Hopp til innhold

Meiner regjeringa somlar: – Distrikts-Noreg skrik etter arbeidskraft

Høgre og Venstre krev fortgang i arbeidet med å gjere statlege arbeidsplassar stadsuavhengige.

Sommer 2020, Lofoten

DRAUM: Jobbar du i staten, men eigentleg har ein draum om å til dømes bu i Lofoten. Høgre og Venstre ønskjer at du kan få lov til å ta med deg jobben og slå deg ned kvar du vil.

Foto: Rune Stoltz Bertinussen / NTB

Kanskje er du ein byråkrat i Oslo som drøymer om eit liv på landet?

I så fall ønskjer Høgre og Venstre at du skal få lov til å ta med deg jobben og slå deg ned akkurat kvar du vil.

Men kanskje du fryktar at du blir einsam utan kollegaer i nærleiken?

Løysinga er ifølgje dei to partia såkalla «Distriktshuber» – kontorfellesskap der folk kan dele arbeidsplass utan å ha same jobb.

Ideen vart lansert av stortingsrepresentantane Bård Ludvig Thorheim (H) i NRK og Alfred Bjørlo (V) i VG omtrent samtidig.

Distriktsminister Linda Hofstad Helleland tok tenning, og ville endre arbeidsplassane for titusenvis av statleg tilsette.

Seinare vart det også den vedtekne politikken til Solberg-regjeringa.

Men så kom valet i 2021, og ei ny regjering fekk makta. Sidan har det ikkje skjedd noko som helst, ifølgje Bård Ludvig Thorheim (H) frå Bodø.

Distrikts-Noreg skrik etter arbeidskraft, men må klare å tilby attraktive jobbar for begge to i eit forhold. Det opnar opp heilt nye moglegheiter når titusenvis av statlege jobbar som tidlegare hadde adresse i hovudstaden kan utførast kvar som helst.

Sylvarnes, Vik i Sogn

Kanskje kan du få endeleg realisere draumen om eit småbruk i Sognefjorden.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

– Distriktspolitisk-revolusjon

Han kallar det ein distriktspolitisk-revolusjon og meiner distrikta treng det for å trekkje til seg folk til, til dømes Mosjøen, Mo i Rana og Narvik når industrien der skyt fart.

Det var ein siger for oss å få Solberg-regjeringa med på å kunngjere ei rekkje stadsuavhengige arbeidsplassar i 2021. No har vi tapt 1,5 år der det ikkje har vorte kunngjort nokon slike stillingar så langt eg kan sjå, seier høgrepolitikaren.

Det er ikkje ei overrasking at den største andelen av arbeidsforholda i statsforvaltninga er i Oslo. Der ligg det på 26,8 prosent, viser tal frå Direktoratet for forvaltning og økonomistyring.

Dei lågaste andelane av sysselsettinga i staten finn vi i Møre og Romsdal, Agder og Nordland. Dei har alle under 4 prosent kvar.

Thorheim meiner den statlege forvaltninga av landet må kunne utførast rundt om i heile landet med dei tekniske moglegheitene vi har i dag.

Tida er overmoden for at staten legg til rette for at tilsette som ønskjer å «ta med jobben ut» og bu i distrikts-Noreg får høve til det, siger Alfred Bjørlo i Venstre.

Ifølgje han gjer mange private store bedrifter dette allereie – men staten heng etter, og bremsar dermed moglegheitene for at fleire unge med høg utdanning kan velje å bu i distrikts-Noreg.

Bø i Vesterålen

Eller i eit skur i Bø i Vesterålen?

Foto: Børre Albrigtsen

Ikkje overlate til seg sjølv på heimekontor

Bjørlo meiner også at det er viktig at dei som vil «flytte ut med jobben» ikkje blir overlaten til seg sjølv på eit heimekontor, men at dei får høve til å ha ein god arbeidskvardag i eit felles arbeidsmiljø med andre.

Derfor er «statlege distriktshuber» eller nye former for «Statens Hus i distrikta» med fleksible arbeidsplassar ein veldig god idé.

Venstrepolitikaren meiner regjeringa må få opp farten med å etablere slike distriktshuber. Det meiner også Thorheim.

Personleg trur eg det vil vere spennande å knyte seg opp til hub'er der gründerar og andre private allereie har arbeidsfellesskap. Tenk så spennande å jobbe ein stad der folk driv på med så mykje ulikt. Det kan gi grobotn for endå meir innovasjon og nytenking.

Les også Turistene strømmer til øyperlene, nå vil fylket kutte en av de mest innbringende rutene

Det gamle fiskeværet Myken i Rødøy kommune på Helgeland

– For stor del av plassane har vore sentrale

Over tid har ein for stor del av dei statlege arbeidsplassane vore i dei mest sentrale kommunane, ifølge Kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik.

Han er på sett og vis einig med dei to andre politikarane, og trur potensialet for bruk av slikt arbeid i staten samla sett er stort.

Det er eit klart politisk mål for Sp-Ap-regjeringa å oppnå meir desentralisering av statlege arbeidsplassar og styrkje lokale fagmiljø.

Les også No skal dei som bur på hytta få straumstøtte

Gramstølen

Ved å lyse ut stillingar med moglegheit for å jobbe andre stadar ein Oslo kan det bli enklare for verksemdene å rekruttere etterspurt kompetanse, ifølge Gjelsvik. På same tid får mange fleire rundt om i landet tilgang på kompetansearbeidsplassar i staten.

Han seier også at regjeringa har bede statlege verksemder vurdere kva konkrete moglegheiter dei har for at fleire tilsette kan jobbe frå kontorplassar i distrikta.

Desentralisert arbeid bør kombinerast med at dei tilsette får høve til å sitje i eit kontorfellesskap, slik at dei kan få eit sosialt og fagleg fellesskap. Verksemdene skal rapportere på dette i årsrapporten for 2023, og då vil vi få ei betre oversikt over kor utbreidd dette er.