Hopp til innhold

Ein av fem kjem til å isbade i vinter

Kvar femte nordmann kjem til å isbade i vinter. Emilie (22) trur det kjem til å gjere befolkninga gladare.

Emilie Holst Hagen (22) er isbader fra Bodø

22 år gamle Emilie Holst Hagen frå Bodø isbadar ofte. Ho meiner det motverkar stress.

Foto: Privat

På den verste stormdagen i 2021 gjekk Emilie Holst Hagen frå Bodø ut i det bølgande, svarte havet.

Ho hadde bestemt seg veka før. Og no gjorde ho det berre.

Ho blei ein isbadar.

No viser ferske tal frå Norsk Friluftsliv at ein av fem kjem til å gjere som ho i vinter.

Isbading gir meistringskjensle

22 år gamle Emilie Holst Hagen vart med isbadelaget Bodø Penguins då ho kasta seg ut i vatnet første gong midt i januarstormen i fjor.

– Viss eg kan gjere det i dette stormvêret kan eg gjere det når som helst, tenkte eg. Det tok kneika for meg, seier Hagen.

Sidan har ho bada ofte. Mellom anna fordi ho opplever at det tek vekk stress frå kvardagen.

Emilie Holst Hagen (22) er isbader fra Bodø
– Isbading har mykje med pusten å gjere. Etter at du har kome deg over sjokket dei første minutta, er det heilt fantastisk.
Emilie Holst Hagen (22) er isbader fra Bodø
– Det er ei meistringskjensle å stå i noko sjølv om det er ukomfertabelt. I tillegg til helsefordelene og naturopplevingane.

Forskarar har vist at isbading kan hjelpe mot alt frå depresjon til demens.

I periodar Hagen har stått utan jobb har isbading letta tankekøyret hennar. Og det har gitt ho naturopplevingar ho ikkje ville ha vore utan.

– Eg har fleire gonger opplevd at tidvatnet snur. Det er heilt magisk. Dyra forandrar åtferd, og eg blir meir del av naturen medan eg symjar i vatnet.

Dagmar Dahl brukte isbading for å komme ut av depresjon.

Dagmar Dahl frå Bodø brukte isbading for å komme ut av depresjon.

Mest populært blant unge

Det er særleg dei mellom 15 og 24 år som ser ut til å vere aller mest interessert i isbading, ifølge ei undersøking Ipsos har gjort på oppdrag av Norsk Friluftsliv.

Blant disse seier 15 prosent at dei planlegg å isbade denne vinteren. Men det er berre 5 prosent som allereie har hoppa i det.

Bente Lier, generalsekretær i Norsk Friluftsliv
 –  Mitt inntrykk er at isbading har blitt meir populært det siste året. Eg spår at dette er ein trend vi vil sjå meir av i tida framover, seier Bente Lier, generalsekretær i Norsk Friluftsliv.
Bente Lier, generalsekretær i Norsk Friluftsliv
Etter kva ho kjenner til, er det første gong nokon har gjennomført ei undersøking om kor mange som driver med, og interesserer seg for, is- og vinterbading i Noreg.

– Vi har ikkje spurt direkte om kvifor, men det henger nok saman med trenden om friluftsliv generelt. No når mykje har vore stengt, har naturen vore ope i 24 timar i døgnet, seier Lier.

I tillegg til koronapandemien trur ho sosiale medium har bidratt til utviklinga.

Emilie Hols Hagen frå Bodø deler ofte video og bilete av at ho isbadar.

No har ho fått med seg fleire vener til å prøve.

Emilie Holst Hagen (22) er isbader fra Bodø

Emilie Holst Hagen frå Bodø har lagt ut fleire bilete av at ho isbadar. No har ho fått meg seg fleire vener på vinteraktiviteten.

Foto: Privat

– Eg viser dei korleis dei skal handtere sjokket i vatnet. Dei opplever meistringskjensle når dei kan bade lengre for kvar gong.

22-åringen sjølv badar i mellom åtte og ti minutt no på vinteren.

NRK forklarer

Kva bør eg tenke på om eg vil isbade?

Kva bør eg tenke på om eg vil isbade?

Hugs å puste

Isbading gir ein brå auke i aktivitet i nesten alle kroppens system. Det gjer at det er lett å bli kortpusta. Om du held pusten jamn vil du få ein betre oppleving i vatnet. Kjenn også dine eigne grenser. Det er fare for hypotermi om du badar for lenge.

Kva bør eg tenke på om eg vil isbade?

Ikkje bad åleine

Isbading er ein sosial effekt. Både fordi det er hyggeleg, og fordi det er viktig dersom noko skulle skje. Pass derfor på å aldri bade åleine i kaldt vatn. Hugs også på å ha med nok varme klær, og gjerne også varmt vatn i termos for å få igjen varmen etter badet.

Kva bør eg tenke på om eg vil isbade?

Ikkje bad om du har hjarteproblem

Når du hoppar ut i kaldt vatn vil du få ei kraftig samantrekking av alle blodårer i huda. Det skjer også med nervekoplingane som går inn til dei indre organa. Når du igjen blir varm går blodårene tilbake til slik dei var før møtet med det kalde vatnet. Det kan vere farleg for dei som har ubehandla eller ustabile hjarte- og karsykdommar eller epilepsi.

Og det er ikkje berre Hagen og venene hennar som badar i Nord-Noreg.

Ifølge undersøkinga til Norsk Friluftsliv er det nordlendingar som badar mest.

Bading Geir Are Jensen

Ipsos hadde 1000 respondentar i undersøkinga dei gjorde for Norsk Friluftsliv. Tjue prosent svara at dei vil vinterbane i år.

Foto: Sondre Skjelvik / NRK

– Dei er nok kanskje hakket tøffare. Kanskje toler dei litt meir kulde, undrar generalsekretær Lier i Norsk Friluftsliv.

Ho har óg høyrt mange som seier at å isbade gir ein terapeutisk effekt og ein enorm meistringskjensle.

Lykkelegare for ein kort stund

Isbading har vorte sett under lupa også hos fleire psykologar og behandlarar. Blant dei som har trua på denne behandlingsforma er psykolog og forfattar Carina Carl.

– Når vi badar i kaldt vann vert det sleppt fri ein del signalstoff i hjernen som verkar positivt inn på stemningsleiet, seier ho.

Det er nemleg alarmberedskapen i kroppen som vert utløyst med temperaturskiftet. Då vert endorfin, ofte kalla lykkehormon, skilt ut.

Det gjer at ein for ei kort stund kjenner seg lykkelegare.

Bading Geir Are Jensen

Hjartespesialist Løchen minner om at ein ikkje skal isbade åleine.

Foto: Sondre Skjelvik / NRK

Men det varer ikkje lenge. Ifølge Carl kan ein merke det frå nokre minutt til omkring ein time etter badet.

– Eg tenker at det ikkje kan stå aleine som behandlingsform. Men for dei med lett til moderat depresjon vil det i nokre tilfelle vere nok.

Maja-Lisa Løchen, hjartespesialist og overlege ved hjartemedisinsk avdeling ved UNN, seier ho er kjent med at bad i kaldt vatn mellom anna kan førebyggje luftvegsinfeksjonar.

Isbader mot depresjon

Maja-Lisa Løchen, hjartespesialist og overlege ved hjartemedisinsk avdeling ved UNN, er kjent med at bad i kaldt vatn kan vere positivt for helsa.

Foto: MARIUS FISKUM

Likevel meiner ho nokre skal vere forsiktig med å kaste seg ut i det store blå.

For dei som har hjarteproblem kan det nemleg vere dødeleg.

– Det kan vere farleg for dei som har ubehandla eller ustabile hjarte- og karsjukdommar eller epilepsi. For friske menneske kan isbading vere godt for helsa og betre livskvaliteten.

Har du isbada nokon gong?

Ein gladare befolkning

22 år gamle Emilie Holst Hagen frå Bodø er ikkje i tvil på at ho trur eit kaldt bad kan ha positiv effekt.

– Spesielt for oss som bur her i nord med mørketida. Dette kan vere ein aktivitet som får oss ut, i tillegg hjelper det mot stress og depresjon.

Ho trur adrenalinkicket kan hjelpe med å gjere dagane mindre monotone. I tillegg er isbading noko ein gjer saman med andre. Ho har fått mange nye vener med isbadinga.

– Kanskje gjer det òg at vi får ein gladare befolkning.

Takk for at du las heile saka. Send meg gjerne eit tips om du vil at eg skal skrive om noko anna! 

Vil du lese meir? Her er nokre tips: