Hopp til innhold

– Nettrolla har mutert i pandemien

Saker om korona tek ofte fyr i kommentarfelta. Dette trur ekspertar kan vere grunnen.

Netthets

HETS: Her er nokre kommentarar som vart modererte under ei koronasak hos TV 2.

Foto: Skjermdump / TV 2

– Nettrolla har òg mutert i pandemien. Dei blir berre verre og verre, skreiv komikar Rune Bjerga på Twitter nyleg.

Bakteppet for denne meldinga er at han meiner at netthetsen no «tek heilt av».

– Det er spinnvilt å lese mykje av det som står i kommentarfelta rundt omkring, seier Bjerga til NRK.

Laster Twitter-innhold

Nokon å skylde på?

NRK har bedt fleire norske medium ta temperaturen på debatt-felta under pandemien.

Hos TV 2 har dei opplevd ein auke av hets, spesielt har dei merka dette under korona-saker og saker om brot på tiltaka.

Desksjef på tv2.no, Ida Falch-Olsen, deler tankane sine om kvifor det kan vere slik.

– Det handlar kanskje om at folk bruker meir tid på sosiale medium, kombinert med ein trøyttleik over både pandemi og tiltak. Når ein sjølv opplever at kvardagen er ekstra krevjande, kan det vere vanskelegare å vise forståing for andres utfordringar, seier ho og held fram:

– Ein leitar etter nokon å skylde på, og terskelen for å få ut frustrasjon i eit kommentarfelt blir lågare. Det hjelper sikkert heller ikkje at ein har mindre sosial kontakt og dermed ikkje får diskutere like mykje munnleg med andre om ting som opptek ein.

Også hos NRK har ein opplevd at saker om korona skaper heftige diskusjonar.

Her er nokre døme frå NRKs kommentarfelt der det kjem kraftige personangrep eller tonen blir fiendtleg og aggressiv:

Netthets
Foto: NRK
Netthets
Foto: NRK

Oppheita og usakleg

Karoline Andrea Ihlebæk er medievitar og har fordjupa seg i korleis nordmenn involverer seg i debattforum og kommentarfelt.

Karoline Andrea Ihlebæk

Medievitar Karoline Andrea Ihlebæk.

Foto: Universitetet i Oslo

Ho synest det er vanskeleg å seie om det har blitt meir netthets under pandemien, men har inntrykk av at det ofte blir høg temperatur i debattar om korona og smitteverntiltak.

– Det er eit tema som triggar folk. I debattar som omhandlar moralske spørsmål og kva ein skal eller bør gjere, blir det ofte stort engasjement. Det kan fort oppstå dynamikkar som gjer at debatten blir oppheita og usakleg, og då er det alltid stor fare for at nokon trår over ei grense, seier Ihlebæk.

– Grove oppgulp

Komikar Bjerga fortel at han fleire gonger får bakoversveis når han ser kva folk klarer å lire av seg i sosiale medium.

I sommar la han ut eit innlegg med eit hjartesukk på sin eigen Facebook-profil. Her lurte han på om det var lurt å samle godt over tusen menneske til demonstrasjon i Byparken midt under pandemien.

Det skapte store diskusjonar, og han kjente seg til slutt nøydd til å slette innlegget.

Rune Bjerga

Komikar Rune Bjerga (arkivfoto).

Foto: Privat

– Eg mista kontrollen. Folk hamra ikkje laus mot meg, men mot kvarandre. Det var trakassering og usaklege kommentarar. Det er nokre av dei grovaste oppgulpa eg har lese, seier Bjerga.

Han har eit inntrykk av at netthetsen har auka både i styrke og omfang under koronaen.

– Eg trur mange kjenner på frustrasjon i desse tidene. Vi sit kanskje oftare inne, er på heimekontor og er meir på nettet enn før. Då blir det ein plass for å blåse ut og ventilere litt, seier Bjerga.

Går over grensa

Bjerga har òg parodiert Bent Høie flittig under pandemien. Dette er noko Høie sjølv har uttalt at han berre synest er artig, men også her kom fleire uønskte reaksjonar både mot helseministeren og Bjerga.

– Du kan bli såra sjølv om du er minister eller komikar. Eg aksepterer at folk har meiningar og at ikkje alle synest alt er like morosamt som meg. Men når folk blir usaklege og fornærmande med kommentarar som går på legning, tru og kjønn; der går grensa for meg, seier Bjerga.

Han synest det er overraskande at det eksisterer såpass mykje netthets, då avsendar ofte står med fullt namn.

– Alt er så transparent. Terskelen for å kommentere har blitt utruleg låg. Det har blitt så vanvettig enkelt å sende av garde og dele ting på sosiale medium. Ein mistar fort kontrollen, for ting blir fort tekne ut av kontekst, seier han og oppmodar folk til å bruke meir vit på nett.

«Kva er eigentleg hets?»

Ihlebæk fortel at netthets ofte oppstår i kommentarfelt der mange har sterke meiningar og det fort blir sterke frontar.

Medievitaren spør seg òg: «Kva er eigentleg hets?».

– Det er eit omgrep som blir brukt mykje, men som kan ha ulike betydningar for folk. Det er ein fare for at også kritikk kan bli oppfatta som hets. Folk har veldig ulike grenser for kva ein blir såra av, seier Ihlebæk.

Betre grunnlag

Andre medium NRK har vore i kontakt med fortel at dei ikkje har opplevd ein særleg auke i hets på flatene sine under pandemien, men at korona ofte blir heftig diskutert.

– Ei forklaring på det kan vere at pandemien har stor påverknad på folks liv, og at den rammar ulike menneske ulikt. Då blir òg oppfatninga av kva som er rett ulikt blant folk, seier Mathias Jørgensen i VG.

Han meiner derimot at fleire korona-debattar er «betre grunngitte enn mange andre».

– I kommentarfeltet under VGs store koronaoversikt blir det ofte diskutert med bakgrunn i tala, og ofte på eit detaljnivå høgt over det vi vanlegvis ser, seier han.

Flere nyheter fra Rogaland