NRK Meny
Normal

28 mindreårige asylsøkjarar sporlaust borte i år

Innvandringsminister Sylvi Listhaug (Frp) er uroa over det høge talet på forsvunne mindreårige asylsøkjarar. No gjer ho alt ho kan for å få oversikt over situasjonen, men seier at lukka mottak er uaktuelt.

28 mindreårige asylsøkjarar sporlaust borte i år

Innvandringsminister Sylvi Listhaug (Frp) seier ho gjer ho alt ho kan for å få oversikt over situasjonen.

Ho deler uroa med politiet. Heller ikkje dei veit kvar dei 28 mindreårige som vart borte frå norske mottak i januar, har teke vegen.

Frykta er at dei skal hamne i eit kriminelt miljø eller bli utnytta til slavearbeid. Sjansen er stor for at denne gruppa kan hamne både i kategorien for fornærma og gjerningspersonar.

På patrulje i Oslo

I 2014 var det 41 einslege mindreårige asylsøkjarar som forsvann frå mottak rundt om i landet utan å gi opp ny adresse, og i 2015 var talet 73.

I går kveld var Sylvi Listhaug med politiet på patrulje i Oslo sentrum. Dei fann ikkje sakna mindreårige asylsøkjarar ute denne kvelden, men innvandrings- og integreringsministeren meiner det er viktig å få oversikt over dette problemet.

– Det er viktig å ha oversikt over kvar dei er. Dei kan bli utsette for kriminelle handlingar, eller dei kan bli kriminelle sjølve. Det er viktig at vi har eit godt apparat som kan finne dei igjen, seier Listhaug til NRK.

Etter føreskriftene skal ein mindreårig einsleg asylsøkjar som forsvinn frå eit mottak, meldast sakna innan 24 timar. Utlendingsdirektoratet har inntrykk av at mottaka generelt er flinke til å følgje opp retningslinene.

UDI legger ned - 10 mister jobben

Dette hjelper på norskkunnskapen

– Ikkje lukka mottak

– Det var veldig interessant å få vere med politiet og sjå korleis dei arbeider. Dette er eit svært komplisert område, og vi må få dei unge asylsøkjarane til å bli buande på mottaka. Men vi kjem ikkje unna at det er frivillig å bu på mottak, og vi kan ikkje låse dei inne. Derfor må vi ha eit apparat som tek seg av dette, seier innvandringsministeren.

Listhaug meiner det er ei dårleg løysing å ha lukka mottak, men minner om at vi har eit lukka mottak på Trandum. Det skal styrkjast og byggjast ut, men dette er for asylsøkjarar som skal sendast ut.

Eitt problem politiet møter er at det kan ta frå ei til tre veker før ein einsleg mindreårig asylsøkjar blir meldt sakna frå asylmottaket. Dei møter svært få av dei igjen på gata i Oslo, og dei veit ikkje kvar dei kan vere.

– Oppskrift på dårlig integrering

Frykter syke flyktninger ut i kommunene

Mange fleire i Sverige

Det er ein teori om at mange har reist til Sverige, der dei kan ha slektningar eller vener. Ifølgje Sylvi Listhaug kom det i fjor 35.000 einslege, mindreårige asylsøkjarar til Sverige, langt fleire enn hit til landet, og ho vil no ha utvida samarbeid med nabolandet.

Leiar for Sakna-gruppa i Oslo-politiet, Anders Lunnan Oksvold, seier at dei løpet av eitt år har rundt 750 saker. I dei fleste sakene har dei mykje informasjon om dei sakna, medan dei veit svært lite om dei som forsvinn frå asylmottak.

Vanskelig å finne boliger og jobber til flyktningene

Hareide ber Listhaug gjøre hjemmeleksen

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger