål som har med barn å gjere. Dette vert brukt som argument av dei som meiner både barn og foreldre må få komme tilbake til Noreg, og at foreldra eventuelt må bli stilte for retten.

Men for dei fleste NRK har snakka med er det førebels uklart om folkeretten pliktar Noreg til å hente barna reint juridisk.

2. Kan Noreg garantere at alle norske barn i Syria får hjelp?

Svaret frå barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad er eit klart «nei».

– Det er fordi det er så komplisert og uoversiktleg. Å finne ut kven som er norske og å hjelpe alle desse er veldig krevjande. Å få hjelpt alle norske veit me vil bli veldig vanskeleg, seier Ropstad.

3. Kan Noreg skilje barna frå foreldra sine?

Erna Solberg sa til NRK på måndag at regjeringa opnar for å hente ut norske barn som sit i flyktningleir utan foreldre. Det skjedde berre timar etter at Aftenposten skreiv om fem foreldrelause, norske søsken i ein flyktningleir i Syria.

Men kva med dei barna som har foreldre? Dette har regjeringa førebels ikkje svart på, men Erna Solberg har gjort det klart at det ikkje er aktuelt å hente heim mødrene, og at ei naturleg følge av dette vil vere å skilje mor og barn. Det sa ho til Aftenposten denne veka.

Samstundes understrekar ho at Noreg ikkje har mandat til å skilje barna frå foreldra sine, og at dette eventuelt må gjerast med samtykke frå foreldra.

Men både jussekspertar og Barneombodet seier til NRK at det er eit brot på barnets rettar å skilje barnet frå mor og far. Dette gjeld også i tilfelle der mora går frivillig med på å sende barna heim og bli verande att, fordi dette ikkje vert sett på som ei løysing som er til barnets beste.

4. Kan barnevernet reise ned til Syria og hente ut barna?

Om barnevernet skal hente barn frå eit anna land er dei avhengige av å kunne samarbeide med styresmakter i landet der barnet er.

– Me har ikkje rettsgrunnlag til å overta omsorga for eit barn når det er i utlandet, seier barne- og familieminister Ropstad.

Dette er første utfordring, men det som gjer desse sakene ekstra kompliserte er at barna er i eit område av Syria som er kontrollert av kurdiske sjølvstyresmakter.

Leiaren for utanrikskomiteen i dei kurdiske områda, Abdulkarim Omar, seier til Aftenposten at norske styresmakter kan sende ein e-post til han for å forhandle fram ei løysing på dei utfordringane som finst. Han opplyser at fleire land allereie har fått returnert barn.

NRK veit at Bufdir har fått i oppgåve frå barne- og familiedepartementet å sjå på kor grensene går, og kva moglegheiter som finst for at barnevernet kan reise inn i flyktningleirane og hente ut barna. Førebels er det altså berre snakk om å hente ut dei barna som er foreldrelause.

5. Vil returnering av norske barn føre til at IS-medlem kan komme til Noreg gjennom familiegjenforeining?

Justisminister Jøran Kallmyr gjekk denne veka ut og sa at det kan bli aktuelt å endre lova slik at utanlandske terroristar ikkje kan kome seg til Noreg gjennom å søke om familiegjenforeining med sine norske barn.

Påtroppande KrF-leiar, Kjell Ingolf Ropstad, seier til NRK torsdag at dette må bli vurdert no.

– Å risikere at det kjem framandkrigarar og terroristar som krev familiegjenforeining i åra framover, vil vere ein trussel mot Noreg. Vi må vere sikre på kva vi skal gjere i kvart enkelt tilfelle, så dette må bli vurdert.

Venstre-leiar Trine Skei Grande har på si side sagt til NRK at det er for tidleg å snakke om ei slik endring, og at dagens lovverk er godt nok.

Også ekspertar NRK har snakka med seier at dagens lovverk gjer det mogleg å nekte folk utan norsk pass innreise, sjølv om dei søker om familiegjenforeining. Det er mellom anna omsynet til den nasjonale tryggleiken som fører til at personar kan få nei på sin søknad om gjenforeining med sine norske barn.

6. Kva gjer andre land?

Regjeringa ser til andre land, og ønskjer ei løysing som dei ikkje er åleine om. Førebels er det få land som har opna heilt opp for retur av barn av IS-krigarar. Frankrike er det einaste vesteuropeiske landet som har henta heim eigne borgarar. I tillegg har Sudan, Russland og Kosovo henta heim borgarar.

7. Om mødrene er med, kva vil skjer med dei?

Personar knytt til IS vil truleg bli straffeforfølgd, ifølge barne- og familieminister Ropstad. Det same har fleire andre regjeringsmedlem sagt.

8. Kva oppfølging vil barna få når dei kjem til Noreg?

Det er dette Bufdir skal kartlegge no. Ropstad seier at barnevernet har ansvar for barna når dei kjem til Noreg.

– Vi er opptekne av vere klare til å kunne ta imot barna, og då er det barnevernet som må vere førebudd på ein situasjon der somme av barna kan vere traumatiserte og ha opplevd forferdelege ting, medan nokon kan vere radikaliserte og sterkt påverka av endringar, seier Ropstad.

Han seier at barnevernet i kvart tilfelle må vurdere kven som skal ha omsorga for barnet.

AKTUELT NÅ