Hopp til innhold

Kommentarfelta eksploderer under saker om MDG: – Dei vert ei skyteskive

Få politiske parti skapar slikt engasjement som Miljøpartiet Dei Grøne. Kvifor engasjerer det vesle partiet so veldig?

Hets i NRK Nordlands kommentarfelt

Her er noen av kommentarene NRK har sett seg nødt til å fjerne.

Foto: Skjermdump: NRK Nordland på Facebook

H:Når det snør oppover i hælvete……🤮
L:ja fy faen,Ein jæng bortskjemt drit ongar som alli heve stræva fe ei einaste krone bli klen bare eg ser faenskape🥵🥵
O:Aldri i verden fuck MDG det er en gjeng med klovner 👹
S:Det er vel svært få.som offentlig ber om å bli henrettet ??

Dette er nokre av kommentarane som vart lagt att under ein artikkel på NRK Nordlands facebookside.

Våre facebookpostar får til vanleg mellom 30 og eit par hundre kommentarar.

Posten om MDG har no over ni tusen kommentarar.

Kva er det som skjer då eit kommentarfelt tek slik av?

NRK Nordland sin post på Facebook

NRK Nordland sin post på Facebook, slik den såg ut i ein månad. 15. juli fjerna NRK innsalsteksten, altso teksten over lenka til artikkelen.

Foto: Skjermbilete

– Siræva gubbar

– Ein har jo måtta stille seg nokre spørsmål, ikkje sant. Kva i alle dagar er det eigentleg som får folk til å ta slik av?

Thomas Johansen er leiar for Nordland MDG. Han var ikkje av dei intervjua i den aktuelle saka, men seier dei har diskutert kommentarfeltet innanfor fylkeslaget.

Artikkelen var basert på NRKs meiningsmåling for juni. MDG fall i dei fleste valdistrikta, og i Nord-Noreg låg dei på 1,7 prosent oppslutning.

Johansen trur ikkje det var innhaldet i saka som gjorde at folk reagerte, men spørsmålet i innsalsteksten og kven som var avbilda.

Thomas Johansen, leiar for MDG Nordland

Thomas Johansen, leiar for Nordland MDG, meiner det skadar demokratiet å heve terskelen for deltaking i offentleg debatt då «forbanna søppel får fritt spelerom i kommentarfelta».

Foto: MDG Nordland

– Då biletet i saka var av ei ung, dyktig, politisk engasjert kvinne, so er det nok noko som provoserer forferdeleg mange siræva gubbar rundt i det ganske land, seier Johansen.

Innsalsteksten, altso det som sto over artikkelen på innlegget, var «Skal du stemme på Miljøpartiet De Grønne? 🌲».

Dei fleste kommentarane likna «nei», «N E I 👎👎», «aldri i livet !!!!!» eller «måtte Gud forby», med ein del klovne- og spyemojis blanda inn.

Eit fåtal av dei var truslar, personangrep eller anna som bryt NRKs retningslinjer for bruk av våre kommentarfelt. Dei kommentarane som braut reglane, vart forsøkt fjerna undervegs.

Johansen seier han set pris på at folk tek til motmæle mot politikk som er sakleg og grunngjeve.

– Men oppfør deg for svarte i kommentarfeltet. Hadde du ville prata slik til ungane dine eller barnebarna dine?

Eit polariserande parti

– MDG er eit parti folk anten liker veldig godt eller misliker sterkt, seier Tone Sofie Aglen.

Ho har vore politisk kommentator og redaktør i Adresseavisen og jobbar no som kommentator i VG.

Ho seier ulike parti skapar ulike attendemeldingar då ho skriv om dei. Saman med Framstegspartiet er det MDG som skapar mest engasjement.

– Nokre føler at MDG vil øydelegge samfunnet, trakke på liva deira og ta vekk det som betyr noko for dei, som kjøt, bilen og sydenturar.

– Dei opplever at miljøpartiet moraliserer over dei, seier Aglen.

Der Aglen sjølv no bur, midt i Oslo, er MDGs kampsaker meir populære enn ute i distrikta. Det syner seg att i meiningsmålingane.

– Men på bygda, også der eg er frå, trur eg dei opplever at partiet ynskjer å ta frå dei livsgrunnlaget deira og ikkje forstår situasjonen.

– Kanskje det er difor dei vert slik ei skyteskive, seier Aglen.

Tone Sofie Aglen

Nokre meiningar om parti og politikarar får knapt respons, seier Aglen. Men skriv ho om Frp eller MDG veit ho at kommentarfelta vil vere fulle av innspel.

Foto: NRK

Folk vil sei si meining

Karoline Andrea Ihlebæk er førsteamanuensis ved OsloMet. Ho har mellom anna forska på kommentarfeltet under norske nettaviser.

– Kva er folks motivasjon til å engasjere seg i kommentarfeltet?

– Folk seier sjølv at dei deltek for å få sagt si meining. Ein reagerer ofte på saker ein vert emosjonelt engasjert i eller som ein er politisk oppteken av, seier Ihlebæk.

Karoline Andrea Ihlebæk

– Det er noko med forma på kommentarfelta, at dei er spontane. Ein kan skrive i affekt som gjer at debatten får ei annan form, seier Ihlebæk.

Foto: Universitetet i Oslo

– Det kan vere at ein støttar ei sak veldig, men det kan også vere at ein blir provosert.

– Då eg modererer ulike kommentarfelt har eg inntrykk av at det er dei som er ueinige eller har noko negativt å sei som er mest aktive. Kjem det fram noko om det i di forsking?

Ihlebæk si forsking gjev ikkje eintydige svar på det, men syner at dei som deltek i kommentarfelt ofte er veldig kritiske til det.

– Det er klart at dei fleste debattar, også politiske, tek utgangspunkt i usemjer. Ein diskuterer jo som regel ikkje når ein er einige om noko.

– Og ein veit at negative kjensler, som sinne, kan føre til at folk engasjerer seg. Det same gjeld frykt til ein viss grad, seier Ihlebæk.

– Vi provoserer

NRK har ved fleire høve skrive om sentrale politikarar i Miljøpartiet Dei Grøne som opplever hets og trugslar utover sakleg kritikk.

Nyleg avslutta politiet etterforskinga av tre straffesaker om hensynslaus åtferd mot MDG-politikar Lan Marie Berg. To av straffesakene førte til bøter.

– Kvifor trur du de ofte hamnar på den mottakande sida av dette?

– Nei, vi provoserer nok ein del folk som tykkjer tingas tilstand er heilt supert, seier Johansen.

Han peikar på at partiet har fleire kampsaker han meiner kan opplevast dramatiske.

I partiprogrammet deira tek dei mellom anna til orde for avvikling av petroleumsnæringa, senking av nordmenns generelle forbruk og auke avgiftene på kjøt.

– Og det provoserer nok. Vi veit jo at det å endre seg, å endre eit menneskje si oppfatting, det er noko av det mest vanskelege vi gjer.

– Forstår du at desse politiske forslaga kan opplevast dramatisk?

– Ja ja, dei er jo det. Men om vi ikkje tek den kurva litt slak, so blir det plutseleg bråstopp, og det er jo ingen tent med, seier Johansen.

Nettverkseffekten

Men uansett kor engasjert folk blir, korleis kan ein facebook-post frå ei side som vanlegvis får godt under tusen kommentarar per artikkel eksplodere på denne måten?

– Kommentarfelta er jo ein reaksjon på noko, på saka det ligg under. Og so reagerer folk på kommentarane igjen og so utviklar det seg til ein debatt, seier Ihlebæk.

Facebookposten samla ein del respons like etter publisering, noko som er vanleg. Men ein månad seinare tok aktiviteten seg plutseleg opp, og mengda kommentarar vart bortimot dobla.

Ihlebæk meiner at nettverkseffekten på Facebook kan ha spelt ei rolle med den aktuelle posten.

Postar folk engasjerer seg mykje i kan dei dele vidare, kommentere eller klikke liker på. Sjansen er då større for at posten dukkar opp i straumen til personar som har liknande interesser.

– Og det gjer at dei også kan ta av, då, seier forskaren.

I tillegg kan lukka eller opne grupper og sider dele slike postar med sine følgjarar og medlem.

– Om nokre grupper som er ganske store har delt ei sak kan ein få mykje blest rundt den. So det kan jo vere ei forklaring, seier Ihlebæk.

– Bra for demokratiet

Johansen seier MDG set pris på ein sakleg debatt der folk er ueinige i det politiske, og at det er til det beste for demokratiet.

– Men diverre so er det jo slik at den saklege debatten i dei aller fleste tilfella forsvinn i dette oppgulpet som kjem.

Ihlebæk ser heller ikkje på heftige kommentarfelt som noko naudsynleg negativt.

– Det er jo litt gøy då, og ikkje berre problematisk, liksom. I alle fall om det er ein debatt der folk oppfører seg ganske bra, so er det jo det ein ynskjer frå demokratiet – at folk skal delta.

Ho meiner at ein i eit offentlegheitsperspektiv ynskjer at saklege kommentarar skal møtast og utfordrast.

– Problemet blir då nokre aktørar som dominerer debatten og gjer at diskusjonen sporar av og vert usakleg, seier Ihlebæk.

Kommentar fra NRK Nordland:

Det er NRKs ansvar å moderere kommentarfeltene på våre sosiale medier-kontoer. Noe vi har gjort i denne saka og vi har nulltoleranse for hets og sjikane. I facebook-posten, stiller vi et åpent spørsmål om man kan tenke seg å stemme MDG. Det er relevant ettersom saka omhandler ei meningsmåling og MDGs oppslutning. Sett i ettertid ville vi ikke ha formulert teksten slik igjen.