Bilar, lastebilar, tog og fly – alt skal over på straum etter kvart.
Difor vil det bli mangel på straum i framtida.
Det kan det vere lurt å tenkje på allereie no, før straumen blir endå dyrare, meiner ekspertane.
– Ein kan gjere huset til sin eigen energistasjon som i alle fall produserer noko av straumen det treng delar av året, seier Tommy Kleiven.
Tommy Kleiven, NTNU
Foto: Privat fotoHan er professor i berekraftig arkitektur ved NTNU.
Men korleis skal ein gjere det?
Her er seks tips til kva du kan gjere for å vere førebudd på framtidas straumforbruk.
Solceller
Solceller var ein nok så ny teknologi til bruk på vanlege hus for ikkje mange år sidan. No tek stadig fleire det i bruk.
– Eg tippar at om 5–10 år er det rådande, seier han.
Taket på garasjen til Per-Ivar Pedersen i øykommunen Vega er allereie kledd i solcellepanel
Foto: Martom ASTommy Kleiven, professor i berekraftig arkitektur ved NTNU trur solcellepanel på sørvendt takplate kan vere både lurt og lønsamt.
– Om du produserer meir enn du treng i enkelte tider på døgnet og året kan du selje det tilbake til nettet, peiker han på.
Solceller har i utgangspunktet låg verknadsgrad. Straumen derfrå vil fungere fint til lys, datamaskiner eller anna du koplar inn i ein straumkontakt.
Men skal du bruke straumen til oppvarming av hus kan ein solfangar vere løysinga.
Solfangar
Ein solfangar produserer varmt vatn som sildrar gjennom ei takplate gjennom nokre rør. Deretter renner det varme vatnet ned i ein tank.
Vatnet held på varmen betre og slik får energien høgare verknadsgrad.
Det finst allereie burettslag i mellom anna Kristiansand som har satsa på denne forma for energi.
Burettslagsleiaren har fortalt NRK at det som overraska han mest var kor effektivt dette er også på den tida av året når det er kaldt og lite sol.
Foto: Kjartan RørslettKleiven frå NTNU meiner solfangar er eit godt tiltak for å gi straumnettet lågare belastning.
– Du kan bruke straum frå solceller til ein panelomn, men då tar du ein høgverdig energiform og brukar det til eit lågverdig formål. Det er gjeld å bruke rett ting rett stad, seier Kleiven.
Varmepumpe
Alternativet ei varmepumpe. Varmepumper leverer over 10 TWh fornybar varme i Noreg. Det er like mykje energi som ein samla norsk vindkraftproduksjon gir.
– Med ein varmepumpe kan du hente ut energi frå bakken, lufta eller havet. Essensen er at innsatsen er éin og gevinsten er tre, fortel Kleiven frå NTNU.
Foto: Norsk VarmepumpeforeningIfølge Rolf Iver Mytting Hagemoen, dagleg leiar i Norsk Varmepumpeforening, har etterspurnaden etter varmepumper skote i vêret dei siste 15 åra.
Særleg etter at straumprisane vart så høge. Det har aldri vore selt meir varmepumper enn i 2021.
Men Hagemoen fortel at det er meir potensial i varmepumpa ved å bruke spillvarme frå mellom anna norsk industri.
Allereie finst det svømmebasseng, næringsbygg og skular som vert varma opp med overskotet frå til dømes kloakkanlegg og datasenter.
– Det er eit kjempestort potensial i industri i heile landet. Det vil seie at det er eit stort potensial for varmepumper utover det vi har i dag, seier leiaren for Norsk Varmepumpeforening.
Det seier òg denne rapporten frå NVE.
Vindturbin
Vindkraft stod for litt over 6 prosent av den samla kraftproduksjonen i Noreg i 2020.
Men det er stadig fleire som set opp vindturbinar til å produsere straum til eiget hus.
Trond Kvamsdal, er professor og leiar for Team Vind på NTNU. Han trur det kan vere vanskar med å setje opp vindturbinar om ein til dømes bur i eit nabolag.
– Det kan bli ein del konfliktar med det. Med tradisjonelle horisontalakslede vindturbinar vert det ein del støy.
Men det finst ei løysing. Det går nemleg an å setje opp vertikalakslene vindturbinar. Dei kan generere nok straum til eit hus fortel professoren frå NTNU.
Stian Valentin Knutsen er gründer jobbar med ein ny generasjon vertikalakslede turbinar.
– Småturbinane vi har i dag er i liten grad satt i system, og ikkje masseprodusert. Difor er det mykje å hente med tanke på pris og auka effekt, seier han.
Vertikale turbiner går stillare enn dei tradisjonelle, i tillegg er dei meir dyrevenlege, meiner Knutsen.
Foto: Nasjonalt vindenergisenter– Den nye teknologien vil gi fleire gjere vindturbinar til eit bra alternativ eller supplement til solseller i bustadar, seier han.
Vasskraft
I eit normalår produserer Noreg om lag 153 TWh elektrisk energi, og vasskraft utgjør 90 % av dette, ifølge NVE.
Men er det mogleg å ha eit vasskraftverk for ditt eiget hus?
Ja, seier Elena Pummer førsteamanuensis ved Institutt for bygg- og miljøteknikk ved NTNU.
Då vil det ikkje vere avhengig av vind eller vêr, og tek mindre plass. Det trur ho kan vere ei løysing både for private bustadar og små lokalsamfunn.
Pummer har vore med på eit EU-prosjekt i Tyskland der dei installerte eit vasshjul og ein turbin i ein bekk ved ein privatbustad.
Foto: Elena PummerForskinga går førebels i mange retningar, men mellom anna bilprodusentar er interessert i løysingar på korleis ein kan bruke lokale vasskraftverk til å lade elbilar, fortel Pummer.
Bruk det du allereie har – berre smartare
Det er altså mykje nytt du kan kjøpe for å spare pengar og produsere eigen straum til huset ditt.
Men Tommy Kleiven, professor i berekraftig arkitektur ved NTNU, meiner det beste du kan gjere er å oppgradere det du allereie har.
– Om du gir huset ditt ein betre boblejakke går behovet for energi ned, seier han.
– Mange startar med å kaste ut brukbare kjøkken og bad og bruker heile budsjettet innvendig. Då har dei ikkje råd til å oppgradere sjølve huset, seier Lien.
Foto: SINTEF Byggforsk / SINTEF Byggforsk; © Remy EikOm du til dømes har planar om å skifte kledning eller vindauge, meiner Kleiven at du bør tilleggsisolere.
Anne G. Lien, seniorforskar i Sintef, har gjennom prosjektet OPPTRE forska på korleis dei kan renovere gamle hus slik at dei vert nær nullenergibygg.
Dei har rekna på klimafotavtrykket for omfattande oppgradering av eldre hus og samanlikna med å rive å byggje nytt.
– Det er bra for miljørekneskapen å bruke igjen så mykje som mogleg og kaste så lite som mogleg, seier Anne G. Lien, seniorforskar i Sintef.
For lommeboka kan det nemleg løne seg å sjå på kva ein kan gjere for å spare straum og energi først.
– Eg trur det er smart å tenkje langt fram i tid, og gjere ting skikkeleg når ein først er i gang, seier Lien.
Korleis kan du tenkje deg å forsyne huset ditt med straum på?
Har du nokon gode tips eller innspel til saker eg bør sjekke ut? Tidlegare har eg skrive saker om mellom anna mysteriet om sjøkabelen som forsvann, Coops nye gigantpakkeri, sjøfugl som forvinn frå Lofoten og at norsk garn ikkje er av norsk ull.