Isbading mot depresjon: – Hjelpte meir enn både terapi og medisinar

Isbading kan hjelpe mot depresjon viser ny forsking. For Dagmar frå Bodø var det vegen ut av tungsinnet.

Kaldt vatn. Isande kaldt vatn.

Det er kanskje ikkje det du har lyst til å kaste deg uti no som nettene vert lange.

Og kanskje særleg ikkje om du kjenner deg trist eller deprimert.

Men eit forfriskande kaldt bad kan vere nettopp det som skal til for å jage vekk depresjon, viser ny forsking.

For Dagmar Dahl i Bodø hjelpte korkje medisinar eller terapi. Då vart bading løysinga.

No forskar ho på isbading for å finne ut kvifor det fungerte så godt.

Dagmar Dahl brukte isbading for å komme ut av depresjon.

Dagmar Dahl brukte isbading for å kome ut av depresjon.

– Hjelpte meg ut av det svarte holet

NRK møter isbadar Dagmar Dahl når ho er på veg til et av isbada som ho nå gjer jamleg.

– Det er godt for kropp og sjel, og det er rett og slett ei veldig sterk naturoppleving. Det er ein slags rus, seier ho.

Dahl begynte å svømme i det iskalde vatnet for lenge sidan. Men i fjor møtte ho veggen. Då vart isbadinga løysinga.

– Det var det som hjelpte meg mest ut av det svarte holet. Eg kjente klart at det hjelpte.

Dagmar Gerda Martha Dahl

Dagmar Dahl held på med issvømming i Bodø.

Foto: Privat

Ho starta isbadegruppa Bodø Penguins for to år sidan. Gode vener der sørgde for at ho kom seg med på kvart einaste bad, også då ho vart deprimert.

– Det var flaks at eg heldt på med issvømming. Elles hadde eg nok hatt det endå tøffare. Det hjelpte meg å kome raskare tilbake. Det hjelpte meir enn både terapi og medisinar.

Dahl er førsteamanuensis på Universitetet Nord og har idrettsvitskap som sitt kompetansefelt.

Allereie før ho fekk kjenne på eigen kropp korleis det verka inn på tungsinnet hadde ho forska på den iskalde aktiviteten. Men opplevinga gav inspirasjon til å halde fram med forskinga.

Dagmar Gerda Martha Dahl

Dagmar Dahl er midt i eit forskingsprosjekt der ho forskar på det psykologiske og filosofiske samspelet i isbading.

Foto: Privat

Trening for blodårene

Og det er fleire enn Dahl som no forskar på isbading.

Kommuneoverlege i Bodø, Kai Brynjar Hagen, fortel at isbading gir ein brå auke i aktivitet i nesten alle kroppens system.

Smittevernoverlege i Bodø kommune, Kai Brynjar Hagen

Kommuneoverlege i Bodø, Kai Brynjar Hagen.

Foto: Ole Dalen / NRK

– Når du hoppar ut i kaldt vatn vil du få ei kraftig samantrekking av alle blodårer i huda. Det skjer også med nervekoplingane som går inn til dei indre organa, fortel han.

Når du igjen blir varm går blodårene tilbake til slik dei var før møtet med det kalde vatnet.

– Det vil seie at her har du ein unik måte på trene blodårer i indre organ som du elles ikkje får til å mosjonere.

Maja-Lisa Løchen, hjartespesialist og overlege ved hjartemedisinsk avdeling ved UNN, seier ho er kjent med at bad i kaldt vatn kan vere positivt for helsa.

– Det kan sjå ut til at isbadarane vert betre på å førebyggje luftvegsinfeksjonar.

Isbader mot depresjon

Maja-Lisa Løchen, hjartespesialist og overlege ved hjartemedisinsk avdeling ved UNN.

Foto: MARIUS FISKUM

Likevel meiner ho nokre skal vere forsiktig med å kaste seg ut i det store blå.

For dei som har hjarteproblem kan det nemleg vere dødeleg.

– Det kan vere farleg for dei som har ubehandla eller ustabile hjarte- og karsykdommar eller epilepsi. For friske menneske kan isbading vere godt for helsa og betre livskvaliteten, seier Løchen og minner samstundes om at ein ikkje skal isbade åleine.

Lykkelegare for ein kort stund

Ifølge mellom anna forsking publisert i tidsskriftet Explore i april i år kan isbading ha fleire positive effektar på psyke og helse.

Isbading har vorte sett under lupa også hos fleire psykologar og behandlarar. Blant dei som har trua på denne behandlingsforma er psykolog og forfattar Carina Carl.

Dagmar Dahl, isbader

Dagmar Dahl gjør seg klar for å skifte til badedrakt.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

– Når vi badar i kaldt vann vert det sleppt fri ein del signalstoff i hjernen som verkar positivt inn på stemningsleiet, seier ho.

Det er nemleg alarmberedskapen i kroppen som vert utløyst med temperaturskiftet. Då vert endorfin, ofte kalla lykkehormon, skilt ut.

Det gjer at ein for ei kort stund kjenner seg lykkelegare.

Men det varer ikkje lenge. Ifølge Carl kan ein merke det frå nokre minutt til omkring ein time etter badet.

– Eg tenker at det ikkje kan stå aleine som behandlingsform. Men for dei med lett til moderat depresjon vil det i nokre tilfelle vere nok.

I tillegg peiker ho på at det er ei god anledning til å verte bevist pusten og roe han ned.

– Ein må puste annleis i møte med vatnet. Det har òg ein effekt.

Dagmar Dahl, isbader

Minusgradar skremmer ikkje Dagmar frå å bade.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

Kjenner seg eitt med naturen

Tilbake i Bodø er Dagmar Dahl på veg ut i vatnet som held fire grader. I lufta er det heile sju minusgradar.

– Det er tida på land som er verst, seier ho.

Men ho kvir seg likevel ikkje til den iskalde svømmeturen.

– Det er og ei spesiell naturoppleving om er viktig for dei fleste. Samstundes som eg vert meir utsett, kjenner eg meg som ein liten del av naturen.

Har du nokon gode tips eller innspel til saker eg bør sjekke ut? Tidlegare har eg skrive saker om mellom anna mysteriet om sjøkabelen som forsvann, Coops nye gigantpakkeri, sjøfugl som forvinn frå Lofoten og at norsk garn ikkje er av norsk ull