Hopp til innhold

No skal dei som bur på hytta få straumstøtte

Regjeringa vil utvide straumstøtta til å omfatte dei som har fritidsbustad som einaste bustad. Aldri før har så mange søkt om å bu fast på hytta.

Gramstølen

GRAMSTØLEN, LÆRDAL: Det er om lag 10.000 personar som bur i fritidsbustader i Noreg.

Foto: Jan Christian Jerving

Regjeringa sende i dag ut eit forslag til å justere straumstønadsordninga. Per i dag gjeld ordninga berre for heilårsbustadar, og ikkje fritidsbustader.

– Hushaldningar som av ulike årsaker bur fast i fritidsbustad, er utsett for høge straumprisar på linje med andre hushaldningar. Eg er glad for å kunne sende på høyring eit forskriftsforslag som vil bidra til å avhjelpe dei økonomiske konsekvensane for denne gruppa, seier olje- og energiminister Terje Aasland (Ap).

Med andre ord: Dei som bur fast på hytta vil få same straumstøtte som andre hushaldningar i Noreg.

Justeringa gjeld nettkundar som har fritidsbustad som sin einaste bustad, og som har vore bustadregistrert på noverande adresse frå seinast 16. desember 2021.

Det er om lag 10.000 personar som bur i fritidsbustader i Noreg. Det betyr at talet på husstandar er mindre. Departementet veit ikkje konkret kor mange husstandar som vil omfattast av forslaget.

NVE har gjort anslag for kostnaden til forslaget: Ein stad mellom 35 millionar til 350 millionar kroner.

Departementet seier til NRK at den ekstra kostnaden vil takast over statsbudsjettet.

Olje- og energiminister Terje Aasland

– Eg er glad for å kunne sende dette forslaget på høyring, seier olje- og energiminister Terje Aasland (Ap).

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Regjeringa har tidlegare uttalt at det er utfordrande å identifisere «reelle hyttehushald» og inkludere dei i straumstønadsordninga utan at det vert «administrativt krevjande» og aukar risikoen for feilaktige utbetalingar.

Det siste grepet til regjeringa er i tråd med eit einstemmig desember-vedtak i Energi- og miljøkomiteen på Stortinget om å la dei som bur fast i fritidsbustad få straumstøtte.

Raudt-representant Sofie Marhaug uttalte i den samanhengen at regjeringa tolka straumstønadslova for strengt når dei utelét dei som bur fast i fritidsbustader.

– Intensjonen i lova tilseier at mange av dei som er i ei gråsone bør få støtte, sa ho.

– Dette har vi jobba for opp mot regjeringspartia på Stortinget, og vi er glade for at det kjem på plass no, seier energipolitisk talsperson i SV, Lars Haltbrekken.

Rekordår for flytting til hytta

Tal frå skatteetaten viser at det ved utgangen av september var 1945 personar som hadde søkt om å bu fast på hytta. Nyare tal finst ikkje.

Til samanlikning var det 2169 personar som søkte om å byte adresse til fritidsbustad i løpet av heile 2021.

– Det tyder på at flytting til hytta når eit nytt toppår i 2022, seier Ernst Larsen i Skatteetaten.

Les også Hyttekommuner ringes ned – full forvirring rundt strømstøtte

Hytte på Hovden

Det store hoppet kom under pandemien, men auka straumprisar gjorde at folk flytta på seg i fjor også.

– Pandemi og straumstøtte har motivert folk til å melde adresseendring til hytta. Før 2020 har ikkje dette vore noko stort tema, seier Anders Leisner, som er leiar for juridisk medlemsrådgjeving i Huseigarane.

Ifølge statistikk frå SSB er det i 2022 registrert om lag 445.500 fritidsbustader i Noreg.

Fekk ikkje flytte på hytta

Det er opp til kvar enkelt kommune om folk får flytte fast til hytta.

Ekteparet Sølvi Sve og Åge Wallentinsen frå Fana i Bergen fekk nei frå Lærdal då dei søkte om å få bu fast på hytta i kommunen.

– Vi hadde håpa på eit anna utfall, men vi godtek avgjerda og trivast framleis godt, seier ekteparet.

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,05 kr
Dyrest kl. 21 1,56 kr

Plan- og byggingslova stiller som krav at fordelane skal vere «klart større enn ulempene» om fritidsbustaden skal få status som heilårsbustad.

– Det er av praktiske årsaker. VI skal kunne tilby dei same tenestene til alle innbyggjarar, og det kan vere krevjande om ein skal bu midt oppå fjellet, seier ordførar i Lærdal, Audun Mo (Ap).

Gramstølen/Maristølen, Lærdal kommune

Ekteparet fekk ikkje bu på hytta i Gramstølen fordi den låg på fjellet.

Foto: Jan Christian Jerving

Ulik praksis i kommunar

Men kva om hytta låg nokre kilometer aust i ein anna kommune?

Det er vanskeleg å svare ja eller nei på det, seier ordførar Vidar Elthun.

Under pandemien var dei fleire som flytta permanent til hytta i Vang kommune.

I Hemsedal kommune var det mellom 50–100 som ynskte å byte adresse i fjor.

– Vi er i utgangspunktet positive i dei områda som vi har definert som kurante, seier ordførar Pål Terje Rørby.

Vang-ordførar Vidar Elthun ynskjer å gjere det lettare for folk framover å flytte permanent til hytta.

– Vi ynskjer fleire innbyggjarar, men det er ein omfattande prosess. Vi skal no gå gjennom arealplanen og sjå på kva område som er egna, seier han.

Les også Spår kollaps i hyttemarkedet: – Skremmende at folk ikke ser hva som skjer

Hytte

Lastebil kjører foran utsikten fra Holtardalen på Rauland.

Nye hytter under oppføring i Holtardalen på Rauland.

Foto: Håkon Eliassen / NRK
Gravemaskin i hytteområdet i Holtardalen
Hyttebygging i Holtardalen på Rauland